Home

Arkivhistorie er eit spennande emne. Det gjeld arkivdanninga si historie, dvs om dei skiftande kulturelle, rettslege og administrative vilkåra for nedteikning, utforming og arkivering av informasjon, kunnskap som er nødvendig for å forstå arkivdokumenta i sin opphavlege samfunnsmessige kontekst slik at dei kan gi meining for oss i dag. Og det gjeld arkivbevaringa si historie, dvs historia om kva som til ei kvar tid har blitt bevart, beskrive og gjort tilgjengeleg i eit reelt eksisterande arkivlandskap, altså ikkje berre dei formaliserte offentlege arkivinstitusjonane, men også den underskogen av institusjonar, organisasjonar og enkeltpersonar som til alle tider har tatt vare på arkivmateriale. Ein sentral del av arkivhistoria handlar sjølvsagt om arkivarane sine roller, handlingar og sjølvforståing i danninga, bevaringa, beskrivinga og formidlinga av arkiva og dei faglege diskursane som til ei kvar tid har vore dominerande. Kunnskap om vår faglege historie er viktig, fordi den kan hjelpe oss til å utvikle ei reflektert forståing av vår eigen historisitet og våre samfunnsroller som arkivarar, både i forvaltninga og arkivinstitusjonane.

Tittelen på dette foredraget spelar på slagordet som rundt tusenårsskiftet vart eit mantra for arkivarar ville erstatte den gamle praksisen med å vente på at folk skulle oppsøke arkiva med aktive formidlingstiltak. Framveksten av arkivformidling som eige arbeidsfelt var uttrykk for utviklinga av arkivfaget frå (og her introduserer eg to relativt spisse spissformuleringar) «systemfag» til «samfunnsfag». Den klassiske arkivistikken sitt formål var å beskrive og bevare arkiva i sine opphavlege system, punktum, men dette vart etter kvart opplevd som utilstrekkeleg. Introduksjonen av bevarings- og kassasjonsvurdering som eit nytt fagområde representerte eit første steg mot å gjere arkivistikken til eit samfunnsfag; her var det ikkje arkivsystemet som var det viktigaste, men å velje ut dei arkivdokumenta som skulle bli historiske kjelder og dermed forme framtidige samfunn sin kunnskap om fortida. Denne utviklinga held fram då innføringa av offentlegprinsippet i stendig fleire land gjorde offentlege arkiv til verktøy for demokratisk kontroll av makthavarane og den akselererte med den digitale revolusjonen. Arkivfaget vart utvida til å behandle både danning, bevaring og formidling av arkiv og det vart utvikla teori og metodologi knytt til dei ulike ledda i arkivkontinuiteten. Arkivistikken vart ein vitskapleg disiplin.

Utviklinga frå «systemfag» til «samfunnsfag» betyr ikkje at arkivsystema har blitt mindre viktige. Snarare tvert om, arkiv i dag er meir integrert i samfunnslivet enn nokonsinne tidlegare og dette gjer systema viktige. Arkivarar verda over har lagt ned store ressursar på å identifisere funksjonelle og tekniske føresetnader for å skape og bevare elektroniske arkiv som autentisk dokumentasjon over tid. Men grunngjevinga for dette systemarbeidet er dei samfunnsmessige funksjonane som arkiva har og vil ha i framtida.

Den kanadiske arkivvitaren Terry Cook gir i ein artikkel i Archival Science (2012) ei meir nyansert framstilling av den arkivfaglege utviklinga enn det eg gjorde innleiingsvis. Han meiner at arkivfaget dei siste 150 åra har gått gjennom fire «paradigme». Han skisserer ei fagleg utvikling som startar med den juridisk-legalistiske tilnærminga som dominerte på 1800-talet og dei første tiåra av 1900-talet, og som vart avløyst av det han kallar det kulturhistoriske «paradigmet» då det faglege fokuset flytta seg til arkiv som kulturhistorisk kjelde, og bevaring/kassasjon – «appraisal» – vart ein sentral arkivfagleg aktivitet. Mot slutten av 1900-talet voks det fram det han kallar ei «samfunnsengasjert» tilnærming som la vekt på aktivitetar som aktive formidlingstiltak, aktiv innsamling av dokumentasjon av grupper og samfunnsområde som var underrepresentert i arkivsamlingane og arkiva si rolle som personleg rettsdokumentasjon, altså «arkiv for rettferd» og som grunnlag for demokratiske kontroll av makthavarane. Til kvar av desse «paradigma» svarer ulike samfunnsroller for arkivarane: Mens arkivaren var ein passiv kurator i det juridisk-legalistiske «paradigmet», innebar den kulturhistoriske tilnærminga ei rolle som «active appraiser» og det samfunnsengasjerte ei rolle som «societal mediator», altså mellomleddet mellom samfunnet og arkivet.

Desse tre «paradigma», som eg heretter vil kalle tenkjemåtar eller diskursar, vil vere velkjent for denne forsamlinga. Men han identifiserer også ei fjerde diskurs – «community archiving» – noko som så langt har fått lite merksemd her til lands. Eg skal kome tilbake til denne seinare i innlegget.

Den faglege utviklinga som Terry Cook beskriver, skal ikkje forestille ein lineær progresjon der nye formelle tankesystem suksessivt har erstatta det føregåande; han understrekar sjølv at handlar om ulike «frameworks» eller «mindsets», altså måtar å tenkje om arkiv og arkivering på. Dei ulike diskursane representerer fagleg utvikling, men ikkje slik at dei nye har fortrengt dei gamle; vi kan heller sjå det som ei utvikling av den arkivfaglege breidda, der ulike tilnærmingar eksisterer parallelt og i stendig strid med kvarandre. For meg er nettopp eksistensen av slike ulike teoretiske og metodologiske retningar uttrykk for at arkivfaget har utvikla seg til å bli ein eigen vitskapleg disiplin; vi har lagt bak oss det stadiet der hovudspørsmålet var «korleis» ting skulle gjerast, no diskuterer vi heller «kvifor».

Terry Cook si framstilling av dei fire diskursane kan vere eit godt utgangspunkt for å få oversyn over vår faglege historie. Men når eg skriv dette, synest det openbart at Cooks utsiktspunkt i Canada er noko forskjellig frå mitt arbeidsrom i Ulsteinvik. Han skriv om eit internasjonalt arkivfagleg miljø der akademisk forsking og utdanning dei siste 30 åra har spela ei stadig viktigare rolle og sett tydelege preg på dei faglege diskursane, mens det norske arkivmiljøet som eg har vore del av i snart 30 år har vore dominert av eit statleg arkivverk som har sett det som si hovudoppgåve å bevare statens arkiv og – som ledd i dette arbeidet – etablere og promotere arkivsystem og regelverk som skal gjere det mogleg å bevare statlege (og andre offentlege) arkiv som autentisk, påliteleg og tilgjengelig dokumentasjon av arkivskaparane si verksemd. Den faglege innsatsen har vore prega av regelverksforvaltning, der heimelen i arkivlovas § 1 har vore retningsgivande og dei verkemidla som er gitt i §§ 7 – 20 har gitt rammene. Om vi skal bruke Cooks kategoriar må vi kunne seie at den juridisk-legalistiske tenkjemåten, med sitt fokus på arkivet som evidens og forvaltningsdokumentasjon, har stått sterkt, men i sameksistens med den kulturhistoriske forståinga av arkivet som historisk kjelde.

Det kommunale arkivmiljøet, som dei siste 25 åra har utfordra den statlege dominansen på fleire område, har i hovudsak gjort dette innanfor desse to diskursane. Dei viktigaste stridsemna har handla om proveniensen til dei såkalla «gråsonearkiva», om maktdeling mellom Riksarkivaren og dei kommunale arkiva (t.d. retten til å utforme bevaringskriterie) og kommunal deltaking i arbeidet med å utvikle standardar og regelverk. I den grad det kommunale miljøet har representert noko arkivfagleg alternativ var med med ei større vektlegging av den juridisk-legalistiske tenkjemåten gjennom den høge prioriteringa av arkivdanninga i kommunane og ei tilsvarande nedprioritering av den kulturhistoriske verksemda.

Kva så med privatarkivmiljøet? Cook reknar interessa for privatarkiv som ei følgje av den kulturhistoriske tenkjemåten; innsamling og bevaring av privatarkiv var begrunna med behovet for forskingskjelder som dokumenterte noko anna enn det offentlege. Men eg meiner det går eit skilje mellom ei«moderat» tilnærming, der privatarkiva blir sett på som eit «supplement» til dei offentlege arkiva, og ei tilnærming der privatarkiva representerer likeverdige bevaringsobjekt med dei offentlege arkiva.

Og dette skiljet handlar om synet på arkivinstitusjonane sitt samfunnsoppdrag: Erkjenninga av at systematisk innsamling og bevaring av privatarkiv er eit nødvendig vilkår for å for å skape ein nokolunde heilskapleg samfunnsdokumentasjon, er uttrykk for eit anna syn på samfunnsoppdraget enn det som følgjer av dei juridisk-legalistiske og kulturhistoriske tenkjemåtane: Arkivinstitusjonane skal ikkje avgrense seg til å ta i mot avleveringar frå sine oppdragsgivarar eller eigarar og evt supplere desse med «viktige» privatarkiv som er interessante for forskinga; dei skal etter beste evne dokumentere heile samfunnet si utvikling for heile samfunnet, altså med breiare bruksformål enn berre forsking: «arkiv frå alle, for alle og til alle». Denne «samfunnsengasjerte» tenkjemåten har vore representert i privatarkivmiljøet sidan 1980-talet, men har for alvor slått igjennom etter tusenårsskiftet og har m.a. kome til uttrykk i prosjekta for å samle inn arkiv frå innvandrarorganisasjonar i Oslo og Drammen.

Det som i særleg grad karakteriserer den norske varianten av den «samfunnsengasjerte» diskursen er fokuset på arkivformidling. Debatten om arkivformidling midt på 00-talet er kanskje den mest heitaste vi har hatt i det norske arkivmiljøet; her var motsetningane klare og karakteristikkane av meiningsmotstandarar kunne av og til gå langt utover vanleg arkival språkbruk. Det var nok fleire årsaker til dette, men eg skal nøye meg med å peike på to. Den eine handla om formidling kontra bevaring; dette var tilsynelatande eit spørsmål om kva ressursar som skulle brukast på dei to arbeidsområda, men eg meiner at vi kan ane motstridande syn på arkivinstitusjonane sine samfunnsroller bak ressursspørsmålet. Den andre handla om arkivaren si samfunnsrolle, som dåverande riksarkivar John Herstad karakteriserte som ein «diskusjon om arkivaren i rollen som historieforteller og aktør» som «høytidelig sagt» var «en diskusjon om arkivinstitusjonenes sjel». Og Herstad hadde i ein forstand rett: Det å velje ut arkivmateriale, bearbeide det og formidle eit «ferdig produkt» var eit brot med den tradisjonelle posisjonen der arkivinstitusjonane leverte «råvarer» som brukaren sjølv måtte bearbeide og vet foredle. Dette var eit brot med Jenkinsons ideal om det upartiske arkivaren som på den eine sida ikkje måtte gripe inn i arkivdanninga og på den andre sida heller ikkje kan gjere endringar i dei arkiva som vart avlevert til institusjonane. Eit kvart inngrep ville svekke arkivas verdi som «impartial evidence of administration», difor måtte ikkje arkivarane befatte seg med bevaringsvudering og kassasjon, men overlate dette til dei arkivskapande administrasjonane. Denne rolleforståinga var forankra i den klassiske arkivistikkens arkivteori, der arkivet vart forstått som eit nøytralt, organisk produkt av arkivskaparens verksemd og høyrer i den juridisk-legalistiske diskursen. Men den har overlevd, trass i at både Noark-spesifikasjonane og innføringa av reglar for bevaring og kassasjon inneber intervensjonar i arkivdanninga og arkivbevaringa som Jenkinson neppe hadde applaudert.

Dersom arkiv verkeleg var «impartial evidence of administration» som Jenkinson ser ut til å ha meint, og dersom den bevarte arkivbestanden var eit representativt samfunnsminne, kunne det – teoretisk – vore mogleg for ein arkivar å handtere arkivmateriale på ein verdinøytral måte. Men slik er det ikkje; det enkelte arkivet er både i innhald og form prega av arkivskaparens tankesett, arbeidsmåtar og informasjonsbehov. Dersom ein arkivar berre passivt vidarefører arkivskaparens system vil vedkommande vidareføre arkivskaparens verdiar og dei ekskluderingane og marginaliseringane som finst i arkivet. Og den arkivbestanden som i dag finst i arkivinstitusjonane favoriserer offentleg og særleg statleg forvaltning, som følgje av den forvaltningsbaserte arkivforståinga som har styrt norsk arkivpolitikk (og som også skal gjere det i framtida, skal vi tru arkivmeldinga). Den dokumenterer ikkje samfunnslivet, men den statlege og kommunale maktutøvinga.

Skal arkivarane dermed vere partiske? Den amerikanske arkivvitaren Randall Jimerson meiner at det er umogleg for arkivarar å vere nøytrale, men ein må likevel akseptere det han kallar «the responsibility of professional objectivity. This seeming contradiction involves applying appropriate standards of archival principles while seeking to overcome many centuries in which archives strengthened the rulers and marginalized the powerless classes» (Jimerson 2009:295). Jimersons forslag om å erstatte «nøytralitet» med «objektivitet» handlar i første rekkje om å erkjenne at den arkivale dokumentarven er selektiv og partisk; det er makthavarane sine arkiv, synspunkt og forteljingar som dominerer. I dette perspektivet inneber eit ansvar for objektivitet å supplere den bevarte arkivbestanden med andre arkiv, arkiv som er skapt av andre aktørar og som målber andre forteljingar om samfunnet. Men denne tilnærminga kan også brukast i ein rettsdokumentasjonskontekst: Når det er openbart at ein person har opplevd offentleg forsømming, diskriminering og kanskje også overgrep, er det like openbart at ein kommune (eller staten) har ansvar for at dette har skjedd. Ei objektiv tilnærming inneber då å ta parti for den forsømte parten for å bidra til at urett blir erstatta med rettferd. Mens ideen om «nøytralitet» passiviserer arkivaren, inneber kravet om «objektivitet» aktiv handling. På denne måten blir den samfunnsengasjerte diskursen ei fagleg frigjerande kraft.

Eg har i fleire samanhengar hevda at den arkivfaglege utviklinga dei siste tiåra har nær samanheng med samfunnsutviklinga generelt og arkiva sine samfunnsmessige funksjonar spesielt. Den politiske utviklinga nasjonalt og internasjonalt mot ei meir gjennomsiktig forvaltning har gjort arkiva til eit viktig verktøy for «accountability», demokratisk kontroll av myndigheitene. Samtidig har den teknologiske utviklinga ført til ein arkival revolusjon som fundamentalt har endra vilkåra for kva som kan arkiverast, korleis informasjon blir skapt, brukt og arkivert og korleis arkiva kan gjerast tilgjengelege. Eit av uttrykka for denne utviklinga er at samfunnsaktørar – det vere seg enkeltpersonar, organisasjonar, private og offentlege verksemder – skaper og brukar arkiv på måtar som vi knapt kunne førestille oss for ti år sidan. Dei utfordringane denne har ført til for offentleg arkivdanning burde vere velkjente; vi har diskutert dei og leita etter løysingar i 20 år utan å kome så veldig langt, men dette er ikkje tema for mitt foredrag i dag. Eg skal i staden snakke om andre, og kanskje vel så viktige utfordringar.

Den nye teknologien, og særleg Internett, har forsynt verda med nye og lett tilgjengelege verktøy for å skape og dele informasjon. Sosiale media og bloggplattformer som Twitter, Facebook, YouTube, Instagram, Tumblr etc osb har gitt enkeltmenneske og grupper muligheiter som ikkje fanst tidlegare til å lagre og dele informasjon, og faktisk skape nye former for arkiv. Aksjonar som Ja til Bergensbanen 4 timer, eller Nei til monstermaster i Mærradalen brukar Facebook som arena for å kommunisere, organisere og leggje press på politikarane, gruppa Lokalhistorie Lovund brukar Facebook til å «legge ut gamle bilder, filmer eller annet lokalhistorisk stoff fra Lovund. Del, diskuter og mimre!», og dei er i selskap med tusenvis av andre organisasjonar som brukar ulike internettenester som arkiveringsplattformer. Mange – sannsynlegvis det store fleirtalet – av desse organisasjonane ville ikkje ha eksistert utan internett. Og dei er uttrykk for den nye tendensen som blir kalla «community archiving», der «communities» dvs ulike typar samfunnsgrupper skaper arkiv for å dokumentere, skape og kommunisere eiga historie, identitet, aktivitet, osb. Samanlikna med det tradisjonelle organisasjonslivet med sine handskrivne møteprotokollar og lagsaviser handlar dette om noko nytt: organisasjonane er ikkje basert på hierarkiske strukturar og lagsarbeid i samsvar med Einar Gerhardsen Tillitsmannen, men basert på interaktivitet på nettet.

Spørsmålet er korleis arkivinstitusjonane skal handtere desse nye arkivuttrykka. Er dette arkiv som er bevaringsverdige? Svaret på dette spørsmålet er sjølvsagt avhengig av ei kontekstuell vurdering av kvar enkelt arkiv, men det bør vere openbart at mange av desse arkiva bør bevarast. Dersom arkivinstitusjonane skal bevare ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon, må denne gi eit mest mogleg dekkjande bilete av mangfaldet i samfunnet. Dette føreset ei systematisk bevaring av arkiv frå alle typar samfunnsaktørar, i alle former og format og på alle media, som kan formidle dei ulike aktørane sine versjonar av handlingar, hendingar og opplevingar. Og det seier seg vel sjølv at innsamling av tradisjonelle arkivformer ikkje kan dokumentere det nye virtuelle organisasjonslivet på nokon dekkjande måte. Slike arkiv må bevarast dersom framtida skal kunne få tilgang til nokolunde representative kunnskapskjelder om vår samtid: Spørsmålet er korleis dette kan gjerast, og her tenkjer eg ikkje på den tekniske sida, men på dei faglege, opphavsrettslege og etiske sidene ved å samle inn, dokumentere og bevare denne typen arkiv.

Talspersonane for «community archiving»-diskursen meiner at det er nødvendig å bryte med den den tradisjonelle oppfatninga av bevaring føreset overføring av arkivet til ein arkivinstitusjon. I staden bør institusjonsarkivarane fungere som rådgivarar for grupper som skaper slike arkiv slik at dei kan bevare arkiva sine sjølve dersom dei ikkje ønskjer å overføre dei til ein arkivinstitusjon. Og ein del slike grupper er skeptiske til dette, fordi dei profesjonelle arkivinstitusjonane representerer makta – det vere seg staten, kommunar eller den organiserte arbeidarrørsla. Slik skepsis kan sjølvsagt overvinnast, og det bør vere eit mål å gjere det, men det kan ikkje vere eit vilkår for å sørge for at arkiv blir bevart.

Endringane i arkivinstitusjonane sine samfunnsoppdrag har sjølvsagt samanheng med samfunnsutviklinga generelt, og det har alltid vore fagleg – og politisk – kamp om utviklingsvegen. For 25 år sidan foreslo NOU 1987:35 – den einaste arkivutredninga vi har hatt – tiltak som skulle gi betre rammevilkår for arbeidet for å bevare private arkiv, m.a. forpliktande formuleringar i forslaget til arkivlov. Dette forslaget vart avvist og vi fekk den arkivlova vi har i dag. I 1999 kom ABM-meldinga med tankar som sette brukaren av arkiva (og bibliotek og museum) i sentrum. Formålet var demokratisering av tilgangen til kulturarvressursane og verkemidla for å kunne realisere dette var dels å gi enkel tilgang til «kunnskap og opplevingar», dels å utvikle aktive formidlingstiltak i institusjonane. ABM-tekninga var også maktkritisk; den sette fokus på å synleggjere dei delane av samfunnet som hadde vore marginalisert og usynleggjort, samtidig som den tverrsektorielle tilnærminga utfordra dei eksisterande maktstrukturane i institusjonslandskapa. Etableringa av ABM-utvikling i 2003 førte til at arkivinstitusjonane for første gong fekk tilgang til frie utviklings- og prosjektmiddel. Men ABM-utvikling var frå starten av under press. Eg var avdelingsdirektør med ansvar for arkiv 2003-06 og veit av eiga erfaring at leiarane for dei etablerte nasjonale institusjonane ikkje berre var positive til den nye aktøren. Det vart ein kamp om makt og revir, og i dag veit vi kven som har sigra. Arkivmeldinga 2012 representerer ei tilbakevending til situasjonen før ABM-eksperimentet; dei frie ressursane til utviklingstiltak – meir enn 30 mill har blitt løyvd til arkivtiltak dei siste ti åra – kan bli redusert og i verste fall forsvinne heilt og støtteordninga til privatarkiv – 14 mill dei siste fire åra – kan bli reservert for musea.

Mot dette bakteppet kan det kanskje synest malplassert å stå her og argumentere for at arkivinstitusjonane skal utvide sine samfunnsoppdrag og engasjere seg i nye aktivitetar. Men eg trur at den einaste vegen ut av den bakevja som arkivmeldinga i verste fall kan føre arkivlandskapet inn i, er ei aktiv satsing på tiltak som kan knyte arkiva tettare til dei menneska dei er til for, som dei skal dokumentere liva til og som dei skal tilgjengeleggjere og formidle materialet til.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: