Home

Innleiing på LLPs landskonferanse april 2010

Godtfolk, dette innlegget har endra seg mykje i løpet av skriveprosessen. Det starta med ein ide om å gjere ei kritisk vurdering av dei digitaliserte ressursane som har blitt publisert på internett av arkivinstitusjonane, i første rekkje dei digitale forteljingane på «Digitalt fortalt». Men så skjedde det saker som gjorde det nødvendig å endre innretninga på innlegget; eg siktar sjølvsagt til den prosessen som den politiske leiinga i kulturdepartementet har sett i gang for å avvikle ABM-utvikling (i alle fall i si noverande form). Denne prosessen, som av statsråden har blitt forklart og grunngjeven med eit ønske om å «unngå dobbeltadministrasjon», handlar i praksis om eit viktig kulturpolitisk linjeskifte i høve til dei føringane som vart lagt, først av ABM-meldinga i 1999 og som vart vidareført i kulturmeldinga frå 2003. Eg skal straks kome tilbake til dette.

Men først ei nødvendig avgrensing: Når eg snakkar om digitalisering i dette innlegget, snakkar eg om den overføringa av analog informasjon til digitale format som har tilgjengeleggjering eller formidling som formål. Digitalisering kan jo også ha andre formål, t.d. å gjere analoge saksdokument tilgjengeleg for saksbehandling, eller som eit bevaringstiltak fordi originaldokumenta er i ferd med å bli øydelagt. Eg ser altså bort frå digitalisering for saksbehandling og bevaring i dette innlegget og snakkar om digitalisering for formidling. Grunnen til denne avgrensinga vil nok bli tydeleg etter kvart.

(RAMMEVILKÅR FOR DIGITALISERING)

Innleiingskapitlet til ABM-meldinga frå 1999 startar slik:

I eit breitt kulturpolitisk perspektiv spelar arkiv, bibliotek og museum ei viktig rolle gjennom å velja ut, ta vare på og leggja til rette ulike former for kunnskapskjelder og informasjon. I eit slikt perspektiv er ingen av institusjonstypane mål i seg sjølve. Dei representerer ulike organisatoriske løysingar og hjelperåder som eit samfunn på ein

medveten måte etablerer for å oppnå ein del samfunnsverdiar som det er allmenn semje om bør finnast. Kort kan desse samfunnsverdiane formulerast som like rettar til informasjon og kunnskapskjelder som set einskildindividet i stand til å vera deltakar i eit levande demokrati og som kan vera grunnlag for at samfunnet kan tilby einskildindivida like høve til å utvikla seg som aktive samfunnsdeltakarar. Arkiv, bibliotek og museum har til felles at dei skal forvalta materiale frå, og formidla kunnskap om, både fjern og nær fortid. Samla rår dei over eit tilfang som gjer det mogleg å setja notida inn i eit historisk perspektiv og såleis fremja ei forståing av at samfunnet i vår tid byggjer på det tidlegare generasjonar har etterlate seg.

Fellesskapen mellom dei tre sektorane er vorten endå sterkare gjennom aukande bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) både i ordning og forvaltning av samlingar og materiale og i formidlingsarbeidet overfor publikum. Dessutan handterar dei tre institusjonstypane i aukande grad digitalt materiale, anten i form av digitalisert representasjon av anna originalmateriale, eller materiale som berre eksisterer i digital form. Dette kan føra til at arbeidsmåtane vil verta meir likearta, og det er naturleg å vurdera nærare korleis samordningspotensialet kan utviklast slik at brukarane kan få lettast mogleg tilgang til kombinerte tenester.

Målet med stortingsmeldinga er såleis å forma rammevilkår som kan gje grobotn for å trekkja full nytte av det potensialet for samordning og samarbeid som ligg føre mellom arkiv, bibliotek og museum, samstundes som det vert lagt til rette for å utvikla dei sektorspesifikke sidene. Samla skal dei kunna yta betre tenester overfor samfunnet (mine kursivar).

ABM-meldinga sette altså brukaren av arkiv, bibliotek og museum i sentrum. Formålet var ei moderne – eller kanskje heller postmoderne – form for folkeopplysning: enkeltmenneska sin rett til kunnskap og informasjon som kunne gjere dei til aktive deltakarar i samfunnet. Dette demokratiske perspektivet var grunnleggjande i det vi kan kalle «ABM-tenkinga», og eit viktig verkemiddel for å kunne realisere det var å gi enkel tilgang til digital informasjon.

Ideelt skulle «kjelder til kunnskap og oppleving» gjerast tilgjengeleg ein virtuell stad, slik at brukaren ikkje på førehand måtte finne ut om informasjonen fanst i eit arkiv, eit bibliotek eller eit museum. Men føresetnaden for å oppnå eit slikt mål var for det første at informasjonen vart digitalisert og for det andre at det vart etablert ei form for felles søketeneste som kunne sortere vekk den støyen som vanlegvis er resultatet av t.d. eit googlesøk. Målet med ABM-meldinga var difor å etablere rammevilkår som kunne realisere dette målet, og det første tiltaket var etableringa av ABM-utvikling. ABM-utvikling skulle vere eit utviklingsorgan for sektorane, og som det viktigaste verkemiddelet for å kunne bidra til å nå dette målet skulle ein få disponere «monaleg med prosjektmiddel» som arkiv, bibliotek og museum kunne søke om (Her skulle eg sitere frå formålsparagrafen i ABM-utviklings vedtekter, men denne ligg ikkje lenger offentleg tilgjengeleg på ABMs nettsider; du må logge deg inn med brukarnamn og passord for å få tilgang til den. Hm).

I dag veit vi at det aldri kom «monalege» prosjektmiddel til ABM-utvikling, og vi veit også at målet om ein felles, enkel tilgang til digitale ABM-ressursar ikkje har blitt realisert. Det kunne vere freistande å bruke meir av dette innlegget til å analysere kvifor dette målet ikkje har blitt nådd (eg har jo litt innsidekunnskap sidan eg var avdelingsdirektør i den dåverande utviklingsavdelinga i fire år), men det får vente til ein annan gong. Eg skal berre trekke fram to faktorar som har hatt mykje å seie: Den eine kan vi kategorisere under merkelappen «tyngdekrafta verkar»: ein viss motstand i dei tre sektorane mot ABM-tenkinga – i alle fall i praksis. Den andre, og truleg viktigare faktoren, har med storleiken og disponeringa av utviklingsmidla å gjere. Innanfor dei rammene som fanst – på det meste rundt 25 mill – kunne ikkje desse brukast til digitalisering eller til det som vart rekna som «ordinære driftsoppgåver»; slike tiltak måtte institusjonane finansiere over sine eigne budsjett. Det er mogleg at situasjonen hadde vore annleis om ABM-utvikling hadde fått dei 75 – 80 mill som vart rekna som «monalege», men det veit vi ikkje. Men denne likestillinga mellom digitalisering og ordinære drift finn vi att i eit nyare dokument, stortingsmeldinga om ein «Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv» som kom i fjor.

Denne meldinga fastset dei nasjonale rammevilkåra for digitalisering av kulturarvsmateriale, herunder arkiv. Eg har lese den, og er ikkje imponert. Den minner mest om ein norsk skihoppar (som i denne samanhengen skal få vere anonym) i eit worldcuprenn; innsatsen i ovarennet er grei nok, men så sviktar han i satsen, kjem lavt ut frå hoppet, – og landar på kulen. Og slik er det med digitaliseringsmeldinga også: beskrivinga av mål og status er grei nok, men dei tiltaka som er foreslått følgjer ikkje opp.

Visjonen i meldinga er «å gjøre mest mulig av samlingene i våre arkiv, bibliotek og museer tilgjengelige for flest mulig ved fremtidsrettet bruk av IK-teknologiske løsninger. Samlingene skal være søkbare og tilgjengelige på tvers av hele abm-feltet, og innholdet skal formidles på en brukerorientert måte». Behovet for digitalisering blir begrunna med at institusjonane har viktig historisk kjeldemateriale som kan fungere som grunnlag for nasjonal og kulturell identitet, at dette materialet (i motsetning til mykje anna på nettet) kan framstå som autentisk og påliteleg, og at digitaliseringa kan auke tilgangen til «relevant og kvalitativt godt materiale innenfor de opphavsrettslige og andre begrensninger som til enhver tid vil gjelde for bruk av kildemateriale i kulturarvinstitusjoner». Bruk av «sosiale nettverksteknologier og wiki-initiativ vil materialet også kunne brikes og få ny betydning i takt med samfunnsutviklingen».

Og dette er jo pent. Men korleis meiner regjeringa at vi skal nå desse måla?

For det første skal satsinga (sic!) «ta utgangspunkt i det ansvaret de eksisterende samlingsbevarende institusjonene har for å digitalisere, forvalte og formidle materialet i egne samlinger». Men kva ansvar har ein arkivinstitusjon, t.d. eit IKA, for å digitalisere materiale i sin arkivbestand? Dersom vi ser på dei minimumskrava som er stilt til arkivdepot i arkivforskrifta, så seier den ingenting om dette. Her heiter det at arkivdepot skal

leggje tilhøva til rette slik at publikum kan gjere bruk av arkivmaterialet innanfor dei rammene som følgjer av gjeldande føresegner om innsynsrett, teieplikt og gradering. Arkivdepotet avgjer ut frå omsynet til forsvarleg arkivbehandling korleis materialet skal gjerast tilgjengeleg, og skal i rimeleg mon etter oppmoding gi avskrift, utskrift eller kopi av dokument (§5-6).

Altså – i rimeleg mon. Arkivinstitusjonane er dermed avhengige av sine oppdragsgivarar, i kva grad desse er viljuge til å betale for ei «satsing» på digitalisering som formidlingstiltak.

Vidare slår meldinga fast at det må «erkjennes at det på enkelte områder er behov for samordning og samarbeid for å komme frem til det ønskelige resultatet». Men denne samordna skal ikkje vere tverrsektoriell. På arkivfeltet er dette ansvaret lagt til Riksarkivet: «Arkivverket skal være hovedaktør i digitaliseringsarbeid på arkivfeltet. I tillegg til oppgaver og myndighet som er tillagt Arkivverket og Riksarkivaren etter arkivlova, skal Arkivverket ha ansvaret for nasjonale katalogstandarder og digitale løsninger for søking i arkiv på tvers av alle typer arkivinstitusjoner.»

Denne setninga kan lesast som at Riksarkivet skal ha fullmakt til å bestemme katalogstandardar og teknologiske løysingar for arkivdigitalisering. Dersom dette er meininga, er det problematisk, og det er to grunnar til det. For det første er det neppe nokon lovheimel for å gi Riksarkivet slike fullmakter. For det andre – og det er viktigare – så er ein katalogstandard og tilgangsløysingar alt etablert gjennom ASTA og Arkivportalen, som er utvikla i samarbeid mellom Riksarkivaren og LLP – med solid økonomisk støtte frå ABM-utvikling. Setninga er også open for andre lesemåtar, men uansett er det synd at ein ikkje her har tatt utgangspunkt i det etablerte samarbeidet som finst om digital tilgjengeleggjering og formidling.

Samtidig er ABM-utvikling si rolle på digitaliseringsområdet blir drastisk redusert i høve til tidlegare. Meldinga slår fast at «ABM-utvikling skal ha koordinerende og tilretteleggende oppgaver for museene og privatarkivene utenfor Arkivverket, men ingen direkte operative oppgaver i digitaliseringssammenheng». Kva er det som manglar i dette setninga? Nettopp: orda «kommunale og fylkeskommunale arkiv». Lest bokstavleg står det her at ABM-utvikling ikkje skal spele nokon rolle i samband med digitalisering av kommunalt og fylkeskommunalt arkivmateriale. Kommunale og fylkeskommunale arkivinstitusjonar må altså sjølv finansiere sine digitale satsingar – det blir ingenting å hente frå statleg hald.

Dette er ikkje noko nytt. Denne logikken er symptomatisk for tilstanden i den norske statens arkivpolitikk. Denne byggjer nemleg på det grunnleggjande premisset om at bevaring av arkiv skal vere eit forvaltningsansvar; det er statens ansvar å bevare statens arkiv, eit kommunalt ansvar å bevare kommunale arkiv og følgjeleg eit privat ansvar å bevare private arkiv. Arkivlova og arkivforskrifta føreset at arkivskaparane tar ansvaret for «ordning og listeføring» av arkiv som avleverast til depot, underforstått: om dei ikkje gjer jobben sjølve, skal dei i alle fall bere kostnadene med den.

Denne ansvarsdelinga er på sett og vis ei logisk følgje av måten samfunnet vårt er organisert på, og den treng ikkje representere noko problem i seg sjølv. Men det er eit problem at den i praksis har blitt det einaste grunnleggjande premisset for statleg arkivpolitikk, ikkje berre når det gjeld dei lovbestemte minimumskrava til offentleg arkivbevaring og tilgjengeleggjering. men også for aktive tiltak som digitalisering og formidling – tiltak som løftar arkiva ut av den enkelte arkivskaparens domene og gjer dei til ein felles samfunnsressurs.

Årsakene til denne arkivpolitikken er fleire og samansette. Ei årsak kan vere at departementet heng fast i ei administrativ-juridisk arkivforståing, som legg einsidig vekt på arkiva sin funksjon som dokumentasjon av arkivskaparens handlingar og transaksjonar. Ei slik arkivforståing overser den samfunnsmessige karakteren til arkivskapinga. Arkiv blir vanlegvis skapt som følgje av samhandling mellom ulike samfunnsaktørar. Samhandlinga kan dreie seg om ei rekkje forskjellige forhold, den kan vere kortvarig eller langvarig og involvere to eller fleire aktørar. Desse aktørane – arkivskaparane – kan ha ulike formål for å arkivere informasjon om samhandlinga. Dokumentasjon av transaksjonar eller handlingar er openbart eit viktig formål for mange, men arkiveringsbehovet kan også dreie seg om å kommunisere idear, grunngi standpunkt, underbyggje krav, systematisere informasjon eller kanskje skape varige minne om noko som har hendt.

Både samhandlinga og arkiveringa vil vere prega av maktforhold i samfunnet. Visse samhandlingsrelasjonar byggjer på ein føresetnad om at den eine parten dokumenterer samhandlinga i sitt arkiv. Dette gjeld særleg forhold mellom private rettssubjekt og offentlege instansar, der lovverket har pålagt det offentlege arkivplikt og gitt den private parten rett til å kontrollere dokumentasjonen gjennom partsinnsynet. I slike tilfelle kan den eine aktøren gå ut frå at den andre parten dokumenterer forholdet og bevarer dokumentasjonen i samsvar med gjeldande lov- og regelverk. I dei fleste andre tilfelle er det likevel slik at aktørane sjølv må velje om dei vil dokumentere samhandlinga som arkiv. Nokre av desse arkiva vil vere flyktige, andre kan vere meir bestandige, og dei vil kunne fortelje forskjellige versjonar av det som skjedde i ein gitt samhandlingsprosess. Arkiv er, for å bruke Derridas ord «spor etter ei hending, nedteikna på eit ytre underlag» og desse spora som er forma av den som har nedteikna informasjonen.

Dei utallege arkiva som blir skapt av dei ulike samfunnsaktørane kan i prinsippet gi eit allsidig bilete av samfunnsutviklinga. Dersom den bevarte arkivbestanden skal gi eit adekvat bilete av mangfaldet i samfunnet, føreset dette ei systematisk innsamling av representative arkiv frå privatpersonar, organisasjonar, private bedrifter og offentlege organ, arkiv som kan formidle dei ulike aktøranes versjonar av ein handling, hending eller oppleving. Ei slik arkivforståing, som ser offentlege og private arkiv som integrerte delar av eit felles samfunnsmessig minne, ville måtte innebere ein heilt annan arkivpolitikk enn den vi har i dag.

Den rådande arkivpolitikken er openbart også prega av kulturdepartementet er Arkivverkets overordna, det organet som representerer staten som «eigar». Fram til 1980 var det norske arkivlandskapet i praksis synonymt med det statlege Arkivverket, og det var knapt nokon grunn til at arkivpolitikken skulle omfatte noko meir. Men dei siste tretti åra har det vakse fram eit arkivmiljø utanfor Arkivverket, i første rekkje i kommunal sektor. Dei interkommunale arkiva, byarkiva og fylkesarkiva har utvikla seg til ei sjølvstendig dynamisk kraft i arkivlandskapet. Dette har ikkje blitt premissgivande for dei arkivpolitiske vurderingane i kulturdepartementet. Den siste – og einaste – arkivutredninga, Samtidens arkiver – fremtidens kildegrunnlag (NOU 1987:35), vart skriven før dette nye arkivmiljøet hadde konsolidert seg og behandla difor i liten grad det kommunale arkivområdet. NOUen representerte likevel eit forsøk på å legge større vekt på bevaring av privatarkiv og dermed gi arkivpolitikken ei breiare innretning. I så måte må vi erkjenne at dette forsøket ikkje vann fram. I Ot.prp. nr. 77 (1991-92) om arkivlova avviste Kulturdepartementet forslaget om oppgradering av privatarkivarbeidet, den arkivlova som vart vedtatt i 1992 fastsette det prinsippet som statleg arkivpolitikk framleis byggjer på: Arkivbevaring skal vere eit forvaltningsansvar og ikkje eit samfunnsansvar.

Digitaliseringsmeldinga byggjer altså på desse premissane. Og når du skal lese ei stortingsmelding bør du alltid starte med å sjå kva som står til slutt, i det kapitlet som vanlegvis heiter «administrative og økonomiske konsekvensar». Og her står følgjande: «De skisserte tiltak i meldingen forutsettes dekket innenfor de gjeldende budsjettrammer». Altså: Det kjem ikkje nye, friske pengar til digitalisering. Så veit vi det.

Oppsummert: Digitaliseringsmeldinga inneber for det første ingen reell satsing på digitalisering. For det andre har den statlege politikken ingen plass for det regionale og lokale nivået, men legg heller opp til meir sentralstyring. Konsekvensen av denne politikken kan gjere den digitale allmenningen til ein arena for statsmakta sine forteljingar, og ikkje for eit spennande folkeleg mangfald. Men dette vil også vere avhengig av kva som skjer utanfor den statlege sektoren, av kva dei lokale og regionale arkivinstitusjonane gjer.

(STRATEGIAR FOR DIGITALISERING)

Digitaliseringsmeldinga etablerer i realiteten ingen nye rammevilkår for digitalisering i dei ikkje-statlege arkivinstitusjonane. Det har rett nok kome ein budsjettpost på 2 mill til «privatarkivarbeid med vekt på digitalisering» i statsbudsjettet for 2010, som skal forvaltast av ABM-utvikling. Dette er sjølvsagt positivt, men sett i forhold til dei akutte behova i privatarkivarbeidet: pengar til bevaring, ordning og beskriving, oppfyller dette ikkje løftet om ei støtteordning for bevaring og formidling av privatarkiv som vart gitt for ti år sidan i ABM-meldinga. Men nok om det.

Poenget mitt er at dette fråværet av rammevilkår gjer at handlingsrommet for dei lokale og regionale institusjonane er stort og ope. Det finst ingen statlege føringar som kan setje grenser for lokale og regionale satsingar. Det finst heller ikkje statlege pengar til slike satsingar (med unntak for nokre få privatarkivprosjekt som kan få støtte frå ABM-utvikling), men dette er noko det går an å gjere noko med. Då eg jobba i ABM-utvikling lærte eg kan snart ein regel som kan formulerast på denne måten: Du får ingen pengar før du kan vise til vellukka resultat. Og her vil eg snu søkelyset, bort frå departementet og den statlege politikken, og i staden spørje: kva kan det ikkje-statlege arkivlandskapet gjere for å endre denne politikken? Kor mange av dei ikkje-statlege arkivinstitusjonane har utforma ein strategi for digitalisering av sin arkivbestand med sikte på tilgjengeleggjering?

Med strategi meiner eg i denne samanhengen

  1. eit klart definert formål for digitaliseringa,

  2. fagleg begrunna prioriteringar av kva type materiale som skal digitaliserast og

  3. korleis dette skal presenterast og gjerast tilgjengeleg for publikum, og ikkje minst

  4. korleis institusjonen skal kommunisere med sitt digitale publikum.

Eg meiner at behovet for slike strategiar er stort, og årsaka er at den digitale arenaen har opna eit nytt rom for arkiva, eit rom som – for å låne ei formulering frå Terry Cook – gjer det mogleg flytte arkiva frå ein plass blant samfunnets fotnotar og opp i teksten.

Kvifor skal vi digitalisere arkiv (og no ser eg framleis bort frå digitalisering for saksbehandling eller som bevaringstiltak)? Det kan sjølvsagt vere mange grunnar til det, men etter mitt syn er det berre ei grunngjeving som kan framstå som prinsipiell: Digitalisering er eit nødvendig ledd i arbeidet for å demokratisere arkiva.

Men ærlig talt, er ikkje arkiva – i det minste i vårt land – demokratiske? Er ikkje dei oppretta og finansiert av demokratiske organ, av staten eller fylkeskommunar og kommunar, for å dokumentere dei demokratiske prosessane i desse organa? I eit historisk perspektiv er det ingen tvil om at det norske Arkivet med stor A, dvs den bevarte og tilgjengeleg arkivbestanden, har gjennomgått ei demokratisering i løpet av dei siste tiåra. For 100 år sidan vart berre statens arkiv bevart og gjort tilgjengeleg; i dag har utbygginga det nye kommunale arkivlandskapet lagt grunnlaget for at også dei kommunale arkiva kan bevarast. Samtidig har innsynsretten utvida folks rett til å kontrollere dei statlege og kommunale makthavarane og til å påverke innhaldet i arkiva.

Men denne demokratiseringa er ikkje tilstrekkeleg. For det første er statleg norsk arkivpolitikk som nemnt tidlegare bygd på premisset om at arkivbevaring skal vere eit forvaltningsansvar. Det offentlege arkivlandskapet har hatt – og har framleis – som si fremste oppgåve å bevare frå statleg, fylkeskommunal og kommunal forvaltning. Dette betyr i praksis at ikkje-offentlege arkiv – personarkiv, foreiningsarkiv og bedriftsarkiv – berre unntaksvis og tilfeldigvis blir bevart.

Samtidig har arkivarane sin faglege praksis har vore knytt til arbeid med materiale som er skapt i dei gjeldande byråkratisk-administrative arkivsystema. Denne praksisen har påverka vår oppfatning av kva arkiv er eller skal vere; vi har fokusert på materiale som er skapt i samsvar med formaliserte manuelle eller elektroniske arkivsystem, slik at materiale som ikkje passar inn i dette bildet ofte har blitt neglisjert. Det arkivale demokratiet omfattar med andre ord berre offentlege arkiv.

For det andre er statlege og kommunale arkiv maktas arkiv, skapt av og for dei institusjonane som styrer samfunnet. Den informasjonen som blir samla i desse arkiva er den som blir opplevd som relevant i avgjerdsprosessane i stat og kommune, anten det dreier seg om bensinprisar, edruskapspolitikk eller barnevern. Og denne relevansen kan også vere påverka av økonomiske og politiske krefter som fremmer sine interesser; ein saksbehandlar kan ikkje unngå å bli påverka. Innhaldet i dei offentlege arkiva er altså prega av maktas relevansoppleving; dei alternative, opposisjonelle røystene er lite synlege, sjølv når desse er representert i folkevalde organ. Og sjølv om samfunnsborgarane har ein rett til innsyn i saksdokumenta og til å påverke desse, er det relativt sjeldan dette blir gjort.

Eit tredje poeng: Vår beskriving av dei bevarte arkiva, arkivkatalogane, har blitt – og blir framleis – laga innanfor ein fagleg tradisjon som i praksis ekskluderer dei som ikkje har kjennskap til arkivfagleg terminologi og metode. Den etablerte metodikken for arkivbeskrivinga, å byggje på arkivskaparen sitt arkivsystem, bidrar dessutan til å lukke arkivet for alternative tilnærmingar fordi den beskriv arkivet berre med arkivskaparens kategoriar.

Arkivvitaren Andrew Flinn frå London University College lanserte på ein konferanse i Edinburgh i 2008 eit program for vidare demokratisering av arkiva. Han trekte fram fem punkt for å gjennomføre dette:

  1. Vi må utvide arkivforståinga vår til å omfatte eit breiare spekter av «minne» i ulike former. Arkiv er meir enn skriftleg dokumentasjon skapt i offentlege – eller private – arkivsystem.
  2. Vi må erkjenne at prosessen med å velje ut arkiv for bevaring må byggje på prinsipp som har som mål å dokumentere alle sider ved samfunnet. For oss i Noreg inneber dette at vi i utgangspunktet likestiller private og offentlege arkiv og lar den samfunnsmessige dokumentasjonsverdien avgjere bevaring.
  3. Vi må opne arkivbestanden med hjelp av brukarskapte beskrivingar og andre former for interaktivitet. Altså ikkje berre publisere våre katalogar på nettet, men opne for kommentarar frå publikum.
  4. Vi må prøve ut nye samarbeidsformer med arkivskaparar og andre arkiveigarar for å sikre ei brei arkivbevaring, inkludert distribuert bevaring.
  5. Vi må gjere mangfald, publikumsarbeid, samhandling med lokalsamfunn og formidling til kjerneelement i våre faglege plikter og i arkivarutdanninga.

Enkeltvis representerer desse fem punkta kanskje ikkje så mykje nytt; tankar som dette har vore lufta både her i landet og internasjonalt tidlegare. Men samla, som eit mogleg program for arkivutvikling i åra framover, er dei verd å reflektere over. Og i eit digitaliseringsperspektiv er to av desse punkta dei særleg interessante: Den digitale arenaen opnar for heilt nye muligheiter til å kombinere ulike typar arkiv, som tekst, lyd og bilete. Den digitale arenaen opnar også for interaktive arkivbeskrivingar, og dette er viktig.

Den store utfordringa handlar nemleg ikkje om å digitalisere arkiv og publisere dei på på internett, men om å gjere desse arkiva tilgjengelege for nye og uvande brukarar. I følgje den irske arkivvitaren Andrea Johnson, som forskar på digital brukartilgang og deltar i det internasjonale nettverket AX-SNet (som har medlemer frå ei rekkje land, m.a. Finland og Sverige, men ikkje Noreg – førebels!), har vist at nye arkivbrukarar generelt støyter på tre utfordringar når dei ønskjer å få tilgang til arkivinformasjon. Ho illustrerer desse med tre spørsmål: «Where shall I look?», «What shall I say?» og «What is that»?

Ho viser vidare at desse utfordringane faktisk blir større i ein ein digital kontekst, fordi publisering av arkiv på Internett fjernar eit viktig mellomledd mellom brukaren og arkivet, nemleg arkivaren, den personen som kan svare på spørsmål og gi råd når brukaren ikkje finn fram i katalogane eller forstår dokumenta. Fråværet av arkivaren inneber difor at det må utviklast nye hjelpemiddel for brukaren; hjelpemiddel som kan gi svar på dei tre spørsmåla: kor kan eg leite etter informasjon, korleis skal eg spørje, og korleis skal eg forstå den informasjon som kjem fram. Og sidan vi no er i nabobygget til Bergen byarkiv, må eg nesten nemne at byarkivets oppslagsverk, <oVe>, er eit forsøk – og eit godt forsøk, spør du meg – på å gi arkivbrukarar hjelp til å finne svar på det første av desse spørsmåla. Det som manglar når det gjeld <oVe> er ei integrering med andre verktøy.

Andrea Johnson jobbar sjølv med eit PhD-prosjekt om det ho kallar ein ein modell for kontekstuell samhandling mellom digitale arkiv og brukarar, basert på den empirien ho har samla inn om brukaråtferda til digitale arkivbrukarar. Denne modellen skal integrere den vanlege arkivkatalogen med verktøy som kan hjelpe brukaren til å finne fram til det rette arkivet, stille dei rette spørsmåla og forstå resultatet.

Kva kan vi så gjere her på berget, som det heiter? I motsetning til Andrea Johnson veit vi lite om arkivbrukarane si oppleving av dei digitale arkivressursane som er tilgjengelege. Eg kunne difor tenkje meg å foreslå eit prosjekt for å kartlegge brukaråtferd og brukarbehov i digitale arkiv, for å hente inn empiri som kan tene som grunnlag for utvikling av verktøy for samhandling mellom digitale arkiv og brukarar.

LLP tok i si tid initiativet til å utvikle ASTA, kanskje tida no er moden for at LLP kan ta eit nytt initiativ – i første omgang til eit prosjekt for ei brukarundersøking i digitale arkiv (gjerne i samarbeid med arkivstudiet på Høgskolen i Oslo, dette kan vere emne for minst ei masteroppgåve). Med ei slik undersøking som basis kan LLP utvikle ein kunnskapsbasert argumentasjon om korleis eit verktøy for folkeleg tilgang til digitale arkiv skal fungere, eit verktøy som kan gjere digitaliserte arkiv til ein samfunnsressurs som er open for alle.

Digitalisering av arkiv inneber utval. Vi kan ikkje digitalisere alt (det er berre Nasjonalbiblioteket som kan det, det verkar i alle fall som at dei trur at dei kan det), andre institusjonar må gjere prioriteringar, velje ut ein liten del av arkiva og digitalisere dei og la dei andre ligge i dei mørke magasina. Kva kriterier som skal styre denne utveljinga har vore diskutert i mange samanhengar, utan at eg har registrert nokon overbevisande konklusjon. Diskusjonen har likevel openbare parallellar til eit arkivfagleg kjerneområde, nemleg spørsmålet som skal vere styrande for bevaring kontra kassasjon: kva er bevaringsverdi (eller archival value som dei seier på engelsk). Eg skal ikkje gå nærare inn på dette spørsmålet her, eg vil nøye meg med å understreke at diskusjonen om kva kriterier som skal styre digitalisering av arkiv for tilgjengeleggjering knapt nok har begynt. Difor bør den prioriterast i åra framover.

(AVSLUTNING)

På den same konferansen som eg refererte frå tidlegare, understreka Terry Cook at arkivarane snart må erkjenne at dei gjennom sitt arbeid med bevaring, kassasjon, arkivordning og -beskriving, tilgjengeleggjering og formidling tar aktiv del i arkivskapinga; det arkivet som blir stilt opp i reolane, i nye boksar med fine etikettar, er nesten aldri identisk med det arkivet som arkivskaparen avslutta for eit eller fleire tiår sidan. Arkivarane har aldri vore nøytrale, meiner Cook, dei har alltid gjort bestemte val, og desse vala har hatt konsekvensar for den forskinga som er gjort og dei (fag)historiene som har blitt skrive. Dersom arkivarane frigjer seg frå sjølvbiletet av den nesten usynlege, passive og nøytrale vaktaren av dokumentarven, kan dei aktivt og sjølvbevisst ta del i skapinga samfunnets kollektive minne og løfte arkivet opp frå fotnotetilværet og inn i teksten.

Og – no refererer eg ikkje lenger til Terry Cook – ei aktiv satsing på arkivdigitalisering inneber eit klart brot med dette tradisjonelle sjølvbiletet. Samtidig kan dei digitale arkiva bli ein del av samfunnets tekst, dersom dei verkeleg blir gjort tilgjengelege for alle.

Vi får – i alle fall ikkje i første omgang – mykje hjelp frå staten til dette arbeidet. Men det betyr ikkje at vi skal vere passive. Vi som jobbar med arkiv har alle eit inderleg ønske om at folk skal forstå kor mykje spennande og viktig som finst i arkiva. Vil vil så gjerne at arkiv skal vere sexy. Men å vere sexy, betingar som vi veit tovegs kommunikasjon. Og den digitale teknologien har opna nettopp for denne kommunikasjonen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: