Home

(Dette er ein gammal tekst; eit innlegg eg heldt på dei Nordiske arkivdagane i Tavastehus i 2012, men god nok til å lesast også i dag. Meiner no eg. Teksten er utan referansar, noko eg seier meg lei for, men eg kan ikkje prioritere å gjere noko med dette no – ta evt kontakt om du treng vite kva litteratur eg har brukt).

Vi ser dei i våre gater, sitjande med pappkrus frå 7–11 i hendene: roma frå Aust-Europa som ber om smular frå våre velstands overfylte bord. I avisene les vi om organisert kriminalitet og om sigøynarkongar som hentar undersåttar til Skandinavia og sender dei ut i gatene for å tigge; politikarar i posisjon og opposisjon kappast om å krevje forbod mot offentleg tigging, slik at gode borgarar skal bli sparte for synet av slike forhutla individa som invaderer våre møysommeleg konstruerte idyllar. Og vi slenger ein tikrone i ein kopp, eller fester blikket i fortauet og hastar forbi desse spøkelsa frå eit dickensk London for hundre år sidan.

Og vi ser dei utanfor bakdørene til offentlege bygg, der dei står med sine synder mellom fingrane: røykarane, dette minkande mindretalet som ikkje har klart (eller ønska) å kaste sigarettpakken i søpla for godt; som levande truslar mot folkehelsa og helsebudsjetta blir dei truga med yrkesforbod i kommunar og institusjonar: ingen svarte lunger her! Og vi går målmedvitne fordi desse spøkelsa frå vår eigen fortid som aktive eller passive røykarar og velsignar våre helsefremjande og kloke val.

Romfolk og røykarar er minoritetar og marginaliserte grupper i vårt samfunn. Dei er – av forskjellige grunnar – uønskja. Tiggande roma er levande representantar for den europeiske minoriteten som ikkje fekk noko nytt liv etter utryddingsleirane. Røykarane er majoriteten som gjennom politisk handling vart marginalisert og gjort til ein minoritet.

Men det finst minoritetar som ikkje er marginaliserte: den britiske kongefamilien er definitivt ein minoritet, liksom dei som deltar på Bilderberger-møta, og for meg er dei framande som ikkje høyrer til i min verden.

Begrepa «minoritet» og «marginalisert gruppe» blir ofte brukt synonymt, men eit samanfall i meiningsinnhald er her avhengig av eit tilsvarande samanfall mellom demografisk storleik og politisk og økonomisk makt som ikkje alltid er til stades. Mange minoritetar er marginaliserte, men andre er det ikkje: nasjonalitet, klasse, kjønn og politisk og økonomisk makt er vesentlege faktorar i den offentlege og politiske konstruksjonen av minoritetsbegrepet.

Og vi kan også med rette snakke om arkivale minoritetar, som er skapt gjennom dei seleksjonane som er til stades i alle arkiveringsprosessar. Verne Harris har karakterisert arkievet som «a sliver of a sliver of a sliver». Eric Ketelaar har introdusert begrepet «archivalisation» for å beskrive det medvitne eller umedvitne valet som som blir gjort når ein vurderer om noko er verd å arkivere. Arkivaliseringsbegrepet er inspirert av Derridas begrep «archivisation» som viser til sjølve nedteikninga og overføringa av informasjon frå det subjektive medvitet til ein eigen, ytre informasjonsberar. Ifølgje Ketelaar inneheld arkiveringsprosessen såleis tre ledd: arkivaliseringa (dvs valet om å nedteikne), arkiviseringa (sjølve nedteikninga av informasjonen), og arkiveringa (innlemminga av nedteikninga i arkivet).

Og desse prosessane skaper altså arkivale minoritetar, av grupper som kan vere samfunnsmessige majoritetar. Kor synleg er t.d. arbeidarrørsla i offentlege arkiv frå første del av det 20. hundreåret? Korleis er kvinnene, som kjønn, representert i dei offentlege arkiva, eller for del i dei nominerte norske bidraga til Memory of the World-programmet?

For Jacques Derrida er arkiv spor etter hendingar som er overførte frå det individuelle minnet til eit ein stad utanfor, «the archive doesn’t consist simply in remembering, in living memory, in anamnesis; but in consigning, in inscribing a trace in some external location – there is no archive without some location, that is, some space outside». Slike lokalitetar – t.d. arkivinstitusjonar, men også arkiv i verksemder – har generelt begrensa ressursar og plass, og utøver difor «the social and political power of the archive, which consists in selecting the traces in memory, in marginalising, censoring, destroying, such and such traces through precisely a selection..».

I eit land som Norge omfattar det arkivale demokratiet, i tydinga retten til å bli ein del av samfunnets arkiv, i praksis berre offentleg sektor og særleg statsforvaltninga. Dei arkiva som blir bevart og gjort tilgjengeleg er i første rekkje statsmaktas arkiv, skapt av og for dei institusjonane som styrer samfunnet. Arkiv frå privatpersonar, organisasjonar og private verksemder blir sjelden bevart og gjort tilgjengeleg for framtidige brukarar. Det står i skarp motsetning til den samfunnsmessige karakteren til arkivskapinga.

Den samfunnsmessige karakteren til arkivskapinga har generelt fått lite merksemd i arkivteorien. Fokus har vore på relasjonane mellom arkivskapar og arkiv, opphavleg for å bevare og beskrive arkiva, og dei siste tiåra også for å etablere elektroniske arkivsystem som skal bidra til at det blir skapt autentisk og påliteleg dokumentasjon av arkivskaparens transaksjonar og handlingar. Sentrale arkivvitarar reknar transaksjonar som det fremste dokumentasjonsobjektet for arkiva. Sjølv om denne oppfatninga har vore kritisert for å utelukke andre arkiveringsformål, er det likevel semje om at transaksjonar er ei av dei viktigaste årsak til at det blir skapt arkiv.

Ein transaksjon er ei form for samhandling mellom to eller fleire partar. Samhandlinga kan dreie seg om ei rekkje forskjellige forhold, den kan vere kortvarig eller langvarig og den kan involvere to eller fleire aktørar, som i ulik grad er behov for at det blir nedteikna informasjon om kva som har skjedd. Men både samhandling og arkivering vil vere påverka av samfunnsforholda. Visse samhandlingsrelasjonar byggjer i dagens samfunn på føresetnaden om at den eine parten skal dokumentere samhandlinga i sitt arkiv. Dette gjeld særleg forhold mellom private rettssubjekt og offentlege instansar, der lovverket har pålagt det offentlege arkivplikt og gitt den private parten rett til å kontrollere dokumentasjonen gjennom partsinnsynet. I slike tilfelle kan den private aktøren gå ut frå at den andre parten dokumenterer forholdet og bevarer dokumentasjonen i samsvar med gjeldande regelverk.

Når det ikkje ligg føre lovbestemmelsar om at den eine parten har arkiveringsplikt, vil det vere opp til aktørane sjølv å bestemme om dei vil dokumentere samhandlinga og korleis dette skal gjerast. I slike samanhengar kan makt og ressursar spele ei viktig rolle for kva som blir arkivert og om arkivet seinare blir bevart. Ein arkivskapar kan lagre informasjon på ulike måtar, avhengig av dei ressursane som vedkommande rår over, frå skrift på papir via e-post til standardiserte elektroniske arkivsystem. Systematikken i desse arkiva vil variere sterkt, og nokre av dei vil vere flyktige medan andre kan vere meir bestandige, og både innhald og form vil vere prega av arkivskaparens føresetnader. Arkivskaparen kan lagre informasjonen på ulike måtar og media; særleg har utviklinga av informasjons- og kommunikasjonsteknologien ført til nye arkiveringsarenaer som t.d. Facebook, Flickr, bloggtenester eller eigne heimesider.

Arkiv kan også eksistere i oral form. Slike arkiv oppstår når ei sosial gruppe bevarer kunnskap eller minne om hendingar som felles, sosialt kontrollert munnleg tradisjon. Slike arkiv har alltid blitt skapt i samfunn utan skriftkultur, men dei blir framleis skapt og brukt av grupper utan interesse av eller ressursar til ordinær arkivering, eller for å ta vare på forteljingar som står i opposisjon til «etablerte» versjonar av historiske hendingar .

Dersom arkivinstitusjonane skal bevare ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon, må denne gi eit mest mogleg dekkjande bilete av mangfaldet i samfunnet. Dette føreset ei systematisk innsamling av arkiv frå alle typar samfunnsaktørar, i alle former og format og på alle media, som kan formidle dei ulike aktøranes versjonar av transaksjonar, handlingar, hendingar og opplevingar. Systematikken i innsamlinga er nødvendig for det er umogleg å bevare alle arkiv. Først og fremst fordi sjølve mengdene og voluma er så store at arkivinstitusjonane berre har ressursar til å bevare ein liten prosent av arkiva. Det er altså nødvendig å velje ut – relativt sett – nokre få arkiv og la dei andre gå tapt, men dette utvalet må byggje på andre føresetnader enn den favoriseringa av offentlege og særleg statlege arkiv som dagens norske arkivregime legg opp til.

Forvaltningstilknyting kan ikkje vere noko bevaringskriterium i seg sjølv, det er den samfunnsmessige verdien av dokumentasjonen som må vere avgjerande. Eit første vilkår for å kunne identifisere bevaringsverdige arkiv er å ha kunnskapar om korleis ulike typar samhandling blir dokumentert i forskjellige arkiv. Dette kan vi oppnå gjennom å undersøkje korleis samfunnsaktørane samhandlar i ulike funksjonelle samanhengar og korleis ulike typar samhandling blir dokumentert i aktørane sine arkiv. I boka «Fotnote eller tekst? Arkiv og arkivarar i det 21. hundreåret» har eg skissert ein modell for korleis slik samhandling kan analyserast. Eg skal ikkje gå inn på denne her, men nøyer med å seie at slike analysar kan danne grunnlaget for ein systematisk og – og kanskje det viktigaste: ein transparent utveljingsprosess. Men vil dette kunne sikre ein betre dokumentasjon av dei «marginaliserte»?

Offentlege arkiv dokumenterer sjølvsagt samhandling med etniske og sosiale minoritetar og menneske som av andre grunnar framstår som marginaliserte, anten fordi dei har blitt marginalisert av samfunnets mainstream, eller fordi dei har valt det sjølv. Problemet er at denne dokumentasjonen vil vere forma av arkivskapars relevansoppleving; formålet med den aktuelle samhandlinga bestemmer kva som blir vurdert som arkivverdig. I sin studie av nye nasjonale minoritetar i offentlege arkiv konstaterer Ellen Røsjø at hovudperspektivet er «majoritetens blikk på minoriteten og dens forventninger til og vurderinger av minoriteten». Hennar studie tyder også på at det norske systemet for offentleg organisasjonsstøtte påverka innvandrargruppene til å danne formelle organisasjonar etter norsk mønster, nettopp for å få tilgang til slik støtte på linje med norske organisasjonar: «Minoriteten oppfyller på et vis majoritetens ønske om å danne et organisert samfunn som storsamfunnet kan forholde seg til».

Men offentlege arkiv dokumenter først og fremst samhandling mellom ulike offentlege tenester og medlemer av marginaliserte grupper på på individnivå, t.d. som klientar. Denne dokumentasjonen er i endå større grad forma av arkivskapars relevansoppleving. Den kan vere utan informasjon om at personen høyrer til ei bestemt sosial eller etnisk gruppe, fordi dette blir opplevd som irrelevant for den offentlege saksbehandlaren, sosialarbeidaren eller legen. I artikkelen «Memory, justice and the public record» har eg vist korleis statusen til krigsbarna endra seg frå å vere ei uønska, sterkt diskrimert gruppe til å bli unsynleggjort: «In the early 1950s, the war children ceased to be a national political issue. Their background gradually became unmentionable, a societal taboo invoking shame, and their German traces were hidden from public memory. … In local communities, schools, institutions, and even in their families, a war child’s troubles became individualised, and disconnected from the group’s common troubled past». Krigsbarna gjenoppstod som sosial gruppe på 1980-talet, men då som ei gruppe «für sich» (for å låne Marx sitt begrep), organisert i kampen for oppreising og erstatning.

I andre tilfelle er konstruksjonen av gruppetilhøyrigheit vesentleg i arkiva. I kjeldestudiar til prosjektet mitt om «archival identities» har eg undersøkt fattigvesenets kategoriseringar i heimstamnforklaringar frå 1920- og 30-talet. Vanlegvis gir slike forklaringar opplysningar om bidragsmottakarens yrke, men det finst fleire døme som bryt med dette. Fattigvesenet i Bergen opererte t.d. med kategorien «D/S-pige», ikkje fordi kvinnene hadde hatt arbeid ombord i dampskip, men for å antyde at dette var kvinner som hadde (påstått) seksuell omgang med sjøfolk. Ein annan kategori i slike forklaringar er «omstreifar», som i nokre tilfelle kan vise til romani, andre gonger ikkje (noko som kan vere vanskeleg for oss å få kunnskap om i ettertid).

Og her er vi ved spørsmålet om kven som definerer den marginale? Marginaliserte grupper kan eksistere «an sich», fordi den er definert av andre, etter meir eller mindre subjektive eller objektive kriterier, eller «für sich», fordi medlemene deler ei gruppetilhøyrigheit. Dei norske krigsbarna er eksempel på ei gruppe som i utgangspunktet berre eksisterte «an sich», men som – i alle fall for ein stor del av krigsbarna – vart ei gruppe «für sich». Andre grupper, som nasjonale minoritetar, framstår – i alle fall for meg, som ser dette med majoritetens auge – som grupper «für sich». Men eg innrømmer at eg ikkje veit om dei eg har omtala som «roma-tiggarar» oppfattar seg som «roma» eller har andre identitetar knytt til familiar, slekter eller noko anna.

Majoritetens kategoriseringar er altså i beste fall upålitelege. Mainstreamarkiv – skapt av myndigheiter eller andre ikkje-offentlege majoritetsaktørar – kan ikkje dokumentere det marginale på ein dekkjande måte. Men kan statlege eller kommunale arkivinstitusjonar samle inn arkiv skapt av marginaliserte grupper og beskrive og gjere tilgjengeleg desse arkiva på den marginaliserte sine premissar? Eg skal la dette spørsmålet henge, og viser i staden til Verne Harris sin kritikk av «oral history»- prosjekt i Sør-Afrika:

… both in the work that has been done and in the planning of future projects related to oral history, there is a worrying tendency to underestimate, or simply not to grasp, the problematic of converting orality into material custody. There are three aspects to this: a determination to view and to utilise recorded oral history as “source” for historiography rather than as “history” in its own right; a failure to understand the extent to which orality, in the words of Isabel Hofmeyr, “live(s) by its fluidity”; and an inability, or refusal, to engage orality as a form of archive. The result, in my view, is that oral history programmes frequently promote the further disempowerment of marginalised voices.

.Å unngå ei slik «further disempowerment of marginalised voices» er ei av våre store utfordringar, og den einaste måten å gjere det på, er å forkaste illusjonen om arkivarens nøytralitet og ta stilling for den marginaliserte.

%d bloggarar likar dette: