Home

Digitalisering for kassasjon?

november 18, 2016

Eg lar arkivorganiseringa liggje inntil vidare, og kommenterer i staden § 6 i framlegget til ny arkivforskrift. Paragrafen har fått overskrifta «lagringsmedium», men handlar eigentleg om digitalisering for kassasjon. Temaet er ikkje nytt, for Riksarkivarens forskrift kap. IX § 2-3 opnar allereie for at papirdokument som blir skanna og arkivert i eit aktivt elektronisk arkivsystem, kan kasserast så sant juridiske omsyn ikkje krev bevaring. Men det nye framlegget går vesentleg lenger enn dette:

Arkivmateriale skal lagrast på medium og format som ivaretek nødvendige krav til haldbarheit, og som gjer det mogleg å nytte materialet. Originaldokument kan overførast til eit nytt lagringsmedium og bevarast i det nye lagringsmediet.

Riksarkivaren kan gi utfyllande føresegner om lagringsmedium.

Dette framlegget er mangelfullt, fordi det berre stiller krav om haldbarheit og brukbarheit.

Eit av dei viktigaste kjenneteikna til arkiv er at det inneheld kontekstualisert informasjon. Eit arkivdokument står aldri åleine; det er knytt til eit opphav, skapt i ein bestemt prosess, på eit gitt tidspunkt, i samanheng med andre dokument som blir skapt i den same prosessen. Det som gir arkivdokumenta verdi som evidens, og som kan autentisitet og pålitelegheit, er nettopp at kontekstinformasjonen, dvs. dokumentasjonen av desse relasjonane, blir bevart saman med dokumenta.

I dagens elektroniske arkivdanning blir arkivdokumenta og relasjonane mellom dei registert i elektroniske journal- og arkivsystem. Om eit papirdokument blir skanna og deretter destruert, er dette uproblematisk, fordi både dokument og kontekstinformasjon om saksbehandlinga fortløpande blir registrert og bevart i arkivsystemet.

Men dersom det tale om digitalisering av avslutta, papirbaserte arkiv er saka ei anna. I slike arkiv er saksbehandlinga avslutta; arkivet har fått sin struktur, og den skal bevarast i samsvar med etablerte prinsipp om proveniens og opphavleg orden. Eldre papirarkiv er ofte, men ikkje alltid, registrert i papirbaserte journalar. Arkivdokumenta inneheld ofte kontekstinformasjon (stempel, dato for mottak, etc.), men i tillegg finst det fysiske arkivstrukturar (mapper, legg, løkar) som kan vere sediment av den logiske strukturen i saksbehandlinga som skapte arkivet, og difor er viktig informasjon om arkivkonteksten. I nokre tilfelle finst det ingen register, mappestrukturen er den einaste informasjonen vi har om evt. samanhengar mellom enkeltdokument.

Det seier seg sjølv at digitalisering av slike arkiv kan vere utfordrande og arbeidskrevjande, både fagleg og praktisk. Det er ikkje tilstrekkeleg å digitalisere enkeltdokumenta, vi må også beskrive relasjonane mellom dokumenta på ein så god og presis måte at samanhengane mellom dei digitaliserte dokumenta er like tydelege som når det vi ser når vi opnar ei arkivmappe der dokumenta ligg i legg (ofte på fleire nivå) som varetar dei opphavlege strukturane.

Framlegget til § 6 må difor presiserast slik at det ikkje berre blir stilt krav til haldbarheit og brukbarheit, men også til at dei opphavlege arkivstrukturane blir dokumentert når arkiv skal digitaliserast og originalane kasserast. Og om dette skulle mangedoble kostnadene ved digitalisering, er det ein liten pris å betale for å bevare autentisk og påliteleg dokumentasjon frå fortida.

Eg har fått nokre synspunkt på den førre kommentaren min om framlegget til ny arkivforskrift, men eg vil gjerne lokke fram fleire.

Saka er at Kulturdepartementet foreslår å fjerne bestemmelsen i § 2-1 i den gjeldande forskrifta, som føreskriv at arkivarbeidet i eit organ «normalt» skal utførast av ei «arkivteneste», som skal vere felles for organet, under «dagleg leiing av ein arkivansvarleg». Då denne trådde i kraft i 1999, etablerte den eit felles regime for arkivorganiseringa i offentleg sektor. For statlege organ inneheldt § 2-1 lite nytt; i all hovudsak vidareførte den bestemmelsar frå den statlege arkivinstruksen av 1984. I kommunar og fylkeskommunar var situasjonen ein annan. Her fanst det ikkje noko felles regelverk, og det er liten tvil om at § 2-1 har medverka til betre organisering og større profesjonalitet i arkivarbeidet.

Høyringsnotatet frå departementet seier lite om kvifor § 2-1 er foreslått fjerna. Det blir vist til § 1 (om arkivansvaret) og § 3 (om «internkontroll for arkiv»), men ikkje gitt nokon direkte grunngjeving. Eg må innrømme at eg er usikker på korleis dette skal tolkast, men det kan vere at departementet reknar bestemmelsen som lite viktig.

Konsekvensen av endringsforslaget er i alle høve at organiseringa av arkivfunksjonen i offentlege organ blir ei sak for det enkelte organet. Kravet om ei arkivteneste under leiing av ein arkivansvarleg fell bort. I staden skal offentlege organ ha eit system for «internkontroll for arkiv» (som er det nye omgrepet departementet vil innføre i staden for «arkivplan»), som skal innehalde bestemmelsar om «organisering av arkivfunksjonen og delegeringsfullmakter på arkivområdet, medrekna kvar ansvaret for å forvalte arkiva er plassert» (§ 3).

Dette står ikkje i motstrid til å ha ei arkivteneste under leiing av ein arkivansvarleg, men opnar for andre løysingar, t.d. at «ansvaret for å forvalte arkiva» blir delegert til ulike medarbeidarar som er direkte underlagt den administrative leiinga, utan at desse er knytte til ei felles arkivteneste. Dette kan vere ei tenleg løysing nokre stader; andre stader kan den føre til at arkivansvaret blir fragmentert og arkivkompetansen forvitrar.

Eg er førebels usikker på kva eg skal meine om framlegget om å fjerne § 2-1. Men det eg er sikker på, er at ein god debatt om framlegget er nødvendig!

 

Farvel til arkivtenesta?

november 10, 2016

Forskrift om offentlege arkiv slår i dag fast i § 2-1 at

Arkivarbeidet i eit offentleg organ skal som hovudregel utførast av ei eiga eining, ei arkivteneste, under dagleg leiing av ein arkivansvarleg. Arkivtenesta skal vere felles for organet. Dersom ikkje særlege omsyn tilseier noko anna, skal ho vere underlagd den administrasjonseininga som har ansvaret for organets fellessaker.

I framlegget til ny arkivforskrift er denne bestemmelsen fjerna. I staden blir det i § 3 Internkontroll for arkiv bestemt at «[i]nternkontrollen skal dokumentere korleis organet ivaretek arkivansvaret, og korleis arkivfunksjonen er organisert».  Som minstekrav blir det i § 3 a) fastsett at internkontrollen skal innehalde «organisering av arkivfunksjonen og delegeringsfullmakter på arkivområdet, medrekna kvar ansvaret for å forvalte arkiva er plassert».

Eg har forstått at det er ein viss skepsis til dette framlegget i arkivmiljøet, og inviterer difor til å kome med synspunkt i kommentarfeltet nedanfor. Så kva meiner du om denne endringa?

 

Kulturdepartementet har sendt eit framlegg til ny arkivforskrift på høyring (https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/hoyring–ny-forskrift-om-offentlege-arkiv/id2515364/). På fleire område inneber framlegget eit framsteg; det er mindre detaljert enn den gjeldande forskrifta, og arkivdanninga blir behandla med ei funksjons- og prosessorientert tilnærming.

Men framlegget har også veikskapar.

I arkivmeldinga skreiv departementet at ein skulle vurdere å lovfeste at «[v]erksemder som utfører oppgåver på vegner av det offentlege, skal ha påbod om å følgje regelverket for offentlege arkiv» (s.109). Dette er fråverande, både i framlegget og i den innleiande drøftinga i høyringsdokumentet. Og det er ikkje bra, særleg fordi arkiva til ein del slike verksemder vil innehalde dokumentasjon av rettsleg verdi for enkeltpersonar.

Ein annan, og alvorleg, veikskap handlar om arkivinstitusjonane –som forskrifta omtalar som «arkivdepot» – sine  oppgåver. For det første blir «arkivdepot» i § 2 f definert som «institusjon eller anna organisatorisk eining som har lokale for bevaring av eldre arkivmateriale». I § 24 blir offentlege organ pålagt avleringsplikt til  «arkivdepot», der «arkiva [skal] bevarast for ettertida og gjerast tilgjengelege for bruk». Institusjonane skal «føre register over arkiva og tilvekst, og holde oversyn og kontroll med arkivbestanden», og kommunane skal «ha ordningar for arkivdepot for arkiva sine». § 32 fastset nesten ordrett det same som dagens forskrift: at ein skal «leggje tilhøva til rette slik at allmenta kan gjere bruk av arkivmaterialet innanfor gjeldande føresegner om innsynsrett, teieplikt og gradering», at ein «ut frå omsynet til forsvarleg arkivbehandling» skal avgjere «korleis materialet skal gjerast tilgjengeleg», og «i rimeleg mon etter oppmoding gi avskrift, utskrift eller kopi av dokument».

Når det nye forskriftsframlegget på denne måten vidarefører det utdaterte synet på arkivinstitusjonane sine oppgåver frå den gjeldande forskrifta, som vart skriven for meir enn 20 år sidan, i ein pre-digital verden, før internett vart fellesarena, og før arkivformidling vart ei eiga fagoppgåve, er det ganske oppsiktsvekkjande. Eg skal ikkje spekulere om årsaker i denne omgang, men det er openbart at dersom dette blir ståande, vil det vere eit sterkt signal til dei som løyver pengar til «arkivdepot» om kva slike løyvingar skal finansiere. Og det kan få skadelege følgjer.

 

«Er ikkje omorganisering av Arkivverket ei intern sak for etaten?» vart eg spurd for ei tid sidan. Svaret mitt var at det kunne den ha vore. Når det ikkje er slik , er det fordi den ikkje berre handlar om organiseringa av Arkivverket, men også om arkivpolitikk. Og her står forslaget om å avvikle statsarkiva som organisatoriske einingar sentralt.

Riksarkivaren framlegg til ny organisering – AV2020 – inneber at dagens geografiske inndeling blir erstatta av landsomfemnande avdelingar med underliggjande seksjonar, som skal vere uavhengig av geografi og med kvar sin nasjonale leiar. Dei tilsette i Riksarkivet og statsarkiva skal fordelast på seksjonane, som skal ha ansvar for oppgåver som t.d. tilsyn, dokumentasjonsforvaltning (m.a. rettleiingstenester), bevaringsvurdering og avlevering, depot, skanning, tilgjengeliggjering og brukartenester. Av seksjonane er det berre depot og brukartenester som skal ha tilsette ved alle arbeidsstadar – noko som inneber at fleire av dei noverande statsarkiva ikkje lenger skal drive vegleiing eller tilsyn, og heller ikkje fullmakt til å ta imot større avleveringar av privatarkiv.

Når AV2020 foreslo at det regionale leiarnivået – statsarkivarane – skulle fjernast, skapte dette på den eine sida frykt for at dette ville føre til at institusjonskompetansen ville forvitre, og svekka kompetanse om arkivbestanden føre til dårlegare brukarsørvis. På den andre sida – og her kjem arkivpolitikken inn for fullt – er det openbart at bortfall av bortfall av regional leiarskap vil føre til store endringar i samarbeidet med andre aktørar i det regionale arkivlandskapet. Og det som la skam til skade, var at denne prosessen var planlagt gjennomført utan at desse aktørane var informert.

Ein kan spørje seg kvifor riksarkivaren valde denne framgangsmåten. Eg forstår det ikkje, men samanhengen med den statlege arkivpolitikken er ikkje vanskeleg å få auge på. Den som har særmerka denne er ein konsekvent neglisjering av ikkje-statlege arkiv. ABM-meldinga frå 1999 vart kritisert for dette, og likeins arkivmeldinga frå 2012 , som i følgje Landslaget for lokal og privatarkiv viste  «… klart at ikke-statlig sektor overhodet ikke er blitt tatt hensyn til i den endelige meldingen. Dette oppleves som ignorering og statlig overstyring av kommunal sektor».

Premissane for denne politikken finn vi arkivlovas bestemmelsar om arkivansvaret, som forstår arkiv som forvaltningsdokumentasjon – og ikkje samfunnsdokumentasjon. Arkivlova vart vedtatt i 1992, og utgangspunktet for lova var NOUen Samtidens arkiver – fremtidens kildegrunnlag: Arkivverkets presserende oppgaver frå 1987. Og på den tida var Arkivverket heilt dominerande i arkivlandskapet – det fanst berre ein handfull ikkje-statlege arkivinstitusjonar med kanskje eit par titals tilsette. I dag er Arkivverket ein del av eit større arkivlandskap, der dei ikkje-statlege institusjonane har om lag like mange tilsette som dei statlege. Og i dette nye arkivlandskapet har det altså blitt etablert og utvikla samarbeid på mange område.

Avviklinga av statsarkiva vil få negative følgjer på særleg to område. Det regionale samarbeidet om bevaring av privatarkiv, som omfattar rammeverk (bevaringsplanar, nettverk) og arbeidsdeling mellom arkivinstitusjonar, museum og andre aktørar, vil bli skadelidande når den regionale statlege aktøren ikkje lenger vil ha dei fullmaktene som trengst for å delta i slikt samarbeid. Samtidig kan sentraliseringa av tilsyns- og rettleiingsfunksjonane føre til tilsyn og rettleiing utan nødvendig lokalkunnskap, noko som inneber svekka tenestekvalitet.

Eit ikkje usannsynleg scenario for 2020 kan vere at kommunereforma har ført til at 200 kommunar har opphøyrt å eksistere. Dette har skapt enorme utfordringar for IKAene, som må handtere dei avslutta arkiva frå kommunane. Samtidig har inntektsgrunnlaget for IKAene blitt svekka, fordi mange små kommunar (som har relativt store tilskot pr innbyggjar) ikkje lenger vil finnast. Dersom statsarkiva i Trondheim, Bergen, Stavanger og Kongsberg i mellomtida har blitt fråtatt tilsyns- og rettleiingsfunksjonane: Korleis skal ein handtere ein slik situasjon?

Det er behov for endringar i det regionale arkivlandskapet. Dei interkommunale arkiv må styrkast – dei er ikkje dimensjonert for å løyse dei oppgåvene dei har i dag, og slett ikkje ei omfattande kommunereform. Statsarkiva kan heller ikkje halde fram som dei har gjort; om eit par tiår vil arkivstraumen til statsarkiva tørke ut – papir er utfasa og sentrale elektroniske løysingar har tatt over. Men framlegget i AV2020 kjem til feil tid, og føreskriv feil medisin til feil pasient. Behovet for statlege arkivinstitusjonar med eit visst sjølvstendig handlingsrom vil bli større ved kommunereforma. Det regionale arkivsamarbeidet må ikkje berre halde fram, men styrkast og utvidast. Og på sikt vil ei omorganisering av det regionale arkivlandskapet, som omfattar både statlege og kommunale arkivinstitusjonar, tvinge seg fram.

Min kritikk av AV2020 er at ein har sett på statens og Arkivverkets interne behov, og ikkje analysert dei samla utfordringane for bevaring – og danning – av arkiva i samfunnet, og korleis ein samla arkivsektor kan møte desse. Perspektivet med «samla samfunnsdokumentasjon», som ein ved andre høve gjerne framhevar, er i beste fall perifert i AV2020. Og hemmeleghaldet i prosessen har svekka tilliten til Arkivverket.

Saka om organiseringa skal etter planen opp i Stortinget 14. april. Bakgrunnen er dette representantforslag frå Heidi Greni, Per Olav Lundteigen og Kjersti Toppe:

  1. Stortinget ber regjeringa oppretthalde og styrkje dei åtte regionale statsarkiva som eigne institusjonar.
  2. Stortinget ber regjeringa fremje sak for Stortinget dersom det vert føreslått endringar i det statlege Arkivverket si organisering.

I samband med førebuinga av denne saka, har det blitt hevda at riksarkivaren har ombestemt seg, slik at statsarkiva og statsarkivarane ikkje skal forsvinne. Riksarkivaren har 17.02.16 sendt ei «skisse» til KUD, og her framgår det at realiteten er at forslaget om nedlegging av statsarkiva berre blir sminka: «… navnene på arbeidsstedene (statsarkiv) opprettholdes i regionene» og det skal vere «… en regional leder fra Arkivverket på hvert arbeidssted. Vedkommende vil, i tillegg til ”plassansvar”, også ha nasjonalt ansvar for et fagområde i Arkivverket, som for eksempel tilsyn eller digitalisering. For at dette skal være en synlig og tydelig rolle også i regionene foreslår vi at dagens statsarkivarer, i tillegg til fagdirektør for sitt nasjonale ansvarsområde, også beholder statsarkivartittelen. På denne måten blir det ingen tvil om statsarkivenes regionale betydning».

Men den oppgåvefordelinga som opphavlege var foreslått i AV2020 står ved lag, og det er framleis berre depot og brukartenester som skal vere representert ved alle statsarkiva.

Kulturkomiteen har behandla forslaget frå dei tre, og gir samrøystes uttrykk  for «forståelse for den uro for eventuell omorganisering av Riksarkivet og de åtte regionale statsarkivene som kommer frem i forslaget. Både måten og innholdet i en begrenset kommunikasjon omkring eventuelle endringer i organiseringen kunne gi grunnlag for en slik bekymring». Komiteen føreset «at regjeringen vil vurdere organiseringen av Arkivverket grundig, og at en eventuell omorganisering vil bli lagt frem for Stortinget på egnet måte. Komiteen støtter intensjonen i representantforslaget».

Kva som blir resultatet av stortingsbehandlinga er nok at komiteens synspunkt får tilslutning, noko som inneber at prosessen i Arkivverket blir starta opp att, med riksarkivarens skisse som utgangspunkt. Det er synd, fordi skadeverknadene for det samla arkivlandskapet – og samfunnets arkiv – kjem til å bli store.

 

 

Leve statsarkiva!

mars 2, 2016

Pressemeldinga frå kulturministeren om omorganiseringa av Arkivverket (https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/arkivverket-blir-styrkt-og-vidareutvikla/id2477544/) var om lag som forventa. Den uttrykkjer regjeringa si støtte til omorganiseringa; sjølvsagt, noko anna hadde mildt sagt vore oppsiktsvekkjande (og i praksis uttrykk for mistillit til riksarkivaren). Ministeren seier at Arkivverket må strammast opp organisatorisk og få på plass klarare styringsliner for å takle dei digitale utfordringane. Og for min del er dette greitt, og det ikkje berre med tanke på dei digitale oppgåvene. Arkivverket har ikkje alltid vore gode på samhandling; eit døme på dette er statsarkiva sitt arbeid med å etablere interkommunale arkivordningar. Det tok 30 år frå det første IKAet vart etablert i Rogaland til dei (førebels?) siste kom på plass i Hedmark/Oppland og Follo.

Og det mest interessante i pressemeldinga er det som blir sagt om statsarkiva si framtid. Omorganiseringa «… inneber ei styrking av statsarkiva, og ikkje ei nedlegging slik nokre har hevda. Det har aldri vore foreslått», seier kulturministeren.

Vel, eg kan lese, og i strategidokumentet AV2020 går det klart fram at det regionale leiarenivået skulle fjernast i den nye organisasjonsstrukturen. Samstundes skulle tradisjonelle statsarkivoppgåver som tilsyn hos arkivskaparane og regionalt privatarkivarbeid sentraliserast. Omgrepa «statsarkiv» og «statsarkivar» er ikkje nemnt i strategidokumentet.

Difor er det svært interessant at pressemeldinga seier at «[s]tatsarkiva og statsarkivarane skal behalde breidde, namn og funksjonar. Statsarkiva skal i tillegg bli spesialisert ved å få overført nasjonale oppgåver frå Riksarkivet».

Men desse setningane kan lesast på fleire måtar.

Ei lesing er at riksarkivaren her får ein aldri så liten oppstrammar, og eit presisert mandat for omorganiseringa: Statsarkiva skal halde fram med sine tradisjonelle oppgåver («breidde» og «funksjonar»), og at statsarkivarane framleis skal vere leiarar for statsarkiva (noko som faktisk er hovudfunksjonen til ein ein statsarkivar).

Men anna lesing er også nærliggjande: omgrepa «breidde» og «funksjonar» er upresise; det blir t.d. ikkje sagt i klartekst at statsarkiva og statsarkivarane skal behalde alle sine noverande funksjonar. I så fall er desse setningane lite meir enn eit typisk politisk knep for å roe ned kritikarane og gi forvaltninga arbeidsro.

Min hovudkritikk av AV2020 har vore at statsarkiva trengst som regionale aktørar med eit visst handlingsrom. Det er berre ei regional forankring som kan gi arkivarane den gode lokalkunnskapen som er nødvendig for t.d. å føre gode tilsyn i den komande kommunereforma, bevare representative privatarkiv, osb.

Pressemeldinga frå kulturministeren gir ikkje noko klart svar om statsarkiva si framtid. Det betyr at kampen for statsarkiva må halde fram. Dei leve!

Debatten om omorganiseringa av Arkivverket har halde fram i det nye året. Sist ute er Forskerforum, med ein artikkel om vilkåra for forsking i den nye organisasjonsmodellen. Eg skal ikkje kommentere dette spørsmålet no, men noterer meg at samarbeid med arkivfaglege forskingsmiljø utanfor Arkivverket ikkje blir nemnd i artikkelen. Og her må eg – som tilsett ved Institutt for arkiv-, bibliotek og informasjonsfag ved HiOA – audmjukt minne partane om at vi som underviser i arkivfag også driv forsking, og at vi sjølvsagt er interesserte i samarbeid med Arkivverket.

Nok om det. Debatten om omorganiseringa har – tilsynelatande – delt arkiv-Noreg i to leirar: Dei som protesterer mot fjerninga av det regionale leiarnivået vi i dag har i Statarkiva, og dei som støttar omorganiseringa fordi den er nødvendig for å takle dei utfordringane med skaping og bevaring av elektroniske arkiv. Og som ofte elles i offentlege ordskifte, kanskje særleg i innleiingsfasen, verkar posisjonane ganske fastlåste og temperaturen er tidvis høg (i alle fall i kommentarfelta på Facebook).

Personleg har eg nok markert meg som ein av dei som protesterer mot det som er ei de facto nedlegging av statarkiva, slik vi kjenner dei i dag. Samtidig har eg gitt klart uttrykk for at Arkivverket openbart treng organisatoriske tiltak for å bli i stand til å gjere den jobben det er sett til å gjere med dei elektroniske arkiva. Delar av den foreslåtte omorganiseringa verkar fornuftige, andre ikkje. Eg er t.d. ikkje overtydd om at det å lokalisere tilsynsverksemda ved tre arbeidsstader (Tromsø, Oslo, Ktistiansand) vil vere ei god løysing. I følgje ein facebookkommentar frå Kjetil Reithaug, statsarkivar i Kristiansand, vil ressursbruken i den nye modellen vere om lag den same som i dag – som svarar til ca sju stillingar. Desse sju skal altså føre tilsyn med statlege, fylkeskommunale og kommunale arkivskaparar, og samanlikna med dagens situasjon (der statsarkiva driv denne verksemda, tilsynelatande i ulikt omfang), bør det vere openbart at både reisetid og -kostnader vil auke. Om ein vil sitje att med nokon gevinst er vel usikkert.

Den tida eg var leiar ved IKA Hordaland, dreiv ikkje Statsarkivet i Bergen mykje tilsynsverksemd i kommunane (eller arkivinspeksjonar, som det heitte den gongen). IKAH fylte i stor grad denne funksjonen – i praksis, for vi hadde ikkje den formelle fullmakta til å inspisere (noko dåverande riksarkivar John Herstad minte meg om ein gong eg hadde skrive rapport frå ein «inspeksjon» av arkivlokala i ein kommune; det var vel etter dette at omgrepet «feltarbeid» vart tatt i bruk). IKAH gjorde dette på oppdrag frå kommunane, og i arkivplanane var det med ei formulering som gav oss løyve til dette. Vi kunne sjølvsagt ikkje gi kommunane pålegg om noko som helst, men oppnådde likevel ein god del med overtyding og faglege grunngjeving.

Ei tilsvarande arbeidsdeling, med eit formalisert samarbeid i botnen (noko vi ikkje hadde mellom Statsarkivet og IKAH), vil etter mitt syn vere ei betre løysing enn det som no er foreslått. Nær kontakt med arkivskaparane er uansett ein stor fordel om ein skal styrke arkivarbeidet i offentleg forvaltning.

Og dette vil det nok vere lettast å få til innafor dei eksisterande arkivregionane.