Home

Wikileaks og aktiviteten til denne organisasjonen reiser viktige problemstillingar for oss som arbeider med arkiv i ulike samanhengar, i forvaltninga, i depotinstitusjonane og på utdanningssida. Eg vil innleiingsvis understreke at eg ikkje kjem til å seie noko om Julian Assenge og den situasjonen han har hamna i etter å ha blitt skulda for seksuelle overgrep mot to svenske kvinner. Eg vil i staden ta utgangspunkt i eit forhold som framleis forundrar meg: Kvifor er det slik at praktiserande arkivarar verda over i liten grad har diskutert Wikileaks offentleg? Eg har prøvd å følgje med på sentrale debattfora og må konstatere at dei som har ytra seg i all hovudsak er slike som meg, kolleger som har forlate det praktiske domenet og no arbeider som arkivlærarar eller frittståande konsulentar.

Om vi ser på våre faglege slektningar bibliotekarane er situasjonen ein annan. I desember 2010 – nokre veker etter det store massesleppet av e-postar mellom amerikanske utanriksstasjonar og utanriksdepartementet i Washington – sende dei fire norske bibliotekorganisasjonane ut ei felles fråsegn med støtte til Wikileaks. Her heitte det at WikiLeaks har «bidratt til økt innsyn for allmennheten gjennom å bringe fram til offentligheten kritikkverdige forhold», og at forsøka på å stenge nettstaden kan truge informasjonsfridomen, som er «grunnleggende for å fremme ytringsfrihet og demokrati» (http://www.norskbibliotekforening.no/article.php?id=2545).

Så kvifor har arkivarane vore tause om Wikileaks? Er det eit uttrykk for sjølvsensur, fordi arkivarar flest forvaltar offentlege arkiv og dermed opplever at dei er avhengige av ei tillit som ikkje bør rokkast ved, t.d. ved å ytre seg om kontroversielle spørsmål? Er det slik at ein arkivar som ytrar seg om Wikileaks kan bli oppfatta som upåliteleg og skade si eiga karriere? Eller har det med fagtradisjonen å gjere? Kanskje manglar vi noko som bibliotekarane har, ein felles utdanningsbakgrunn der fagpolitiske diskusjonar har vore eit viktig element?

Årsaka kan neppe vere fordi Wikileaks er irrelevant for arkivarar. Wikileaks handlar i stor grad om arkiv; organisasjonen publiserer arkivdokument som den mottar frå kjelder – kanskje arkivarar? – i offentlege og private verksemder i ulike land, og dette aktualiserer faglege og fagpolitiske spørsmål som bør vere sentrale for arkivarprofesjonen: om autentisiteten til dokumenta, om tryggleiken til arkiv i store delte nettverk, ikkje minst om kva konsekvensar den nye teknologien kan få for tilhøvet mellom hemmeleghald og openheit og kva dette kan få å seie for demokratiet. Alle desse utfordringane berører våre roller som arkivarar i forvaltning, i depot og som arkivlærarar.

Men først: Kva har Wikileaks gjort? Organisasjonen vart oppretta for å tilby ein sikker kanal for «whistleblowers», folk som ønska å varsle om forhold som vart haldne hemmelege men som offentlegheita burde få kjennskap til. Gjennom denne kanalen har vi fått kjennskap til brot på folkeretten i krigane i Afghanistan og Irak og i fangeleiren i Guantanamo, og det har vore ei rekkje avsløringar av ulovleg hemmeleghald av informasjon i enkeltland, t.d. Tyskland, Kenya og Tunisia. Når det gjeld desse lekkasjane verkar det som om Wikileaks hadde gjort ein jobb med å fjerne informasjon som kunne vere til skade for uskuldige enkeltpersonar. Men dette endra seg med «Cablegate», det store sleppet av 250.000 e-postar frå den amerikanske utanrikstenesta som starta hausten 2010. Her vart rått og rote slept ut – tilsynelatande utan at det var gjort nokon vurdering av eventuelle behov for personvern. Vi kan t.d. lese om Vladimir Putin og Silvio Berlusconi på jakt: Putin skyt ein hjort, og for å gjere ære på sin jaktkamerat skjer han hjartet ut av hjorten for å gi det til han. Berlusconi toler ikkje synet av det blodige hjartet, og besvimer. Vi kan vel stille spørsmål om slike historier er av offentleg interesse (sjølv om det kan vere ein smule fornøyeleg å få avslørt macho-imaget til Berlusconi…)

På den andre sida gav Cablegate også tilgang til informasjon som burde ha vore offentleg men som hadde blitt halde hemmeleg. Hovuddelen av dokumenta var rapportar frå dei amerikanske utanriksstasjonane som formidla ambassadørane sine oppfatningar av ymse forhold i landa dei var stasjonert i, rapportar som stundom seier meir om ambassadørane sine fordommar enn dei faktiske forholda. Slike rapportar skal etter norsk lovgiving vere hemmelege når dei behandlar forholdet til andre statar (og eg går ut frå at dette også er tilfellet i USA). Men rapportane kan også innehalde enkeltopplysningar som offentlegheita har rett til å få kjennskap til.

I Norge fekk Aftenposten tilgang til heile Cablegate-databasen gjennom ein lekkasje frå Wikileaks(!), og avisa har også publisert ein offentleg versjon der dei mest brukte orda og ei tidslinje kan gi tilgang til enkeltdokument. Avisa brukte materialet som grunnlag for ei lang rekkje større og mindre artiklar. I ein redaksjonell artikkel datert 3.01.11 begrunnar dei dette slik:

Med Wikileaks-lekkasjene formidler vi trolig tyvegods i form av stjålet informasjon. Til alle tider har nyhetsredaksjoner brukt informasjon der det hefter noe ved metoden som kilden har fått informasjonen på. Det kan være papirer som er tyvlånt og kopiert uten tillatelse, lovpålagt taushetsplikt som er brutt, samtaler som er overhørt i hemmelighet.

Når informasjonen dreier seg forhold av vesentlig betydning, spør ikke journalisten eller redaktøren hvordan informasjonen er skaffet til veie. Det veier tyngst at offentligheten får kjennskap til forhold av stor betydning for enkeltmenneskene, nasjonen eller verdenssamfunnet. Det er en styrke for et samfunn, også for det internasjonale, når de styrende og de med størst makt ikke kan basere seg på at deres hemmeligheter aldri vil bli kjent.

Journalistikken er jo avhengig av lekkasjar. Og det finst fleire typar lekkasjar. Mest vanleg er politisk motiverte lekkasjar, der ein aktør formidlar sensitiv informasjon anten for å styrke sin eigen posisjon, svekke politiske motstandarar, eller for å torpedere politiske initiativ. Slike lekkasjar ser vi media stadig vekk; dei er meir eller mindre ein fast del av det politiske maktspelet. På den andre sida har vi lekkasjar som har som formål å avdekke kritikkverdige forhold, maktmisbruk og ulovleg hemmeleghald av informasjon. Dei som står bak slike lekkasjar er neppe ute etter personleg gevinst; tvert i mot kan dei risikere både jobb og straffeforfølging dersim dei blir identifiserte. Wikileaks har beskrive seg sjølv som ein aktør på denne sida, som ein reiskap for eit meir gjennomsiktig og demokratisk samfunn.

Lang i frå alle er samde i det. Organisasjonen har møtt av massiv kritikk frå mange hald, særleg etter Cablegate, for å gi blaffen i personvernet, sette uskuldige menneske i livsfare, for å «bistå fienden» og vere ein «enemy of the state». Og kan sjølvsagt diskutere om Wikileaks er bra eller dårleg – personleg meiner eg at dei har vore begge delar –, men det er faktisk ikkje dette denne saka handlar om. Det saka gjeld er at nettbaserte lekkasjar har kome for å bli. På nettsida http://www.leakdirectory.org kan vi få oversikt over ei rekkje ulike lekkasjekanalar på internett med ulik forankring og arbeidsfelt. Nettlekkasjar kjem til å vere eit viktig rammevilkår for offentleg verksemd – inkludert arkivarbeid – i åra framover, fordi teknologien som gjer det muleg å lekke store dokumentmengder anonymt til mange menneske på kort tid er tilgjengeleg og vil bli brukt av varslarar, openheitsaktivistar og politiske aktørar. Samanlikna med den papirbaserte verda, då ein fysisk måtte kopiere dokument og levere eller sende dei til journalistar som eventuelt ville skrive noko, kan ein no få levert, publisert og distribuert informasjon nær sagt «med eit tastetrykk».

Eit forhold som gjer dette endå enklare er at arkiva er mykje større og tilgjengelege for mange fleire enn tidlegare. Ein viktig føresetnad for arkivorganisering i den papirbaserte verda var den avstanden ein saksbehandlar var villig til å gå for å få tilgang til arkivet; i større organisasjonar var arkiva som oftast desentraliserte. Dagens teknologi har fjerna desse fysiske rammene for arkivskapinga; eit arkiv arkiv kan vere så stort som helst og tilgjengeleg for så mange som helst. Bradley Manning – som sit fengsla i USA på tredje året skulda for å vere kjelda for wikilekkasjen frå Irak – skal ha lasta ned informasjonen frå eit system som i følgje ulike estimat er tilgjengeleg for mellom ein halv og tre millionar statstilsette. Det seier seg sjølv at dess meir informasjon som blir samla i eitt elektronisk arkiv og dess fleire som har tilgang til dette arkivet, dess større blir risikoen for lekkasjar – trass i dei sikringssystema som blir utvikla for å hindre at slike ting skjer.

Samtidig har teknologien endra føresetnadene for kva som kan arkiverast. Lysbakken-saka sist vinter kunne bli avslørt – og dokumentert – fordi teknologien har flytta grensene mellom det munnlege og det skriftlege domenet. For tretti år sidan hadde kommunikasjonen mellom statssekretærane og SU-leiaren vore munnleg; aktørane hadde snakka saman. I dag har e-post og sms langt på veg erstatta telefonsamtalen som kommunikasjonsform. Denne overføringa av samtale til skrift og integreringa av dei skriftlege dokumenta i det som de facto er eit arkiv, men ikkje det offisielle arkivet, nemleg e-postsystemet, gjorde det muleg å finne fram og offentleggjere dokument som ikkje hadde blitt skapt for tretti år sidan. Politisk nepotisme har blitt praktisert til alle tider og av alle politiske retningar – det er noko alle har visst, tenk berre på utsegna «å ha partiboka i orden» –, men det har blitt lettare å avsløre slike ting i dag, nettopp fordi teknologien har utvida grensene for kva som kan arkiverast.

Wikilekkasjane rokkar også ved spørsmålet om arkivets autentisitet, ved sjølve det arkivale kjerneområdet. Ein av berebjelkane i arkivvitskapen handlar om korleis autentiske arkivdokument skal skapast, bevarast og formidlast, og dette er samstundes eit hovudgrunnlag for arkivarprofesjonens identitet og legitimitet: Vi er til for å jobbe for at det blir skapt og bevart påliteleg arkivdokumentasjon. Etter Cablegate konstaterte ein debattant på det australske diskusjonsforumet at «the public exihibited absolutely zero interest in the authenticity and reliability of the WikiLeaks material… The assumption was that all the information was completely kosher» (http://groups.google.com/group/archives-and-records-australia/topics, Andrew Waugh17.12.10). Chris Hurley, ein sentral australsk arkivteoretikar, var einig. Han skreiv at arkivarar alltid har visst at dei fleste brukarar

don’t understand or check authenticity. It is assumed. We are a trusted source… We try to invest records with authenticity as if it were a technical characteristic of data/documents but, like beauty, it lies in the eye of the beholder (same stad, 20.12.10).

For offentlegheita er det altså kjelda for informasjonen som er avgjerande, ikkje dei faglege standardane og prosedyrane som blir brukt i skapinga, bevaringa og beskrivinga av arkiva. Likevel, vi veit at desse er avgjerande. Arkivarane tilbyr arkivdokument og data som «can be tested and processes that can be attested to». Samtidig meiner Hurley at det er eit dilemma at autentisitet ikkje er synonymt med «sanning»:

Many records (even most) are partial, deceitful, and self-serving. It is not the veracity of the information in the doccos but the integrity of the process used to create and maintain them that is the source of authenticity in our world (same stad).

Men så lenge dette er ukjent for publikum kan vi ha eit problem. Spørsmålet om autentisitet «in the wired world» er «..a HUGE issue which is still bubbling underneath the surface», og wikilekkasjane aktualiserer dette fordi dokumenta blir publisert lausrive frå den arkivskapande konteksten og likevel oppfatta som autentiske.

Desse forholda – dei store elektroniske arkiva som er tilgjengelege for mange brukarar, dei utvida grensene for kva som kan arkiverast, problema knytt til arkivets autentisitet og eksistensen av nettbaserte anonyme lekkasjekanalar – inneber sjølvsagt utfordringar som angår heile samfunnet, men skal avgrense meg til å sjå på dei som gjeld arkivarane si rolle i forvaltninga. Kva ansvar har ein arkivleiar – «arkivansvarleg» etter arkivforskrifta, altså ein med ansvar for arkivet – når det gjeld desse utfordringane? Dette er ikkje eit retorisk spørsmål, for eg veit ikkje svaret; det finst kanskje like mange svar som det finst arkivleiarar fordi delegering og praksis varierer frå organ til organ.

Ta til dømes eit spørsmål som eg ikkje har nemnt så langt, men som har blitt drøfta i den internasjonale faglitteraturen i nokre år: Det er observert ein tendens til at drøftingar i styrande organ – m.a. i den britiske regjeringa – ikkje blir nedteikna, nettopp på grunn av faren for lekkasjar. I den grad dette skjer her til lands – og eg er rimeleg sikker på at slikt skjer – inneber jo brot på mot arkiveringsplikta etter arkivlova. Har arkivansvarleg noko ansvar her?

Kva når saksdokument ikkje blir journalført – det vere seg e-post eller sms, eller dokument som bevisst blir halde utanfor systemet for å unngå innsyn – har arkivansvarleg noko ansvar her? Etter innføringa av OEP har eg registrert at enkelte i forvaltninga klagar over at pågangen av innsynskrav har blitt så stor – ei aldeles utmerka utvikling spør du meg – men nokre i forvaltninga fører openbart vidare argumentasjonen mot offentlegprinsippet frå 1850-åra: «Statsadministrasjonen tiltrænger, som enhver anden menneskelig Idræt, en viss grad av Ro og Uafhængighed, hvis den skal kunde virke på en forsvarlig Maade..» (sitert etter Sjue 2009:19). Dette argumentet vart gjentatt med litt andre ord på 1950-talet og i endå ei omskriving Kulturdepartementet i grunngjevinga for forslaget om at journalføring av innsynskrav var unødvendig. Kan det vere at nettopp denne utvida tilgangen til statsorgana sine journalar inneber at risikoen for at dokument ikkje blir journalført har blitt større?

Den slovenske filosofen Slavoj Zizek noterte seg etter Cablegate at «[d]et eneste overraskende med WikiLeaks-avsløringene er at de ikke inneholder noen overraskelser» (Zizek 2011). Og dette er kanskje dekkjande for våre reaksjonar på avsløringane av manglande journalføring av e-post i Lysbakken-saka: Vi veit jo at sånt skjer. Detaljane i dei enkelte avsløringane er sjølvsagt nye, men den praksisen som blir avslørt var vel eigentleg forventa? I følgje Zizek er det viktigaste ved Wikileaks-avsløringane at dei «truer … maktens formelle funksjon. De virkelige målene her er ikke de skitne detaljene og individene som var ansvarlige for dem; med andre ord ikke så mye de som har makten, som makten i seg selv, dens struktur» (same stad). Wikileaks utfordra den etablerte samhandlinga mellom staten og samfunnet, der storting, regjering, organisasjonane, media og offentlegheita samhandlar innanfor etablerte maktstrukturar der dei ulike aktørane har bestemte roller og rammer å halde seg til. Og avsløringane rokkar ved ein av føresetnadene for den liberale demokratiet, nemleg konsensusen om at det finst visse ting som må haldast hemmelege (sjølv om det alltid har og vil vere strid om grensene for hemmeleghaldet). Dette angår sjølvsagt også arkivarane, som i sine yrkesroller er delar av systemet og jobbar innanfor dei samfunnsmessige maktstrukturane; arkivarane forvaltar den informasjonen som blir skapt (eller har blitt skapt) og fungerer såleis i skjeringspunktet mellom hemmeleghald og offentlegheit.

Konsensusen om retten til hemmeleghald byggjer på at borgarane har tillit til at styresmaktene ikkje misbruker denne retten. I følgje den sørafrikanske arkivaren Verne Harris byggjer dette på ei form for samfunnskontrakt; grensene for hemmeleghaldet er som regel, men ikkje alltid, kontraktfesta. I artikkelen Against The Grain: Psychologies And Politics Of Secrecy (Harris 2009) siterer han briten Richard Hoggart for å illustrere dette: «A well-running democracy will constantly quarrel with itself, publicly, about the right things and in the right way». Demokratiet må ha grenser for samfunnstriden og dette blir fastsett gjennom det Harris kallar «a web of contracts, expressed in constitutions, laws, codes and agreements». Motsetninga mellom hemmeleghald og openheit høyrer heime i denne konteksten, som gjeld (og han refererer her Jacques Derridas formulering) «the participation in and the access to the archive, its constitution, and its interpretation» . Denne samfunnskontrakten, regelverket som regulerer tilgangen til arkivet er sjølv gjenstand for politisk strid, mellom dei som ønskjer meir offentlegheit og politiske og byråkratiske elitar som ofte ønskjer mindre offentlegheit. Eit regelverk vil dessutan alltid vere gjenstand for tolking, og Harris kritiserer oppfatninga av at

contract is the beginning and the end of ethical enquiry – getting it right is simply about applying contract correctly. This, I would insist, is to confuse law with justice… If we are concerned about ‘getting it right’ then we must refuse to stop at contract. We must reach for justice (same stad).

Harris plasserer her arkivaren som ein aktør i den politiske kampen om hemmeleghald og openheit. Arkivarane kan ikkje gøyme seg bak regelverket; dei må – i alle fall i visse situasjonar – velje side. Ikkje minst fordi styremaktene av og til bryt kontrakten, og endå oftare tøyer den, for å halde opplysningar hemmelege som skulle ha vore offentlege.

Kva skal ein arkivar gjere når ho får kjennskap til ulovleg hemmeleghald? Eg er ganske sikker på at dei fleste arkivarar i forvaltninga har kjent og kjenner til brot på arkiv-, offentleg- eller forvaltningslova (kanskje først og fremst manglande journalføring av e-post, som også fungerer som ei form for ulovleg hemmeleghald) utan å gå offentleg ut med konkrete saker. Og det er fullt forståeleg; dei fleste slike saker er mindre alvorlege og lar seg løyse internt. Men kva med dei store sakene? Det er vel lite sannsynleg at arkivarane i BLD om e-postkorresponansen med SU, men kanskje meir sannsynleg at dei visste den manglande journalføringa i saka om tilsetjing av nytt barneombod under Ramin-Osmundsen. Eg kan likevel forstå at ein ikkje gjekk ut med dette før leiaren i «arkivavdelinga» 12.02.08 på forespørsel frå Bergens Tidende opplyste at «prosessen har foreløping gått utenfor vårt journalsystem», fordi ein ville ha blitt involvert i eit politisk spel på høgaste nivå. Valet om å eventuelt varsle offentlegheita om slike saker er eit alvorleg val, av fleire grunnar. Ein ting er at varslarar som oftast får lide for det dei har gjort, blir mistenkjeleggjort, misser jobben og kanskje får ei rettssak på nakken. Men også fordi slike val vil vere ei tung personleg bør å bere. Verne Harris, som sjølv varsla om ulovleg kassasjon av arkiv i Sør-Afrika i 1994, meiner den som kjenner seg tvungen til gjere eit slikt val må gå gjennom ein prosess der ein først undersøkjer

the web of rights that applies to interested parties at different levels. Secondly, an analysis aimed at weighing competing claims against one another in the specific circumstances confronting the archivist. Thirdly, a testing of one’s views and feelings with respected colleagues and friends. And finally, paying heed to one’s conscience. If we follow conscience without taking the first three steps, we abandon accountability and risk assuming godlike powers. If we ignore conscience and rely only on the exercise of reason, we deny our humanity and seek to avoid bearing the burden of choice. It is only when we embrace all four elements that we can feel confident about having fulfilled the responsibilities invested in us as professionals (Harris 2007: 211).

Wikilekkasjane er eit faktum. Arkivarar har ikkje noko anna val enn å diskutere utfordringane dei reiser, ikkje minst med tanke på legitimiteten til vår eigen profesjon og for å vise at det vi arbeider med er viktig, for samfunnet og for enkeltmennesket. Vi bør bruke dette høvet til å diskutere spørsmåla om autentisitet, om hemmeleghald og openheit, og ikkje minst vår rolle som medskaparar og forvaltarar av både dei aktive arkiva og den arkivale dokumentarven. Vi treng neppe frykte at dette vil rokke ved tilliten til arkivarprofesjonen; tvert om – wikilekkasjane har skapt ein situasjon der det er nødvendig at arkivarane står fram som reflekterte og samfunnsbevisste fagpersonar. Men den viktigaste grunnen til at vi må ta debatten er dei endringane den nye teknologien har ført til når det gjeld kva som blir arkivert, korleis arkiva blir organisert og korleis dei kan gjerast tilgjengelege. Dette er i ferd med å skape djuptgripande endringar i rammevilkåra for arkivarprofesjonen, endringar som vi kanskje enno ikkje forstår, langt mindre har tatt inn over oss. Dersom ikkje arkivarane tar debatten og posisjonerer seg i høve til desse utfordringane, kjem ei anna yrkesgruppe til å gjere det.

Litteratur

Harris, V (2007): Archives and Justice. Chicago: Society of American Archivists

Harris, V. (2009): Against The Grain: Psychologies And Politics Of Secrecy. I Archival Science December 2009, Volume 9, Issue 3-4.

Sjue, F. (2009). Lovens trange fødsel. I A. Jensen & F. Sjue (red.), Innsyn. Kristiansand: IJ-forl

Zizek, S. (2011): Dannelse i WikiLeaks’ tidsalder. I Vagant, 3.02.11 http://www.vagant.no/dannelse-i-wikileaks-tidsalder/

Dette foredraget vart halde ved Norsk Arkivråds landskonferanse hausten 2012 og er tidlegare publisert i tidsskriftet Arkivråd 4/2012.

Kommenter innlegget