Home

Nokre refleksjonar om arkivvitskapen, arkivarprofesjonen og arkivutdanninga

Foredrag på det 4. norske Arkivmøtet 2009

Gudmund Valderhaug

(Innleiing)

Utgangspunkt for denne artikkelen er erfaringar frå arbeid med arkivfagleg kompetanseutvikling og undervisning i 20 år. I 15 år som IKA-arkivar heldt eg ei uendeleg rekkje kurs for arkivtilsette i kommunane. Som leiar i LLP i åra rundt tusenårsskiftet var eg med på å utvikle noko vi kalla «kompetanseprogrammet», ein ganske ambisiøs strategi for fagleg utvikling av tilsette i arkivinstitusjonane. Frå 2003 har eg undervist i arkiv ved Høgskolen i Oslo. Eg skriv altså denne artikkelen som arkivlærar, og den skal handle om det faget eg underviser og forskar i, og om kva som bør vele målet for ein arkivarutdanning.

Dersom arkiv skal kunne ha bestemte funksjonar i eit samfunn, er det ein grunnleggjande føresetnad at dette samfunnet kan feste lit til at arkivdokumenta er det dei gir seg ut for å vere. Framveksten av arkivistikk, eller arkivvitskap, som ein eigen fagdisiplin med teoriar, metodologiar og teknikkar, kan difor forståast som eit uttrykk for samfunnets behov for å kunne kontrollere informasjonen i arkiva. Likeeins kan vi forstå utviklinga av denne fagdisiplinen frå 1800-talet og fram til i dag på bakgrunn av endringar i dei samfunnsmessige funksjonane til arkiva og i dei teknologiske føresetnadene for arkivering.

Eg skal først gi eit grovt riss over ord om utviklinga av arkivfaget som vitskapleg disiplin, deretter seie nokre ord om arkivprofesjonens utvikling og så avslutte med mi oppfatning av kva ei arkivfagleg utdanning bør omfatte. Undervegs vil eg også presentere arkivarstudiet ved Høgskolen i Oslo. Tittelen på foredraget – mellom praksis og teori – er meint som ein noko spissformulert karakteristikk av det norske arkivmiljøet. Det er få som engasjerer seg i teoretiske problemstillingar, men dei er fleire enn for nokre år sidan. Og det er faktisk relativt mange som jobbar med metodologiske spørsmål. Dei arkivarane som jobbar med praktiske oppgåver utgjer definitivt tyngdepunktet i miljøet, men slik har det alltid vore.

(Arkivvitskapen)

Arkivaryrket har tradisjonelt vore praktisk orientert. Det er symptomatisk at det verket som i meir enn 100 år har vore rekna som «arkivaranes bibel» – Muller, Feith og Fruins Handleiding voor het ordenen en beschrijven van archieven – faktisk er det tittelen seier: ein vegleiar i ordning og beskriving av arkiv. Det er lite teori i boka; den er først og fremst ei metodisk og praktisk handbok, utan nokon utvikla teoretisk forankring. Forfattarane sitt ærend var heller ikkje å drive teoretiske spekulasjonar kring arkivets generelle eigenskapar, men å formulere eit sett reglar som skulle bidra til at dei nederlandske arkiva etablerte ein felles standard for arkivordning og arkivbeskriving (Muller et al 2003:9). Utgangspunktet for vegleiinga likevel ei bestemt oppfatning av kva eit arkiv er; for forfattarane var eit arkiv ein «organisk heilskap» som hadde vakse fram – som ein organisme – i samsvar med «bestemte reglar, lover, prosessar og særeigenheiter» (Horsman et al 2003:260-61). Denne arkivforståinga var også grunnlaget for formuleringa av dei to metodologiske grunnprinsippa i vegleiinga: proveniensprinsippet og prinsippet om den opphavlege orden.

Femti år etter publiseringa av den nederlandske handboka gav Sir Hilary Jenkinson, den fremste britiske arkivvitaren på 1900-talet, uttrykk for det same synet då han skreiv at arkiva «kom saman og nådde si endelege ordning, gjennom ein naturleg prosess: er ein vekst; vi kan seie nesten like mykje ein organisme som eit tre eller eit dyr. Dei har følgjeleg ein struktur, eit utrykk og eit naturleg tilhøve mellom delane som er essensiell for deira meining: eit enkeltdokument tatt ut av eit arkiv kan like lite gi uttrykk for heilskapen som eit enkelt bein som er skilt frå skjelettet etter eit utdøydd og ukjent dyr. Arkivkvaliteten kan berre overleve usvekka så lenge som denne naturlege forma og relasjonen er bevart» (Jenkinson 2003:238-39).

Men i motsetning til Muller, Feith og Fruin, utvikla Jenkinson ei teoretisk grunngjeving for si arkivforståing. Han definerte arkiv som «dei dokumenta som er akkumulert ved ein naturleg prosess som ledd i forvaltninga av ei verksemd av eit kvart slag, offentleg eller privat, til ei kvar tid; og deretter bevart for referanse, i eiga forvaring, av dei personane som var ansvarleg for verksemda eller deira etterfølgjarar» (ibid:237). Når eit arkiv er bevart på denne måten, gjennom ei ubroten forvaring hos arkivskaparen, er det ein organisk heilskap og kan framstå som «upartisk og autentisk dokumentasjon».

Den arkivforståinga som den klassiske arkivistikken bygde på, gav i realiteten lite rom for teoretisk spekulasjon. Arkivet vart skapt gjennom ein «naturleg prosess»; arkivarens jobb var å ordne og beskrive det i samsvar med denne «naturlege» strukturen. Den hollandske vegleiinga gav svar på dei fleste prinsipielle, metodiske og praktiske spørsmål som kan melde seg i samband med ordning og beskriving av papirbaserte arkiv. Eric Ketelaar (2000:234-35) meiner at den høge kvaliteten til vegleinga har vore ei viktig årsak til den låge interessa for arkivfagleg teori blant arkivarar flest: «Dette er paradokset ved fagleg kvalitet. Den tidlege profesjonaliteten til nederlandske arkivarar førte til at dei avgrensa seg til å spørje «kva» og «korleis» istaden for «kvifor». Dette førte til at dei fokuserte på prosedyrane, metodane og teknikkane ved arkivarbeidet og sette materien over ånda».

Den klassiske arkivistikkens fokus på fysiske dokument og på dei fysiske strukturane i arkivet som uttrykk for relasjonane mellom dokumenta, førte samtidig til at sentrale omgrep ofte også vart forstått som fysisk forhold eller objekt: Proveniens kunne bli oppfatta som det konkrete opphavet til eit arkiv, i eit fysisk kontor, medan dokumentet vart betrakta som ein fysisk gjenstand. Dei funksjonelle og kontekstuelle forholda som låg bak desse fysiske strukturane og objekta vart ofte oversett, og analysen av arkivet som uttrykk for arkivskaparens samfunnsmessige posisjon og verksemd vart forsømd. Dette bidrog til at arkivistikken i praksis kunne bli redusert til normative prosedyrar, metodar og teknikkar i arbeidet med å ordne og katalogisere arkiv som fysiske objekt.

Sidan 1980-talet har vi opplevd ei rivande utvikling i arkivfaget; eg vil hevde at arkivfaget i løpet av dei siste tretti åra har utvikla seg frå ein historisk hjelpevitskap til ein sjølvstendig vitskapleg disiplin. Dette har openbart fleire årsaker; eg vil nøye meg med å peike på dei viktigaste forholda.

For det første vart den klassiske arkivistikken utfordra av den digitale teknologien. Den fysiske forståinga av grunnleggjande arkivfaglege begrep viste seg ikkje å halde mål; dei måtte erstattast av abstrakte begrep. Eit talande eksempel på dette er den tradisjonelle oppfatninga av arkivdokument som unika: «Er arkivdokumentet unikt fordi det berre finst som eitt skriftleg dokument? I kontrast til bøker, aviser og tidsskrift?» spør Ketelaar i eit fordrag frå 1997, og svarar: «I den moderne digitale verda er skiljet mellom original og kopi meiningslaus. Årsaka til at arkivdokumentet er unikt er ikkje den unike karakteren til dokumentet eller informasjonen det inneheld. Det som eigentleg gjer arkiva unike er deira eigenskap som sediment etter spesifikke og unike aktivitetar eller transaksjonar» (Ketelaar 1997). Eit anna døme på denne begrepsutviklinga finn vi endringa i arkivlovas dokumentdefinisjon, frå «medium som lagrar informasjon» til ei «logisk avgrensa informasjonsmengde».

Samtidig vart oppfatninga av arkivet som ein «naturleg, organisk heilskap» utfordra frå anna hald; Foucault, Derrida og andre viste at arkivet er konstruert, skapt av menneske som overfører sine verdiar og oppfatningar til arkivdokumentet. Arkivet blir ikkje skapt gjennom ein «naturleg» prosess, men gjennom ein samfunnsmessig prosess som er påverka av sosiale maktrelasjonar, byråkratiske, juridiske, kulturelle og teknologiske vilkår og av arkivskaparens sosiale posisjon, behov og formål. Arkivet er «lova om kva som kan bli sagt» i følgje Foucault (1992:129), eller sagt med Kaisa Maliniemis ord (2005:4): «Arkiveringsprosessen er ikke en objektiv handling, den tjener noens interesser».

Innanfor denne nye arkivvitskapen har det utvikla seg ulike faglege retningar, slik som i andre vitskapar; kanskje er eksistensen av ulike teoretiske og metodologiske retningar eit av kjenneteikna på ein vitskap? Vi kan finne retningar som er mest opptatt av arkivet som system og som har arbeida med å identifisere funksjonelle og tekniske føresetnader for å bevare elektroniske arkiv som autentisk dokumentasjon over tid. Andre retningar har arbeida med å forstå arkiv som samfunnsfenomen, t.d. med å få innsikt i kvifor og korleis ulike samfunn skaper og bruker arkiv og korleis maktrelasjonane i samfunnet påverkar arkiva, eller korleis arkiv fungerer som grunnlag for identitet og kulturell forståing. Vi kan altså observere framveksten av to hovuddiskursar innanfor arkivvitskapen, i det arkivfaglege miljøet, ein med fokus på arkiv som system og ein med fokus på arkiv som samfunnsfenomen. Og la det vere sagt: denne framstillinga er sjølvsagt ein grov forenkling; det finst arkivarar og arkivvitarar som ikkje vil kjenne seg heime i nokon av desse, eller kanskje i begge desse diskursane.

Likevel: Den kanskje viktigaste faglege utviklinga dei siste tretti åra er at heile arkiveringsprosessen har blitt tema for arkivvitskapen. I motsetning til den klassiske arkivistikken, som eksklusivt behandla avslutta arkiv, er så godt som alle faglege retningar i dag samde om at også arkivdanninga er eit arkivvitskapleg område, og eit viktig område, for teoretisk og metodologisk forsking og utviklingsarbeid.

I tillegg har Arkivet – med stor A – har vore tema innafor ei rekkje andre akademiske disiplinar det siste tiåret, særleg etter at Jacques Derridas Archive Fever vart gitt ut på engelsk. Mange har skrive godt og spennande om Arkivet som inskripsjon, som maktsymbol og maktutrykk, som område for omstridde og motstridande minne, marginalisering og gløymsle. Men, som Terry Cook kommenterte i sitt innlegg på konferansen The Philosophy of the Archive i Edinburgh i april i fjor, har denne diskusjonen i liten grad handla om dei verkelege menneska som arbeider i dei verkelege institusjonane og med verkeleg arkivmateriale, og deira faglege haldningar, oppfatningar, teoriar, metodar og prosedyrar som kontinuerleg skaper og gjenskaper karakteren til arkivmaterialet som blir bevart og gjort tilgjengeleg i desse institusjonane. Og, framleis i følgje Cook, i denne teoretiseringa om Arkivet, har arkivarane ikkje berre vore fråverande som objekt, men også som subjekt. Den viktigaste aktøren har mangla i denne samanhengen, nemleg ho som definerer, vel ut og konstruerer dei arkiva som blir bevart, ho som representerer og re-presenterer dei overlevande spora for forskarar og andre brukarar.

(Arkivarprofesjonen)

Utviklinga av dette arkivfaglege mangfaldet har ikkje berre sine årsaker i teknologi og såkalla «postmoderne» påverking, den kan også forståast som ei følgje av at arkivets samfunnsmessige funksjonar har blitt utvida og viktigare i løpet av dei siste tiåra. Offentlegprinsippet, som gjer arkiv til ein viktig reiskap for å føre demokratisk kontroll av makthavarane, har blitt innført i ei lang rekkje land dei siste femti åra. Den samfunnsmessige utviklinga nasjonalt og internasjonalt har samstundes sett fokus på kva arkiv kan har å seie for enkeltmenneskets rettstryggleik. Den digitale teknologien har opna arkiva for heilt nye brukargrupper, men har samtidig skapt nye og effektive verktøy for overvaking og kontroll av innbyggarane i eit samfunn. Samfunnet er meir avhengig av arkiv enn nokonsinne før, og arkivaren – både i forvaltning og depot – har fått ein meir framskoten samfunnsposisjon.

Ein svært synleg konsekvens av dette er den aukande interessa for fagetiske spørsmål i arkivmiljøet. For tjue år sidan var dette faktisk eit ikkje-tema. I den klassiske arkivistikkens æra vart arkivarens etiske imperativ formulert på denne måte av Jenkinson: «Hans credo [er] bevisets ukrenkelegheit; hans gjerning [er] bevaringa av alle restar av bevis festa til dokumenta som er overlatne til hans forvaring; hans hensikt [er], utan fordom eller ettertanke, å stille kunnskapens midlar til rådigheit for alle som ønskjer å kjenne dei.» (Jenkinson 2003:258-59). Altså: arkivarens fremste plikt var å bevare og tilgjengeleggjere arkivet som «upartisk dokumentasjon» av verksemda til ein arkivskapar.

Jenkinsons etiske imperativ er ikkje tilstrekkeleg for arkivarar i det 21. hundreåret.
I dagens Noreg har både forvaltnings- og depotarkivarar viktige samfunnsroller, knytt til dei utvida samfunnsfunksjonane til arkiva. I offentleg sektor er arkiva ikkje berre ein administrativ ressurs for arkivskaparen, dei blir også skapt for å vere grunnlag for innsyn og demokratisk kontroll av makthavarane, for individuell og kollektiv rettstryggleik, og for å bli kjelder for kontrollerbar kunnskap om fortida. I vårt land – og ei lang rekkje andre land – er desse formåla faktiske nedfelt i arkivlovgivinga. Det «store arkivet», summen av dei eksisterande og tilgjengelege arkiva, skal vere ein grunnleggjande samfunn ressurs for samfunnsborgarane. Jacques Derrida har karakterisert arkivas samfunnsmessige betydning slik: «Graden av demokrati kan målast etter eit grunnleggande kriterium: Tilgangen til arkivet, til skapinga av det og til eller tolkinga av det» (Derrida 1995:4).

Denne samfunnsmessige orienteringa av arkivarprofesjonane har bidratt til å redusere avstanden mellom depotarkivarar og forvaltningsarkivarar. På den andre sida har innlemminga av arkivdanninga i den arkivvitskaplege domenet bidratt til at kunnskaps- og kompetansekrava til arkivarar i forvaltning og depot har nærma seg kvarandre. Dei utfordringane som begge desse arkivargruppene møter, som følgje av nye samfunnsroller og teknologisk utvikling, har ført til at vi i dag treng arkivarar med ny kompetanse.

Arkivarbeid er eit vitskapleg basert fagområde, ikkje berre eit område for lov- og regelverksforvaltning. Det er ikkje tilstrekkeleg med depotarkivarar som kan følgje ein fastsett metodologi og ordne eit arkiv, eller forvaltningsarkivarar som kan føre journal og sørge for at rett sak hamnar på rett plass i systemet. Vi treng forvaltningsarkivarar med med innsikt i arkivdanningssystema, men også med kunnskap om arkivas samfunnsfunksjonar på kort og lang sikt. På den andre sida vil ein depotarkivar som ikkje veit kvifor og korleis arkiv blir skapt, neppe vere i stand til å gjere jobben sin.

Forvaltningsarkivarar og depotarkivarar kan reknast som to profesjonar, men begge gruppene treng teoretisk, metodologisk og teknisk innsikt som gjer dei i stand til å analysere og løyse faglege problem på eiga hand. Og den kunnskapen som er grunnlaget for slik innsikt er langt på veg felles for dei to profesjonane; det kan dreie seg om arkiv som system og samfunnsfenomen og som dokumentasjon og samfunnsminne; det kan dreie seg om prinsippa for danning og bevaring, om tilgang og innsyn, og om fagetikk. I tillegg har dei to profesjonane sjølvsagt behov for spesifikk kunnskap for sine arbeidsområde, men den faglege basisen er felles. Denne erkjenninga er grunnlaget for arkivutdanninga ved Høgskolen i Oslo (HiO).

(Arkivarutdanning)

Å utdanne arkivarar er relativt nytt her til lands. Det vanlege – både i forvaltning og depot – har vore praksisbasert opplæring i forvaltningsorgan og institusjonar, der ein har lært prosedyrar og teknikkar med rettleiing frå ein meir erfaren kollega. Og kanskje har ein blitt oppfordra til å lese nokre fagartiklar. Denne normative læringsmåten er ikkje tilstrekkeleg i for arkivarar i dag.

Då vi – Egil Borlaug og eg – reviderte studieplanen for arkivet ved HiO for nokre år sidan, var målet vårt å lage eit studium som kvalifiserte for arbeid i både forvaltning og depot som og bygde på fagdisiplinens vitskaplege karakter. Dette bygde på ei erkjenning av at dei grunnleggjande kompetansekrava til forvaltningsarkivarar og depotarkivarar i dag er relativt like. Vi laga difor eit grunnstudium som skal gi studentane brei innsikt i faget og som behandlar arkiv både som samfunnsfenomen og som system.

Det som er spesielt med grunnstudiet, er at det – i motsetning til det som er vanleg ved tilsvarande studium i andre land – ikkje startar med arkivteori og arkivsystem. Vi startar i staden med arkivets samfunnsfunksjonar, for å gi studentane forståing av kvifor og korleis arkiv blir skapt som dokumentasjon av handlingar og transaksjonar hos arkivskaparen, og korleis blir brukt som grunnlag for innsyn og demokratisk kontroll, rettsdokumentasjon og kjelde for kunnskap og historisk forståing. Kjerna i emnet er det lovverket som regulerer saksbehandling, arkivdanning og arkivbevaring i offentleg sektor.

Med dette grunnlaget på plass, blir så studentane presentert for arkivteori og arkivsystem i emne nummer to. Studentane skal her skaffe seg god innsikt i utviklinga av arkivteori og i dei teoretiske og metodiske prinsippa som ligg til grunn for handtering og dokumentasjon av analoge og elektroniske arkiv både i dannings- og bevaringsfasen. Dette inneber kunnskap om ISO 15489 og NOARK, men også om ISAD(G) og ASTA. Kjerna i emnet er likevel NOARK-standarden.

Tredje emne handlar hovudsakleg om bevaringsteori og arkivplan. Studentane skal ha oversyn over utviklinga av bevaringsteori- og metodikk frå Schellenberg og fram til i dag og få god innsikt i norsk bevaringstradisjon. Hovudvekta blir lagt på funksjonsbasert bevaringsteori, fordi den funksjonsanalytiske tilnærminga er aktuell både for bevaringsvurdering og arkivplanlegging. Studentane skal tileigne seg kunnskap som gjer dei i stand til å gjennomføre funksjonsanalyse av ein arkivskapar etter den australske DIRKS-modellen. Dette blir så prøvd gjennom eit prosjektoppdrag der studentane skal analysere dokumentasjonsbehova i ein organisasjon og gjennomføre ei bevaringsvurdering eller utvikle element til ein arkivplan.

Fjerde emne dreier seg hovudsakleg om publikumsrelasjonar i forvaltnings- og depotarkiv, og om fagetikk og rolleforståing. Sentrale tema er praktisering av offentlegheit og partsinnsyn og dei utfordringane som utviklinga av e-forvaltning kan få for arkivarane. Samtidig får ei grunnleggjande innføring i arkivformidling og nettkommunikasjon. Målet for emnet er å utvikle eit kritisk forståing av arkivarens posisjon mellom brukaren og arkivet.

Grunnstudiet dekkjer 60 studiepoeng og blir gjennomført på deltid over to år. I tillegg kan studentane gjennomføre eit påbyggingsstudium på 30 studiepoeng om digital arkivdanning og -bevaring (og – med atterhald om godkjenning frå HiO – eit emne om digitalt depot på 15 poeng). Påbyggingseiningane er altså konsentrert om elektroniske arkiv, og med ei meir teknisk tilnærming enn grunnstudiet. Studentane skal tileigne seg teoretisk, metodologisk og praktisk kunnskap som set dei istand til å operere elektroniske arkivsystem, gjennomføre datauttrekk og bevare elektroniske arkiv. Samtidig er det er utfordring – som vi førebels ikkje har takla godt nok – å integrere teoretiske og etiske perspektiv med desse emna. Elektronisk arkiv kan lett bli for mykje teknikk, og dette er problematisk når vi veit kor effektive desse arkiva kan vere som verktøy for registrering og kontroll av samfunnsborgarane.

I dag har HiO i praksis dei emna på plass som trengst for å etablere ein bachelorgrad i arkivvitskap. Formalia står att, men det tar vonleg ikkje så lang tid før dette er avklara. På litt lenger sikt må vi få plass eit mastergrad. Mitt personlege ønske er å utvikle ein erfaringsbasert master, slik at arkivarar som arbeider i forvaltning og depot (og som har bachelor- eller mastergrad i andre fag) kan gå rett på eit tilpassa masterstudium. Eg veit at det finst fleire hundre kolleger rundt omkring som er kvalifiserte for eit slikt studium. Status for arkivutdanninga ved HiO er at vi i dag har 2,7 lærarstillingar og ca 70 studentar. Dette er eit godt utgangspunkt for arbeidet framover. Formålet med arkivutdanninga er å utdanne gode og kritiske arkivarar, men det samstundes eit viktig delmål å utdanne forskarar som kan styrke faget som akademisk disiplin. Og no i vår vart Karen Anderson tilsett som professor II ved HiO for å gjere det mogleg å ta ein arkivvitskapleg PhD-grad. Utviklinga framover

(Avslutning)

Arkivvitskapen og arkivarprofesjonen har gjennomgått ei omfattande utvikling dei siste tretti åra. Faget har blitt etablert som ein sjølvstendig vitskapleg disiplin og i aukande grad vendt seg mot samfunnet utanfor arkiva. Arkivarane i forvaltning og depot opptrer meir og meir som samfunnsaktørar, plassert i skjeringspunktet mellom forvaltninga, arkiva, samfunnet og samfunnsborgarane som etterspør arkivdokumentasjon. For meg reiser dette grunnleggjande spørsmål om kven arkivarane står til ansvar for. Er det arbeidsgivaren, som disponerer vår arbeidskraft og kompetanse åtte timar om dagen? Eller er vi først og fremst forplikta overfor arkivet, for å sikre autentisiteten og integriteten til arkivdokumentasjonen? Korleis heng dette saman med vårt ansvar overfor samfunnet? I kva grad står vi ansvarleg overfor brukarane av arkiva? Kva med dei som er registrerte i arkiva? Og – sett i forhold til alle desse «ytre» relasjonane – kan vi i det heile tatt lytte til kva vårt eige samvit seier om den jobben vi utfører? Arkivfaget, som profesjon, som utdanning, eller som som vitskapleg disiplin, kan ikkje lausrivast frå det samfunnet arkiva blir skapt og brukt i.

Kjelder

Derrida, J (1996): Archive Fever. A Freudian Impression. The University of Chicago Press, paperback edition 1998.

Foucault, M (1992): The Archaeology of Knowledge and the Discourse on Language. Pantheon, New York.

Horsman, P, Ketelaar, E og Thomassen, T (2003): New Respect for the Old Order. The Context of the Dutch Manual. I: The Amercian Archivist vol 66, Chicago.

Jenkinson, H (2003): Selected Writings. Society of American Archivists, Chicago.

Ketelaar, E (2000): Archival Research saving the Profession. The American Archivist vol 63, Chicago.

Ketelaar, E (1997): Can We Trust Information? I: The International Information & Library Review, Vol. 29, No. 3-4, 1997.

Maliniemi, K (2005): Rapport fra forprosjekt: Nasjonale minoriteter i offentlige arkiver. Kartlegging av kilder relatert til kvener i Nordreisa og Porsanger. Landslaget for lokal- og privatarkiv, Oslo.

Muller, F, Feith, J A og Fruin, R (2003): Manual for the Arrangement and Description of Archives. Nyutgåve, Society of American Archivists, Chicago

Kommenter innlegget