Home

Kjære kolleger, gode arkivfolk!

Eg vil først takke arrangementskomiteen for invitasjonen til å halde dette innlegget om den arkivpolitiske situasjonen etter arkivmeldinga. Det var uventa, men desto meir gledeleg. Det oppdraget eg har fått, er å seie noko fornuftig om kor «vi» står og går etter arkivmeldinga. Så eg vil starte med litt dekonstruksjon: Kven er «vi» i denne samanhengen? Spørsmålet er ikkje meint retorisk; ulike svar på kven vi er, kan vi svært forskjellige svar på kor «vi» står og kor «vi» går.

Frå mitt perspektiv, som arkivlærar og arkivforskar, vil «vi» vere dei reelt eksisterande arkivarane, dvs. alle som arbeider med arkiv i dette landet, uansett om dei sjølve oppfattar seg som eller arkivarar eller dokumentalistar eller records managers eller document controllers eller samlingsforvaltarar eller spesialbibliotekarar eller lokalhistorieaktivistar eller noko anna. For meg er arkivaren ein person som har ei definert oppgåve knytta til skaping, vedlikehald, bevaring eller tilgjengeleggjering av arkiv, dvs. dokumentasjon som har betydning for delar av eller heile samfunnet ut over dagen i dag. Altså svært mange menneske.

Vi kan sjølvsagt definere dette «vi» på andre måtar. Vi kan t.d. seie at «vi» er alle som arbeider med arkiv som er underlagt arkivlova, dvs. som arbeider med bevaring av 1) offentlege arkiv og 2) private arkiv i institusjonar som mottar offentleg støtte, og 3) arbeider i arkivskapande verksemder som er omfatta av bestemmelsane i arkivforskrifta. Denne definisjonen reduserer talet på arkivarar ein god del, men ekskluderer samtidig det meste av arkivdanninga i privat sektor og det er kanskje ikkje så klokt. Og det er uansett framleis tale om svært mange arkivarar.

Usemje er bra!

Det eg vil fram til med denne «dekonstruksjonen» er «vi» ikkje er ei homogen gruppe menneske. Vi jobbar alle med arkiv, ja, men med tildels svært ulike utgangspunkt og formål. Difor vil det alltid vere fagleg usemje og interessemotsetningar og av og til maktkamp i arkivmiljøet (uansett korleis vi definerer det) og difor er det i dag ulike oppfatningar av kor «vi» står og skal eller bør gå etter arkivmeldinga.

  • LLP slår fast at arkivmeldinga «viser klart at ikke-statlig sektor overhodet ikke er blitt tatt hensyn til i den endelige meldingen. Dette oppleves som ignorering og statlig overstyring av kommunal sektor».
  • Norsk Arkivråd konstaterer at «Arkivdanning er riktignok beskrevet, men så snart man beveger seg over på vyer og utfordringer, skinner det så klart igjennom at danningsperspektivet har gått tapt underveis og er totalt fraværende, det er kulturvern, arkivdepot og historie som er i høysetet. Og for oss i Norsk Arkivråd er det mistrøstig å konstatere at alle innspill vi har kommet med underveis, er totalt utelatt fra meldingen».
  • Riksarkivar Ivar Fonnes noterer seg at «det er første gang staten formulerer en arkivstrategi som sidestiller alle samfunnssektorer. Dette innebærer at det blir en statlig strategi å medvirke til bevaring og tilgjengeliggjøring av kommunale og private arkiver, ved siden av å ta vare på sine egne arkiver. Strategien gjelder for alle stadier i arkivmaterialets livssyklus – fra materialet blir til som ledd i en offentlig eller privat virksomhet og så lenge det er bevaringsverdig. Arkivmeldingen gir Riksarkivaren et tydeligere og sterkere mandat for å utforme og iverksette denne strategien».

Usemja om «kor vi står» er altså openbar, og det kan gjere vegvalet vidare desto vanskelegare. Men ikkje nødvendigvis, for fagleg usemje er positivt. Og interessemotsetningar kan fungere positivt når dei blir handterte på ein god måte og ikkje glir over i maktkamp (og i verste fall maktmisbruk). Men dersom dersom dette skal vere muleg må ein faktisk – så langt det går an – leggje arkivmeldinga bak seg og ikkje gi seg inn på å spele omkampar når det andre laget – dvs departementet – ikkje lenger er på banen.

Eg skal ikkje seie veldig mykje om mitt syn på arkivmeldinga. Den som vil kan lese mine innlegg på depotdrengen.wordpress.com, så eg skal berre trekkje fram nokre få hovudpunkt. Eg vil først få sagt at for meg var arkivmeldinga omtrent som forventa. Den er ei stortingsmelding som er prega av det kulturdepartementale utsynet over arkivlandskapet og av ei forvaltningsbasert arkivforståing. Etter at eg slutta i ABM-utvikling hausten 2006 har eg ved mange høve kritisert Kulturdepartementet for å byggje sin politikk på ei arkivforståing der arkiva først og fremst blir verdsett som forvaltningsdokumentasjon og ikkje som integrerte samfunnsmessige minne. At departementet har eit særleg auge til Arkivverket som statens arkiv er forståeleg, likeeins er det klart at det kommunale sjølvstyret og bestemmelsane i arkivlova set visse grenser for kva arkivpolitiske verkemiddel som kan takast i bruk. Men dette er ikkje til hinder for å leggje ei samfunnsmessig arkivforståing til grunn for arkivpolitikken. No kan vi – dersom vi er positive (og det kan vi jo vere!) – notere oss at forfattarane av meldinga brukar omgrepet «samfunnsdokumentasjon» 15 gongar og skriv om behovet for å bevare statlege, kommunale og private arkiv som delar av denne samfunnsdokumentasjonen, men dette blir i liten grad følgd opp med konkrete virkemiddel og tiltak; hovudærendet er dei statlege arkiva – med vekta trygt plassert på bevaringssida.

Kommunearkiva

Dei kommunale arkivutfordringane blir behandla relativt overflatisk, trass i at dei kommunale arkiva må seiast å vere viktigare for den jamne innbyggjaren enn dei statlege arkiva.

Trass i store framgangar dei siste tretti åra, har arkivbevaringa i kommunal sektor framleis dårlegare rammevilkår enn i staten. For 13 år sidan vart Stortingsmelding 22 (1999-2000) om arkiv, bibliotek og museum i ei IKT-tid – ABM-meldinga – kritisert av eit samla kommunalt arkivmiljø for å neglisjere dei ikkje-statlege arkiva. Eg var den gongen leiar for IKA Hordaland og ein av kritikarane som peika på at meldinga knapt nok nemnde dei kommunale og fylkeskommunale arkiva og dei gode resultata desse institusjonane hadde oppnådd på 1990-talet. Denne overfokuseringa på det statlege Arkivverket førte m.a. til at kommunar og fylkeskommunar fekk uklare politiske signal om viktigheita av å satse på arkiva. Og kritikken var openbart relevant. Den vart bekrefta av Riksrevisjonens rapport om dei kommunale arkiva, som dokumenterte Kulturdepartementets konsekvente neglisjering av kommunale arkivspørsmål og dei følgjene dette hadde fått.

Og la meg her kome med eit viktig presisering: Det viktigaste verkemiddelet for å styrke arkivarbeidet i kommunar og fylkeskommunar er tydlege politiske signal, ikkje fleire inspeksjonar og meir kontroll. Og slike politiske signala må byggje på ei verdsetjing av det arbeidet som er gjort i kommunal arkivsektor. Dersom vi samanliknar med museumsmeldinga frå 2010, ser vi at den har ein relativt utfyllande fylkesvis gjennomgang av museumslandskapet, mens vi i arkivmeldinga må nøye oss med nokre korte avsnitt om lokale og regionale arkivinstitusjonar og ein tabell med «etableringsår for nokre kommunale og fylkeskommunale arkivinstitusjonar». Fanst det ikkje viktigare informasjon om dei kommunale arkivinstitusjonane å lage tabellar om? Forfattarane av stortingsmeldinga kunne ha rapportert om – og rosa – dei svært store framstega som vi har sett i kommunal arkivsektor dei siste 25 åra. Dei kunne sjølvkritisk drøfta årsakene til departementets neglisjering av det kommunale arkivområdet frå 1999 og utetter, men det gjer dei ikkje.

Dei kommunale arkiva har – saman med andre arkivinstitusjonar – dei siste ti åra hatt tilgang til frie prosjektmiddel, først gjennom ABM-utvikling og deretter Kulturrådet. Til saman er det løyvd meir enn 30 mill kroner til utviklingsprosjekt for arkiva, meir enn halvdelen av dette til kommunale arkivinstitusjonar. I tillegg kjem tverrsektorielle ABM-prosjekt og prosjekt som initiert av ABM-utvikling eller Kulturrådet, og 14 mill over støtteordninga for privatarkiv. Slik eg les arkivmeldinga er framtida til desse utviklingsressursane usikker.

Privatarkiva

På privatarkivområdet varslar departementet ein «ny strategi» der Riksarkivaren skal konkretisere «nivået for bevaring av privatarkiv i Noreg», innanfor ein ramme der «arkiv frå privat sektor skal vere tilfredsstillande representerte i ein samla samfunnsdokumentasjon», basert på «eit breitt samarbeid over heile arkivområdet» inkl privat sektor, med staten som «pådrivar og koordinator». Dette «samspelet» kan jo høyrast forlokkande ut, men det som avgjer om slike mål kan bli realitetar er dei verkemidla som er tilgjengelege. Korleis skal staten utøve si sentrale rolle som pådrivar? Meldinga gir desse svara:

  • «Offentlege arkivinstansar» må påverke private arkivskaparar til å bevare sine eigne arkiv. Greitt nok, men dette har jo fylkeskommunale, interkommunale og kommunale arkiv gjort i ei årrekkje og mange privatarkiv har blitt bevart som ei følgje av lokalt engasjement og kommunal og fylkeskommunal innsats. Her i Ålesund har IKAMR påverka eigarane av skipsverftet AM Liaaen til å bruke rundt ein kvart million kroner til å ordne og registrere verftsarkivet. Utfordringa no er kor dette arkivet på ca 120 hm skal oppbevarast og korleis det skal gjerast tilgjengeleg, og dette er det viktigaste: kven som skal finansiere dette. «Offentlege arkivinstansar» må ha tilgang til økonomiske ressursar som kan brukast i spleiselag med private aktørar.
  • Det regionale nettverket av koordinerande institusjonar må utnyttast betre. Ja, det kan vi nok alle vere samd i, men det viktigaste hinderet for å styrke nettverket er at dei som har blitt peika ut som koordinatorar må finansiere denne jobben med sine eigne budsjettmidlar. Difor har innsatsen blitt svært så variabel, ikkje på grunn av manglande vilje men på grunn av ulike ressursar.
  • Departementet skal «sjå på» om lovregelen om særskilt bevaringsverdige privatarkiv «bør få eit vidare virkeområde» og vurdere om Riksarkivarens koordineringsansvar skal formulerast tydelegare i arkivlova. Til desse to punkta får eg ein uimotståeleg trong til å sitere Kengubarnet frå Ole Brumm: «Alltid skal alle se og aldri hender det noe». Men eg skal vere sakleg: Dette er eit positivt signal, som alle tiltak som kan styrke privatarkivarbeidet, dersom det blir følgd opp med brukande virkemiddel. Men eg blir skeptisk når eg ser det siste tiltaket i departementets strategi:
  • Støtteordninga for privatarkiv skal rettast «inn mot museumsfagleg relevante arkivprosjekt». Meldinga foreslår altså at det viktigaste verkemiddelet som finst i dag – støtteordninga for privatarkiv – skal ikkje lenger vere tilgjengeleg for arkivinstitusjonane. Konsekvensen av dette vil vere eit stort tilbakesteg for privatarkivarbeidet generelt. I år mottok arkivinstitusjonar meir enn 1,5 mill. kroner til privatarkivprosjekt, nokre hundre tusen meir enn musea. Dersom desse ressursane blir borte, er det liten tvil om at privatarkivarbeidet vil stagnere.

Arkivdanninga

Det tredje spørsmålet eg vil seie noko om er meldinga si behandling av arkivdanninga. Ei av hovudutfordringane som Arkivmeldinga tar tak i, gjeld dei elektroniske arkiva. Men forfattarane konsentrerer seg om dei (store og viktige!) oppgåvene knytta til langstidbevaring av elektroniske arkiv og vedlikehald av autentisitet, integritet og tilgang. Dei konsekvensane dei elektroniske saksbehandlings- og arkiveringsverktøya har fått og kjem til å få for arkivdanninga får relativ liten merksemd. Dette representerer kanskje ei like stor utfordring som arkivbevaringa. Arkivarbeidet i offentleg sektor er i dag prega av eit stendig strev for å få kontroll over ei fragmentert arkivdanning. Som Norsk Arkivråd peika på i sitt innspel til Arkivmeldinga, foregår ein stor del av saksbehandlinga i spesialiserte fagsystem utan tilknyting til det Noark-baserte sak-/arkivsystemet, samtidig som ein veksande del av den interne og eksterne kommunikasjonen går via epost og sms som ikkje blir fanga opp og journalført. I tillegg til dette representerer ein veksande bruk av delte saksbehandlingstenester i nettskya (særleg i saker der offentlege og private aktørar samarbeider om utbyggingsprosjekt) ein reell fare for at viktig dokumentasjon ikkje blir arkivert på ein tilfredsstillande måte.

Den viktigaste årsaka til denne utviklinga er at den nye teknologien har ført til at dei funksjonelle føresetnadene for saksbehandling og arkivdanning har blitt viktigare enn dei organisatoriske. Eg skal ikkje trøytte forsamlinga med nokon utlegning om funksjonsbasert kontra organisatorisk proveniens i eldre og nyare arkivteori; det får bli ein annan gong. Poenget mitt er at dynamikken i funksjonsbasert elektronisk saksbehandling fører til at eit felles system i nettskya framstår som meir effektivt, enklare å bruke og dermed meir attraktivt enn ei organisatorisk basert Noark-løysing. Trass i arkivlov og arkivforskrift, inspeksjonar og pålegg.

Arkivdanningsstrategiane må ta utgangspunkt i desse forholda. Det arkivsystemet som har rådd grunnen i offentleg sektor sidan arkivinstruksen for statsforvaltninga vart skriven for meir enn 40 år sidan er etter mitt syn modent for revisjon; og det bør i det minste bli gjenstand for ein seriøs fagleg debatt. Og la meg kome med eit lite hjartesukk her: Hadde vi fått ei offentleg utredning istaden for ei stortingsmelding kunne slike spørsmål fått den merksemda dei har krav på.

Arkivlandskapet

Det kan knapt kallast ein sensasjon at Arkivmeldinga avviser Nysæterutvalet sitt framlegg om å etablere nye regionarkiv med bevaringsansvar for statleg, kommunalt og privat arkivmateriale og vegleiingsansvar for arkivdanning hos offentlege arkivskaparar i regionen. Men departementets argumentasjon er heller svak. Når forfattarane skriv at «den nære tilknytinga arkiva har til opphavssituasjonen» og at arkivinformasjon ikkje kan «forståast på korrekt måte utan informasjon om den konteksten dei har utvikla seg i» og brukar dette som argument for eit sektordelt arkivlandskap, er dette ei logisk feilslutning. Arkivarar har i meir enn hundre år dokumentert «opphavssituasjonen», dvs. arkivas proveniens og opphavlege orden, gjennom å beskrive og oppbevare arkiva slik dei vart skapt – i samsvar med arkivfagleg teori og metodologi. Ved å følgje desse arkivfaglege prinsippa har arkivarane tatt vare på autentisiteten, integriteten og tilgjengelegheita til arkiva, heilt uavhengig av eit eventuell samanfall mellom arkivskaparens og bevaringsinstitusjonane si forvaltningstilknyting.

Departementet understrekar at det må vere eit statleg ansvar å ta vare på statlege arkiv og eit kommunalt ansvar å ta vare på kommunale arkiv. Men eit slikt ansvar treng ikkje å bli utøvd gjennom sektoravgrensa institusjonar. Hovudsaka må vere at dei ansvarlege sørgjer for finansieringa av arkivbevaringsfunksjonane og deler på utgiftene . Eg er overtydd om at nye sektorovergripande arkivinstitusjonar vil tvinge fram, og det av fleire grunnar. For det første på grunn av endringar i den offentlege saksbehandlinga og arkivdanninga. Dei elektroniske verktøya fører til at blir skapt arkiv som har sektorovergripande organisatoriske proveniensar, fordi statlege, kommunale og private aktørar samhandlar om utøvinga av visse samfunnsmessige funksjonar. Slike funksjonsbaserte arkiv må – som andre arkiv – bevarast som separate einingar; dei kan ikkje delast opp utan tap av autentisitet og integritet. Kven skal så ha ansvaret for å bevare eit arkiv med både statleg og kommunal proveniens? Det er liten tvil om at utviklinga av arkivdanninga i retning av funksjonsbaserte sektorovergripande system i seg sjølv er eit argument for Nysæterutvalets regionarkiv. Ei systematisk bevaring av privatarkiv kan også utan tvil løysast betre innanfor ein regionarkivmodell enn i dagens fragmenterte arkivlandskap. Men departementet vil ikkje gå på Nysæterutvalets framlegg og drøfte korleis det eventuelt kunne setjast ut i livet. Det er synd, for Nysæterutvalet drøfta ikkje sjølv korleis ei slik reform i praksis kunne gjennomførast. Og det er synd med tanke på arkivsektoren sjølv og ikkje minst for noverande og framtidige arkivbrukarar. Ei større fristilling frå statleg og kommunal forvaltning vil kunne demokratisere arkivinstitusjonane, både når det gjeld rammevilkår og samfunnsoppdrag. Endringar i dei institusjonelle føresetnadene vil på sikt også kunne bidra til endra bedriftskulturar, både gjennom breiare og meir differensiert samfunnskontakt og fordi arkivbestanden blir eit meir heilskapleg uttrykk for den samfunnsmessige arkivskapinga. Og dette ville vere eit godt utgangspunkt ei god og effektiv oppgåveløysing og ikkje minst gi publikum breiare og betre tilgang til arkiva.

Nokre konklusjonar

OK, eg sa for ei stund sidan at det var liten vits i å spele omkampar utan at det andre laget er på banen og no har eg vel kanskje gjort akkurat dette. Eg har peika på fire hovudområde der meldinga etter mitt syn er mangelfull eller gir signal som ikkje vil tene utviklinga av arkivlandskapet, og dermed kan eg leggje arkivmeldinga bak meg. Eg har notert meg signala frå stortingsbehandlinga av meldinga, der opposisjonen særleg kritiserte behandlinga av ikkje-statlege arkiv og særleg privatarkivpolitikken og etterlyste ein statleg strategi for arkivdanning. Vidare at kulturministeren og andre representantar frå regjeringspartia understreka at Riksarkivaren ville få ansvar for å utforme ein heilskapleg strategi for arkivfeltet og koordinere innsatsen med statlege, kommunale og private arkiv. Eg har også notert meg at FrP i komitebehandlinga gjekk inn for Nysæterutvalets modell med sterke regionale arkivinstitusjonar med ansvar på tvers av forvaltningsnivåa. Hm…

Når eg seier at vi skal leggje arkivmeldinga bak oss, betyr dette ikkje at eg meiner at LLP og Norsk Arkivråd skal gi opp sine standpunkt, men at det nødvendig å tilpasse seg ein ny kontekst. Eit viktig vilkår i denne nye konteksten er at Riksarkivaren – og her siterer eg Ivar Fonnes si omtale av meldinga – «skal være nasjonal koordinator og pådriver i et målrettet arbeid mot en helhetlig samfunnsdokumentasjon». Ein slik posisjon kan – som eg har skrive på Depotdrengen – føre til ei sementering av dei eksisterande organisasjons- og maktstrukturane i arkivlandskapet, noko som arkivlandskapet ikkje vil vere tent med.

Men, som Fonnes sjølv skriv: Det er «klart understreket i meldingen at strategien skal utvikles og gjennomføres i et nært og bredt samarbeid med relevante aktører innenfor de ulike samfunnssektorer og arkivmiljøer». Dette les eg som ein invitasjon, men det er ein invitasjon som også forpliktar Riksarkivaren til å handtere si koordinatorrolle på ein god måte, lytte til dei andre aktørane, ta dei med på råd og gi dei medbestemming om dei strategiane som skal utformast og dei tiltaka som skal iverksetjast. Dette betyr i klartekst å gi frå seg makt, å dele den med dei andre aktørane.

Dei «andre aktørane» må på si side ta ansvar for å opptre meir samla, unngå å ri institusjonelle kjepphestar og staden bruke LLP og Norsk Arkivråd – som er dei organisatoriske uttrykka for arkivlandskapet – som sine arkivpolitiske representantar. Det ikkje-statlege arkivlandskapet har dei siste åra – etter at samanslåinga av LLP og Norsk Arkivråd stranda – vore meir fragmentert enn tidlegare, og eg ser ikkje bort frå at dette har fått konsekvensar for innhaldet i arkivmeldinga. LLP og Norsk Arkivråd bør kome fram til felles arkivpolitiske hovudmål og ein strategi for korleis dei skal nå desse måla, aller helst med Riksarkivaren på laget. Og organisasjonane må ikkje gå i den fella at dei trur at lobbyverksemda mot kulturdepartementet og kulturpolitikarar på Stortinget er over med behandlinga av arkivmeldinga – tvert om: den må starte no.

Kommenter innlegget