Home

(—)…i følge kirkebogen er Elias Larsen Kant ganske rigtigt født i Hegre sogn i Øvre Stjørdalen prestegjeld, 30. november 1867 på gaarden Ingstad vestre av foreldre finlap Lars Larsen og hustru Maria Sofia Jonsdtr, men hjemstavnsberettiget her er han likevel ikke, da hans foreldre ved hans fødsel ikke havde nogensomhelst hjemstavnsret i Hegre. Foreldrene var nemlig omvandrende, og efter kaarkonen på Ingstads beretning, som hun, ligesom flere andre kan bevise sandheden af, kom de en kveld til Ingstad, og blev saa finnens kone syg om natten og fødte et barn, som den 5. januar 1868 blev døpt i Hegre kirke og fik navnet Elias. Derpaa drog foreldrene videre og tog barnet med sig.

Sitatet ovanfor er utdrag av eit brev frå Hegra fattigstyre til Ullensvang fattigstyre, datert 30.03.1901. Eg fann dette brevet mens eg ordna arkivet etter fattigvesenet i Ullensvang kommune, på året hundre år etter det vart skrive. Det låg i ein konvolutt i korrespondansearkivet for 1904, saman med ein bunke andre brev. Når ein finn ein slik brevbunke er det vanleg arkivpraksis å ta dokumenta ut av konvolutten, brette dei ut og legge dei systematisk i eit falsa saksomslag. I ein slik operasjon er ein arkivar mest fokusert på å finne ut om det har vore nokon spesiell orden blant dokumenta; arkivfagleg metode føreset at slike opphavlege system blir bevarte. Det er difor sjeldan at arkivaren tar seg tid til å lese dei dokumenta som blir ordna. Difor må det nok karakteriserast som eit tilfelle at eg tok meg tid til å lese gjennom eit par av breva i akkurat denne bunken. Men eg tok meg denne tida, og forteljinga som vaks fram av dokumenta greip meg slik at eg måtte lese igjennom alle breva før eg kunne leggje dei frå meg.

Den direkte grunnen til at brevet som eg har sitert frå vart skrive, er at kona til han som vart fødd denne novembernatta i 1867, 33 år seinare oppsøkte fattigvesenet i Ullensvang for å be om fattighjelp. Ho heitte Siri Anna Andersdatter, var fødd i Hattfjelldal i 1860 og hadde to døtrer saman med Elias Larsen Kant. Ho måtte gå til fattigvesenet fordi Elias hadde reist bort for å finne arbeid. Siri Anna og døtrene vart tatt hand om frå 10. oktober 1900 til 9. februar 1901, då dei drog vidare til Eidfjord, lenger inne i Hardangerfjorden. I løpet av denne tida kosta dei Ullensvang kommune kr. 110,10.

Den eigentlege årsaka til at brevet vart skrive var likevel at familiefaren ikkje hadde heimstamnsrett i Ullensvang. Etter fattiglovgivinga kunne fattigvesenet dermed få refundert 2/3 av utlegga frå den kommunen der den understøtta personen hadde heimstamnsrett. Ullensvang sette difor i gang med å undersøkje kor Elias Kant hadde heimstamn. Slike saker var vanlege i fattigvesenet i tiåra rundt 1900. I nokre tilfelle, når det var vanskeleg å finne ut kor ein person høyrde heime, kunne ei heimstamnsrettssak bli svært omfattande. Og slike saker kan ofte gi oss informasjon om forhold som elles ofte er fråverande i arkiva.

Eg har delt denne artikkelen i tre; først skal eg gi eit oversyn over sjølve gangen i saka om Elias Kants heimstamnsrett, deretter skal eg gjengi dei historiene om hans liv som finst i dokumenta i saka, før eg avsluttar med nokre synspunkt på arkivets funksjon som minne om fortida.

Heimstamnsrettssaka 

Siri Anna hadde opplyst at Elias hadde heimstamn i Bykle i Setesdal. Formannen i fattigkommisjonen i Ullensvang, Ola Maakestad, sende difor refusjonskrav til Bykle fattigvesen. Men kravet vart avslått; Bykle fattigkommisjon svara at Elias Larsen Kant ikkje har budd lenge nok i kommunen til å opparbeide heimstamnsrett (lovbestemt til to år). Dette vart grunngitt med at han hadde arbeidd som reingjetar og flytta mellom kommunane i området. Men dei meinte å vite at Elias hadde heimstamnsrett i Røros.

Ola Maakestad skreiv dermed til Røros fattigkommisjon, men fekk til svar at Elias ikkje hadde budd i Røros sidan konfirmasjonen. Fattigkommisjonen kunne derimot fortelje at Elias hadde arbeidd to-tre år som reingjetar hos «Lap» Nils Bull og deretter hos «Lap» John Thomassen, som begge var heimehøyrande i Ålen. Elias hadde seinare følgd med Thomassen då denne flytta til  Setesdal.

Maakestad skreiv så til Ålen fattigkommmisjon, som svara at Elias Kant berre hadde budd 1½ år i kommunen, og difor ikkje kunne ha heimstamnsrett der. Frå anna hald hadde Ola Maakestad no fått opplyst at Elias Kant var fødd i Stjørdal, så han skreiv til fattigvesenet i Nedre Stjørdalen kommune, som vidaresende brevet til Hegra fattigkommisjon som rette vedkommande. Herifrå kom det svar som fortalde at Elias Kant rett nok var fødd i Hegra i 1867, men utan å ha heimstamnsrett der fordi foreldra hans var «omvandrende».

På dette tidspunktet har vi kome fram til våren 1901, og dei viktigaste aktørane i heimstamnsrettssaka er på plass på scena. Dei opplysningane som Maakestad har henta inn viser at Elias Larsen Kant kunne ha heimstamnsrett i ein av fem kommunar: Bykle, Hegra, Røros, Ullensvang eller Ålen. Han har budd og arbeidd i alle desse kommunane, men ingen av dei vil vedkjenne seg at han har gjort dette i dei to samanhengande åra som var kravet for å opparbeide heimstamnsrett.   Og Ola Maakestad må på dette tidspunktet ha innsett at saka ikkje let seg løyse på vanleg måte, for no tok han initiativ til at den skulle bli førelagt Kyrkjedepartementet til frivillig valdgift etter § 45 i fattiglova. Dei andre kommunane samtykka i dette, og saksansvaret vart dermed flytta til departementet, som starta ein ny runde med å hente inn dokumentasjon frå kommunane. Då valdgiftsprosessen omsider var avgjort i juni 1904, omfatta saka 87 dokument. Etter at saka var avslutta vart alle dokumenta sendt tilbake til Ullensvang fattigvesen, der Ola Maakestad la dei i ein konvolutt som han arkiverte som korrespondansearkivet for 1904.

I desse dokumenta kan vi finne spor etter Elias Larsen Kant frå han vart født i Hegra i 1867 til vi møter han på Upsete i Aurland som anleggsarbeidar på Bergensbanen i 1903. Men Elias sjølv har ikkje skrive eit einaste av desse dokumenta. Han var primærkjelde til berre eitt av dei, då han 24. oktober 1903 fortalde si livshistorie til lensmannen i Voss som hadde reist til Upsete for å hente inn heimstamnsforklaringa hans. Men sjølv om Elias var forteljaren, er det lensmannens språk og ordval som vi har tilgang til i dette dokumentet.

Mange av dei andre dokumenta inneheld også forteljingar om Elias Kant. Det kan dreie seg om episodar, hendingar eller lengre periodar i hans liv, som er fortalt av menneske som har kjent til Elias. Forteljingane er henta inn av fattigvesena og gjenfortalt i brev frå fattigformennene i dei einskilde kommunane. Både innhentinga og gjenforteljinga av informasjonen er prega av at brevskrivarane har eitt og same ærend: å bevise at Elias ikkje hadde heimstamnsrett i deira kommune, slik at fattigvesenet ikkje skulle bli nøydd til å betale refusjonen på knappe sytti kroner.

Dei forteljingane om Elias Larsen Kant som eg gjengir i avsnittet nedanfor, byggjer på det som finst om han i dokumenta i heimstamnsrettssaka. Det finst heilt sikkert opplysningar om han i andre arkiv, men eg har ikkje undersøkt dette. Han må ha gått på skole i Røros, så det bør finnast skoleprotokollar med opplysningar om han i kommunearkivet der. I prestearkivet frå Røros vil det finnast opplysningar om konfirmasjonen hans. Så det som blir fortalt nedanfor representerer berre brokkar av forteljinga om Elias’ liv.

I tillegg til å fortelje om Elias, inneheld dokumenta i denne saka også informasjon om haldningane og tenkjemåten til dei personane som skreiv dei. Som vi skal få sjå døme på, er det påfallande skilnader i synet på samane hos brevskrivarane frå Sør-Trøndelag og Sørvestlandet.

Forteljingar om Elias Larsen Kant

Brevet som innleiar denne artikkelen fortel korleis Elias vart født. Foreldra hans kom til Ingstad ein kveld, sannsynlegvis 29. november, så vart mora «syg» og Elias kom til verda natt til 30. november. Sjølv om det ikkje blir sagt direkte, kan vi gå ut frå at dei fekk bli på Ingstad over jula. Det vi veit er at han vart døypt 5. januar 1868 og at foreldra deretter forlét Hegra saman med barnet. Vi veit ingenting om kor dei drog.

Neste gong vi møter Elias Larsen Kant, er då Røros fattigkommisjon 8. april 1874 vedtar å sette han bort til Halvor Rasmussen Aspaas for «25 Sp. aarlig og 2 Spdr. nu extra, til de allernødvendigste Klædningsstykker». Samtidig gir fattigkommisjonen refusjon til Lars H. Kokvold som har tatt seg av Elias i tre dagar før han blir sett bort til Aspaas. Dette kan tyde på at foreldra har overlete Elias til Kokvold, og at dei har reist bort. Vi veit ikkje korleis eller kvifor dette skjedde. Det vi veit, er at fattigkommisjonen årvisst forlenga bortsetjinga hos Aspaas8 til dei 13. juni 1881 vedtar at «Elias Larsen Kant bliver at avertere til Bortsættelse i Landsognet fra 8de Septbr». Elias blir no sett bort til Andreas Jamtvold for kr 80 i året, og blir verande hos han i tre år. Den 25. mai 1884 blir Elias konfirmert i Røros kyrkje, og kort tid etterpå rømer han frå Jamtvold. Dette veit vi fordi fattigkommisjonen i september behandlar ei sak «Ianledning af Andreas Jamtvolds klage over, at Elias Larsen Kant havde forladt ham og gjort han opraad for Hjælp i Slaataannen, hvorfor han forlangte Vederlag af Fattigkommisionen, blev man enig om, at han frafaldt Erstatning mod at faa beholde Elias’s efterladte Klæder».

Elias’ eiga forteljing om desse åra er svært kortfatta. I heimstamnsforklaringa han gav til lensmannen i Voss heiter det at han «opholdt sig hos sine foreldre paa Røros fra han var 6 à 7 aar gl. og indtil Konfirmationen vaaren 1884, da han begyndte at flakke omkring som gjæter. I de sidste aar han var på Røros, var hans foreldre for det meste ude paa reise».

Ingen av desse kjeldene fortel noko om Elias’ liv på Røros desse åra. Vi må gå ut frå at han har gått på skole. Sannsynlegvis har han også hatt ansvar for visse arbeidsoppgåver mens han var hos Aspaas. Men dette var ikkje interessant informasjon i heimstamnsrettssaka.

Vi har tre versjonar av kva Elias Larsen Kant gjorde i åra etter konfirmasjonen: Røros fattigstyres, Ålen fattigstyres og hans eigen versjon. Røros fattigstyre fortel at Elias etter konfirmasjonen drar til Øversjødalen i Tolga, der han tener hos ein uidentifisert bonde i eit år. Etter dette blir han reingjetar i Heskedalsfjella i Ålen, hos «Lap Nils Bull, hvor han var i vel 2 eller henimod 3 Aar. Senere kom han, som saadan, til Lap John Thomassen i Kviknefjeldene og var der indtil denne i 1890 eller 91 med sin Familie og Renhjord flyttede til Sæthersdalen og da fulgte ogsaa Elias med han derhen». I eit seinare brev, som vart skrive 20.04.01, då Røros fattigstyre stod i fare for å bli tilkjent heimstamnsretten til Elias, blir desse opplysningane supplert med at «Lap Lars J. Myraas, som samtidig opholdt sig i Heskedalsfjeldene (Aalen), har meddelt følgende: «Elias kom med sin Moder, som dengang eide nogle Rensdyr, til Heskedalen Vaaren 1887 og var Sommeren sammen med hende, de boede paa Gaarden Gjersvold. I November samme Aar begynte han sin Tjeneste hos Nils Bull og var hos ham til November eller December 1889, altså var han idethele i omtrent 2½ Aar i Aalen.» Disse Begivenheder kan ovennævnte Lars Myraas ikke blot erindre, men han kan ogsaa ved Optegnelser fra den Tid bevise deres Rigtighed, foresten er han villig til at beedige dem».»

Dersom desse opplysningane hadde vore korrekte, ville dette ha gitt Elias heimstamnsrett i Ålen. Men Ålen fattivesens versjon har også som mål å bevise at Elias ikkje hadde heimstamnsrett i kommunen. I det første brev deira blir det fortalt at Nils Bull har fortalt at «Elias Kant kom i hans tjeneste som rengjæter en høst – han husker ikke aaret, antagelig 7 eller 88 – og forblev hos han i 1½ aar, hvorefter han reiste til John Thomassen i Kvikne». I eit seinare brev, skrive etter Røros  fattigstyres brev av 20.04.01, blir det opplyst at Nils Bull har «optegnelser fra den tid. Forøvrigt stemmer hans udsagn med erholdte oplysninger fra flere folk i Hersjedalen. Manden paa Gjersvold, Hersjedalen, benægter at Elias L. Kants mor har opholdt sig nogen sommer der. Paa sine vandringer kunde hun undertiden faa stanse nogle dage eller – undtagelsesvis – høiest nogle uger på vintertiden. Han har ikke kjendskab til, at hun nogensinde havde gutten Elias med».

Elias Larsen Kant eigen versjon finn vi i heimstamnsforklaringa han gav til lensmannen i Voss. Her heiter det: «Da han i et halvt aar efter Konfirmationen havde flakket flakket omkring paa Rørostrakterne, begynte han som gjæter hos lap Nils Bul, der havde sine rensdyr i fjeldene mellom Heskedalen, Os og Dalsbygden. Hos denne var han på tridje aaret. Kan ikke nærmere angive tiden.[…] Derpaa reiste han til lap John Thomassen, hos hvem han, saavidt han husker, var i 3 aar, men var førinden han begynte tjenesten, fri i et halvt aars tid og flakkede da omkring paa Røroskanten. Hos Thomassen opholdt han seg som gjæter i fjeldstrekningen mellem Kvikne, Vinjebu og Dalsbygden. Thomasssen havde sin bopæl i Kvikne i disse aar, hvos han ogsaa var skatlagt. Komp. var ikke ilignet skat noe sted. Da Thomassen saavidt han husker vaaren 1891 fraflyttede denne fjeldstrekning og flyttede til Sætersdalen, hvorhen de først ankom neste vaar, fulgte komp. med, fremdeles som gjæter. På reisen derhen døde Thomassen, hvorefter hans enke overtog hjorden og leiede beite i Bykle (Byklefjeldene)».

Reisa frå Røros til Setesdal tok altså eit heilt år. Korleis den arta seg fortel dokumenta ingenting om; vi veit ikkje kva rute som vart vald eller korleis samane vart tatt i mot av bøndene undervegs. Årsaka til denne mangelen på informasjon er openbar: den var ikkje relevant i heimstamnsrettssaka.

Etter framkomsten til Setesdal arbeider Elias eit halvt år for Thomassens enke, deretter er han gjetar for John Andersen i eit år før, han tar arbeid hos Jonas Jonsen til våren 1896. Opplysningane om denne perioden har vi i hovudsak frå to kjelder, heimstamnsforklaringa og ein rapport som vart utarbeida av lensmannen i Valle. Denne inneheld informasjon om fleire av samane som var i Setesdal samtidig med Elias. Her får vi også vite at Elias ikkje berre kunne gjete rein: «Lærer K. Sveindal forklarer, at han en aften [på våren 1994, min merknad] gikk fra sin skole paa Tveit og i det han kom forbi Tarald Rapstads hus på Hegland hørte han musikk. Han gikk da ind. Det var Elias Kant der spillede trekspil. Dette var første gang Elias Kant var på Hegland…».

Før dette må Elias møtt Siri Anna Andersdatter. Ho tente hos John Andersen i i perioden 1892-96 og Elias var hos han i 1893-94. I følgje heimstadforklaringa gifter dei seg ved juletider 1895 mens dei var i Bykle, før dei saman reiste til Ullensvang. Dette stemmer ikkje med vigselattesten, som fastslår at dei vart gift i Odda kyrkje 27.12.96. Men kanskje har Elias Kant meint at dei budde saman frå dette tidspunktet? I alle fall flyttar dei til dåverande Ullensvang kommune, der Elias får arbeid hos Odda Rensdyrselskap frå 1.mai 1896 og arbeider der i to år. I denne tida bur familien på Seljestad og Vintertun, bortsett frå nokre månader i 1897 då dei held til i Fjøra i Skånevik kommune.

Etter dette arbeider Elias Larsen Kant fleire stader. Han fortel i heimstamnsforklaringa at han er i Røldal til februar 1899, deretter i Seljord i Telemark i eit års tid, før han er han gjetar i Eidfjord sommaren 1900. Alle desse stadane arbeider han for ikkje-samiske arbeidsgivarar. Etter dette gir han seg – førebels? – med gjetinga: På nyåret 1901 er Elias i arbeid på jernbaneanlegget på Voss.

Det verkar som om familien er med Elias til Røldal og Seljord. Mens han er i Eidfjord, bur kona og dei to barna, som truleg var fødde i 1896 og 1898, i Ullensvang. Kvifor dei flytta dit veit vi ikkje. Siri Anna Andersdatter og barna blir i Eidfjord i berre nokre veker før dei drar vidare til Voss, der dei møter Elias igjen. Dei bur i Raundalen til våren 1903, då dei flyttar til Upsete. Her møter vi dei i heimstamnsforklaringa til Elias. Og kva som skjer etterpå veit vi ingenting om.

Arkiv som samfunnsminne

Arkivets primære funksjon er å fungere som dokumentasjon for arkivskaparen; dokumenta blir skapt og samla for å tene arkivskaparens formål. I saka om Elias Kant er formålet å klargjere kven som skal refundere 2/3 av fattighjelpa Ullensvang fattigstyre har gitt til kona og barna hans, noko som fører til at dei andre kommunane gjer det dei kan for å fråkjenne seg Elias’ heimstamnsrett. Arkivdokumenta får i siste hand status som bevis når Kyrkjedepartementet skal avgjere kor Kant har heimstamnsrett. Etter at saka er avslutta, misser saksdokumenta sin opphavlege funksjon som dokumentasjon i saksbehandlingsprosessen. Dei hamnar i arkivet, i ein konvolutt som saman med andre konvoluttar og lause ark blir samla i ein pakke merka «arkiv 1904», som blir liggjande uopna i nesten 100 år. Men den dagen då ein arkivar opnar denne pakken fordi arkivet til fattigvesenet blir ordna og gjort tilgjengeleg for bruk, får dokumenta ein ny, sekundær funksjon som historisk kjeldemateriale.

Arkiv er ein viktig del av det kollektive minnet i samfunnet. Og – i motsetning til andre delar av dette – inneheld arkiva autentiske minne. Når arkiva blir bevart i sin opphavlege kontekst er det mogleg å avgjere om dokumenta er ekte og uendra produkt av si samtid. Det blir mogleg å la arkiva bli gjenstand for kjeldekritiske vurderingar og få kunnskap om ikkje berre enkeltopplysningar i dokumenta, men og om dei samanhengane som forma og prega dokumenta.

I saka om Elias Kant finn vi fleire slike døme. Ei gjennomlesing av korrespondansen i denne illustrerer eit viktig forhold når det gjeld arkiv: Arkivdokumenta fortel ikkje «sanninga» om fortida. Dei er prega av arkivskaparens relevansoppleving, som kan avgjere kva slags opplysningar som blir nedteikna. Og dokumenta kan vere partsinnlegg som er skrivne for å oppnå fordelar for brevskrivaren eller dei han representerer, og som gir eit forteikna bilete av dei forholda dei omtalar.

I denne konkrete saka er det t.d. interessant å sjå korleis dei breva som vart skrivne av fattigformennene Sør-Trøndelag beint fram osar av fordommar mot Elias Larsen Kant og foreldra hans («omstreifende tiggerlapper»), mens dei dokumenta som har opphav i Hordaland og Setesdal knapt har spor av dette.

Arkiva viser at det ikkje finst ei, men mange historier. Gjennom arkiva kan ulike aktørar kome til orde og få målbere sine synspunkt. Samtidig er det viktig å vere klar over at ikkje alle kjem til orde i arkiva. Undertrykte og marginaliserte grupper opptrer som oftast berre som objekt, som berre sjeldan får kome til orde. I denne konkrete saka kjem som sagt Elias Kant til orde berre ein gong, gjennom den heimstamnsforklaringa som lensmannen i Voss nedteikna, men som openbart er prega av dei asymmetriske makta i forhøyret av Elias.

***

Kor hadde så Elias Larsen Kant heimstamnsrett? Dokumentasjonen som Kyrkjedepartementet hadde henta inn tyda på at Elias ikkje hadde budd samanhengande i nokon av dei aktuelle kommunane etter at han var konfirmert. Før konfirmasjonen hadde han derimot vore sett bort i sju år av Røros fattigvesen, – og dersom dette hadde skjedd på deira rekning ville det innebere at fattigkommisjonen hadde akseptert at han hadde heimstamnsrett i kommunen. Kyrkjedepartementet bad difor i brev av 20.01.04 til Trondhjems stiftsdireksjon om at det vart undersøkt om fattigvesenet mottok nokon form for refusjon for utgiftene til bortsettinga. Svaret på dette brevet løyste saka: Røros hadde fått refusjon frå Finnefondet, dvs. frå staten. Elias Larsen Kant hadde altså ikkje hatt heimstamn i Røros – og heller ikkje nokon annan stad då Ullensvang fattigvesenet brukte kr. 110,10 på underhald av kona og barna hans. Men kona, Siri Anna Andersdatter, som starta saka då ho oppsøkte fattigvesenet ein haustdag i 1900, høyrer vi ikkje meir om. Ho er usynleg, som kvinner flest på denne tida, i skuggen av sin mann Elias Larsen Kant.

 

Saka om Elias Larsens Kants heimstamn gjekk over fire år og inneheld 87 enkeltdokument. Arkivreferanse: 1230 Ullensvang 311 Da. 10, Interkommunalt arkiv i Hordaland.