Home

Om makt og avmakt i rettigheitsdokumentasjon  

1.     Dette innlegget har ein samansett proveniens. Ein del av den er knytt til dei erfaringane eg gjorde då eg jobba i IKA Hordaland. Det overveldande fleirtalet av dei forespørslane vi fekk frå publikum, dreia seg om menneske som leita etter dokumentasjon av sine eigne personlege forhold, som tidlegare klientar, elevar og liknande – det som vi no vanlegvis omtalar som rettigheitsdokumentasjon. Møtet med desse menneska – direkte på telefon eller indirekte gjennom dei spora som fanst etter dei i arkiva, og i nokre tilfelle i eit fullstendig fråver av spor – er ein viktig del av konteksten til det eg seier i dag.   

2.     Ein annan del av proveniensen er knytt til den jobben eg hadde i ABM-utvikling fram til fjor haust, og som opna nye vegar for meg. Ein av vegane førde meg i 2003 til Liverpool, til konferansen ”Political Pressure and the Archival Records”. Her kom eg i kontakt med kollegaer frå ei rekkje land som var opptatt av forholdet mellom arkiv og rettferd, og som påverka meg sterkt. Ein av desse, Verne Harris frå Nelson Mandela-stiftinga, vart invitert til å halde innlegg LLPs landskonferanse i 2004, eit innlegg som utløyste ein norsk diskusjon om arkiv og rettferd. Sommaren 2005 vart eg invitert til Johannesburg for å snakke om dette norske perspektiv på arkiv og rettferd. Her møtte eg nye menneske i eit samfunn med ein heilt anna dynamikk enn vår, der både kampen for rettferd og arkivets sosiale kraft i denne samanhengen er meir openbar enn her hos oss.    

3.     Eg har halde mange innlegg om tema rundt arkiv og rettferd, nokre vil kanskje seie for mange. Dei fleste behandlar eksplisitt spørsmål knytt til rettigheitsdokumentasjon og arkivaren si rolle i møtet med den som har opplevd urett, den andre, den framande i arkiva. Innlegget eg held i dag vil vere ein (førebels) konklusjon på det eg tidlegare har sagt om dette emnet.      

4.     Ei viktig avgrensing først. Arkivaren si rolle i rettigheitsdokumentasjon er å vere arkivar. Det er ikkje vår jobb å leike jurist eller sosialarbeidar. Det er ikkje vi som skal vurdere om den dokumentasjonen som vi har funne fram er godt nok grunnlag for å få erstatning eller ikkje. Det er heller ikkje vår rolle å føre klientsamtalar med folk. Vi kan ikkje gi vedkommande rettferd. Men vi kan bruke vår kunnskap til å skaffe fram det som finst av dokumentasjon, slik at den som spør kan få prøvd si sak hos dei som har som oppgåve å avgjere slike spørsmål. Vår rolle er altså å bidra med den dokumentasjonen som vi kan finne og setje denne inn i ein historisk og administrativ kontekst. Og denne rolla er utfordrande og vanskeleg nok i seg sjølv. 

5.     Den første utfordringa dreier seg om å finne dokumentasjon. Arkiv som er aktuelle som rettigheitsdokumentasjon kan ofte vere mangelfulle. Det er fleire årsaker til dette: Det offentlege arkivdanningsregimet på 50- og 60-talet var forskjellig frå i dag, noko som førte til at ein ofte ikkje arkiverte informasjon som det i dag er sjølvsagt å arkivere. Mange av dei institusjonane som opererte innanfor barneverns- og sosialsektoren på denne tida var dessutan private, med eit endå dårlegare arkivregime. Og mykje av det arkivmaterialet som faktisk vart skapt har seinare gått tapt, fordi offentlege arkiveigarar har forsømt si plikt, fordi private institusjonar har blitt lagt ned utan at nokon tok ansvar for arkiva, eller fordi arkiveigaren lojalt følgde opp Datatilsynets påbod om sletting av personregister tidleg på 80-talet.  

6.     Dette er eit døme på at arkiv er maktuttrykk. ”Arkivene representerer den regjerende maktens selektive minne,” skriv Kaisa Maliniemi Lindbach i rapporten frå forprosjektet om minoritetar i arkiva. Ho skriv vidare: ”Den regjerende makten bestemmer hva som skal arkiveres og hva som er verd å arkivere. Arkiveringsprosessen er derved ikke en objektiv handling, men den tjener noens hensikter. Stemmene til de fattige, undertrykte og marginale er ofte fraværende.” 

7.     Korleis skal vi opptre i møte med folk som spør etter rettigheitsdokumentasjon? Operativt sett finst det to alternativ: Arkivaren kan behandle forespørselen på formelt korrekt vis utan å yte noko ekstra. Dette vil vanlegvis bety at vi gir hjelp til å finne fram i katalogar og andre register, og dersom dokumenta blir identifisert sørgjer vi for at dei blir henta fram frå arkivmagasina og gjort tilgjengeleg for brukaren. Dersom vi ikkje kan identifisere dokumenta, stoppar historia her.     

8.     Alternativet er å gå vidare, t.d. med å avdekke vilkåra for arkivdanninga i den gitte perioden: Kva slags saksbehandlingsrutinar kan ha blitt brukt? Kva slag informasjon er det rimeleg å rekne med har blitt arkivert? Er det sannsynleg at nokre av dokumenta kan ha gått tapt? Kan det finnast dokumentasjon i andre arkiv? Og: Er det muleg å rekonstruere noko av den manglande dokumentasjonen på grunnlag av dei spora som eventuelt finst? Ein slik framgangsmåte vil krevje både tid og krefter og kan gå ut over andre arbeidsoppgåver. Kva er rett å gjere? 

9.     Denne utfordringa dreier seg djupast sett om forholdet til den andre, den framande. Dei som kjem til arkiva for å finne rettsdokumentasjon er framande for arkiva, på fleire måtar. Dei representerer nye brukargrupper, som samanlikna med arkiva sine tradisjonelle brukarar representerer noko nytt, noko ukjend, noko framand. Dei kjem med sine krav om rettferd, med sin angst og sine håp, med sine sakn og lengsler, dei kjem for å forandre sine liv. Samtidig er arkiva framande for dei, dei veit lite om kva som finst i arkiva, korleis ein kan finne fram i arkiva og korleis ein skal bruke og forstå arkivdokumenta. Og desse menneska er ikkje berre framande for arkiva, dei er også framande i arkivmaterialet, fordi deira liv er dårleg dokumenterte, og av og til fråverande, i arkivmaterialet.  

10.  Utfordringa blir forsterka av at arkivaren står i ein maktposisjon i forhold til den som spør etter dokumentasjon. Arkivaren har makt fordi ho kontrollerer tilgangen til informasjonen han ønskjer å få tilgang til. Ho veit meir om arkivmaterialet enn spørjaren, ho veit om han kan få betre svar andre stader, og ho kan velje – innafor visse rammer – kor mykje av si tid og sin kunnskap ho vil dele med han. 

11.  Dei fleste arkivarar som arbeider med rettigheitsdokumentasjon er tilsett i statlege, fylkeskommunale, interkommunale eller kommunale institusjonar, som er integrerte delar av offentleg forvaltning. Dette inneber at arkivarane er utsett for eit indirekte press for å tene forvaltningas interesser og reprodusere eksisterande maktforhold. Dette presset kan t.d. kome til uttrykk i mange av dei prioriteringane vi gjer i ein travel kvardag. Nokre ting må berre gjerast, mens andre kan vente. Karin Gjelsten har vist korleis dette også kan kome til uttrykk i tildeling av arkivkodar og dokumenttitlar i arkivdanningsprosessen.   

12.  Samtidig kan arkivinstitusjonane ofte direkte eller indirekte vere knytte til den eine parten i ei sak. Arkivarens handlingar kan føre til at ein kommune må betale erstatning.    

13.  Offentlegheitslova og forvaltningslova gir innbyggjarane ein grunnleggjande demokratisk rett til tilgang til arkivet. Lovbestemmelsane om lik rett til arkivinformasjon representerer ei viktig rettesnor for arkivarane i møtet med dei som spør etter rettigheitsdokumentasjon. Men kva betyr det å gi lik rett til arkivinformasjon?  

14.  I Mal d’Archive skriv Jacques Derrida at ”graden av demokrati kan målast etter eit grunnleggande kriterium: Tilgangen til arkivet, til skapinga av det og til forståinga av det”. Lik rett til arkivinformasjon dreier seg ikkje berre om lik rett til tilgang, men også om lik rett til utbytte av arkivinformasjonen. For å oppnå dette er det nødvendig å utvikle ulike og differensierte tenester fordi folk har ulike føresetnader for å bruke arkiva. Menneske med lite eller ingen kunnskap om kva som kan finnast i arkiva har behov for å få meir informasjon og rettleiing enn ein erfaren arkivbrukar. Dette kan dreie seg om hjelp til å identifisere dei aktuelle arkiva – det er ikkje alltid at spørjaren hugsar namnet til ein institusjon eller veit i kva kommune den låg. Mange har også bruk for hjelp til å forstå innhaldet i dokumenta. Og det er ofte slik at dei som kjem til arkiva for å få tilgang til rettsdokumentasjon er dei same som har størst behov for assistanse frå arkivaren. 

15.  Når vi har funne fram rettigheitsdokumentasjon, står vi framfor utfordringa om korleis vi skal leggje materialet fram for den det gjeld. Vi må vurdere om det er informasjon vedkommande ikkje kan få partsinnsyn i etter lovverket, eller om det er ting i dokumenta som treng forklaring. Fordi vi ikkje kjenner dette mennesket, kan slike vurderingar vere vanskelege. Det finst ikkje enkle svar på korleis vi skal takle denne utfordringa.  

16.  Og når dokumentasjonen ikkje kan finnast, står arkivaren framfor ei anna utfordring: Å finne og gi ei forklaring på kvifor det er slik. Det er grovt sett to mulege svar: At dei forholda det er spørsmål om ikkje har blitt dokumentert, eller at arkivmaterialet av ein eller annan grunn har gått tapt. Men korleis skal vi kunne forklare dette for ein som kanskje var avhengig av denne ikkje-eksisterande dokumentasjonen for å oppnå rettferd? Heller ikkje her finst det enkle svar. 

17.  I arbeidet med rettigheitsdokumentasjon vil arkivarane alltid høyre ropet om rettferd. Dei utfordringane vi møter dreier seg djupast sett om korleis vi vil svare på dette ropet. Dersom arkiv skal bidra til rettferd, inneber dette at vi må ta stilling. Vi må erkjenne at dei seigliva førestillingane om arkivet som eit nøytralt produkt av arkivskaparens verksemd og om den upartiske arkivaren må forkastast. For igjen å låne Kaisa Maliniemi Lindbachs ord: ”Arkivfestning og arkivdanning er maktytringer”. Den som trur seg vere nøytral i møtet mellom makta og avmakta vil ende opp som ein reiskap for makta.   

18.  Eg vil avslutte med å sitere frå ein artikkel av Verne Harris, som behandlar forholdet mellom arkiv, rettferd og gjestfridom: ”Det strukturelle presset i all arkivering går i retning av å reprodusere eksisterande maktforhold, men dei tilhøyrande ekskluderingane, favoriseringane og marginaliseringane. Arkivarane kan ikkje unngå å bli involvert. Men vi kan arbeide mot presset, og for meg er det eit moralsk imperativ å gjere det. (—) Dei som har makt brukar arkivet som ein maktreiskap (—). Dersom rettferda ikkje skal bli gløymt i denne prosessen, dersom ”bruk” ikkje skal bli til ”misbruk”, må arkivarane og andre som arbeider med arkiv i det minste problematisere denne bruken. For meg, markerer dette byrjinga på ein formålstenleg fagleg etikk.” 

(Dette innlegget vart halde på det norske arkivmøtet i april 2007).

Kommenter innlegget