Home

(Denne artikkelen er ein utvida versjon av mitt innlegg på Norsk Arkivråds landskonferanse 22.04.08).

Innleiing

Den aukande interessa for fagetiske problemstillingar som vi kan registrere i arkivmiljøet er openbart ein konsekvens av endringar i arkivets samfunnsfunksjonar dei siste tiåra. Arkiv har blitt viktigare; på den eine sida har erstatningsordningane for barneheimsbarn, krigsbarn, taterar, samar og kvenar sett fokus på arkiv som rettsdokumentasjon og på arkivarens rolle som mellomledd mellom arkivdokumenta og den som søkjer rettferd og oppreising for opplevd urett. På den andre sida har medieutviklinga gjort arkiva meir tilgjengelege for journalistar og andre opinionsdannarar og dermed retta offentlegheitas merksemd mot forvaltningas handtering av dei aktive arkiva.

I Bergen Tidende 13.02.08 kunne vi lese dette oppslaget:

«DEPARTEMENTET HOLDT TILBAKE DOKUMENTER.
Barne- og likestillingsdepartementet har hemmeligholdt nesten alle dokumenter i saken om ansettelse av nytt barneombud. (—) Bergens Tidende ba i går departementet om en fullstendig dokumentliste over alle dokumenter i saken om ansettelse av nytt barneombud. Svaret fra arkivavdelingen i Barne- og likestillingsdepartementet var at «prosessen foreløpig har gått utenom vårt journalsystem».»

Bakgrunnen for oppslaget var Manuela Ramin-Osmundsens handtering av tilsetjinga av nytt barneombod vinteren 2008. Bergens Tidendes journalist hadde kontakta Barne- og likestillingsdepartementet for å få oversyn over korrespondansen i saka. Dette er ein normal arbeidsmåte for journalistar; den baserer seg på bestemmelsane i lovverket om at offentlege organ skal føre journal (dvs. eit fortløpande register) over inn- og utgåande korrespondanse, og at slike journalar skal vere tilgjengelege for alle. Dersom eit dokument er unntatt frå offentleg innsyn, skal det likevel gå fram av journalen at dokumentet er registrert og det skal opplysast om lovheimelen for unntaket. I dette tilfelle hadde altså departementet brote med den lovbestemte journalføringsplikta.

Slike lovbrot skjer. Vi veit lite om kor ofte det skjer, dels fordi det ikkje har blitt forska på dette området i særleg grad, dels fordi det ligg i sakas natur at slike brot på journalføringsplikta vil vere usynlege. Lovbrotet vil berre bli oppdaga dersom nokon spør etter dokument som ikkje har blitt journalført. Eller dersom ein av forvaltningsarkivarane varslar om kva som har skjedd.

Arkivaren som varslar

Spørsmålet om varsling har blitt aktualisert av ei rekkje saker dei siste åra. Eg kjenner ikkje til tilfelle her i landet der varslarane har vore arkivarar, så eg skal fortelje om eit tilfelle frå Sør-Afrika i 1993. Dette var før det første demokratiske valet i Sør-Afrikas og landets framtid var ikkje avgjort; sterke krefter motarbeida ei demokratisk utvikling.

Då dette skjedde var Verne Harris, som no leiar «Memory and Dialogue»-programmet ved Nelson Mandela Foundation, tilsett i det sørafrikanske arkivverket. Han arbeida på denne tida med arkivdanningsspørsmål og hadde difor god kontakt med arkivtenesta i statsforvaltninga. I juli 1993 fekk han kjennskap til at arkivpersonale i fleire departement hadde blitt instruert om å fjerne og makulere visse typar dokument. Dette var ikkje godkjent av leiinga for arkivverket og dermed i strid med gjeldande arkivlovgiving. Han undersøkte saka, og fann ut at det statlege Security Secretariat hadde sendt rundskriv til alle departementa om å gjennomføre ein storstilt makulering av hemmelege arkivdokument. Formålet var openbart; å fjerne dokumentasjon av apartheidsregimets forfølging og trakkassering av opposisjonen.

Det første Verne Harris gjorde var å informere sjefen for arkivverket, som forsikra at han skulle setje i verk tiltak for å stoppe den ulovlege kassasjonen. Men det synte seg makuleringa heldt fram; anten hadde ikkje arkivsjefens tiltak nokon effekt, eller så tok det så lang tid å gjennomføre dei at det ville bli for seint. Verne Harris vart dermed stilt overfor eit vanskeleg dilemma: skulle han la den byråkratiske prosessen gå sin gang og risikere at store og viktige arkiv gjekk tapt, eller skulle han gå utanom dei offisielle kanalane for å stoppe kassasjonen?

Verne Harris fortel i ettertid at han søkte rettleiing i dei etiske retningslinene til den sørafrikanske arkivarforeininga, men utan at dette gav noko klart svar på problemet. Her fann han nemleg motstridande tilrådingar. På den eine sida slo retningslinene fast at «arkivaren har ei moralsk plikt til å bevare informasjon om fortida og samtida for ettertida» og «verne arkivets integritet mot endringar, informasjonstap, øydelegging og tjuveri». Desse formuleringane innebar eit sterkt mandat for å offentleggjere kva som var i ferd med å skje, for å hindre at bevaringsverdige arkiv gjekk tapt. På den andre sida fastsette retningslinene at arkivaren skulle handle i samsvar pålegg frå sin arbeidsgivar og «respektere graderinga til dokument i si varetekt.» Verne Harris var statstilsett, og det aktuelle rundskrivet frå Security Secretariat var hemmelegstempla. Dette innebar at dersom han avslørte rundskrivet for pressa, så ville han bryte det statlege tenestereglementet, tryggingsinstruksen, og «the protection of information act», ei lov som den gongen hadde ei strafferamme på ti år.

For å fortsette med hans eigne ord (i mi oversetjing): «Eg var konfrontert med motstridande imperativ utan å få råd om korleis eg skulle løyse dei. Til slutt gjorde eg det som var galt, sett med auga til lova, min arbeidsgivar og dei sist siterte avsnitta frå dei etiske retningslinene. Eg avslørte kva som skjedde for ein journalist og for Lawyers for Human Rights og forsynte dei med kopiar av relevant dokumentasjon. (–) Eg hadde blitt a whistleblower – ein varslar – (–)» (Harris 2007:209-212).

Det er fleire grunnar til at eg har starta med denne forteljinga. For det første er den så vidt eg veit unik, i den forstand at Verne Harris si handling greip direkte inn i den politiske kampen om Sør-Afrikas framtid og utfordra den mektige sørafrikanske tryggingstenesta. Den personlege risikoen ved å varsle var openbart stor. Då eg heldt på med manuskriptet til dette innlegget, maila eg Verne Harris og spurte om han vart utsett for represaliar etter det han hadde gjort. Han svara at ikkje vart det, fordi alt gjekk føre seg i hemmelegheit; han vart svært godt beskytta av journalistane og juristane som var involvert. Han fortel at han opplevde forsøk på utfrysing frå kollegaer som mistenkte han for å stå bak, men altså ingen formelle straffetiltak.

Den viktigaste grunnen er likevel at forteljinga problematiserer funksjonen til yrkesetiske retningsliner. Sjølv om slike retningsliner openbart kan ha verdi som generelle rammeverk for profesjonsutøving, er dei ikkje laga for å gi konkrete løysingar på spesielle problem, og langt mindre for ekstreme situasjonar som i dette eksempelet. Denne avgrensinga blir då også slått fast i innleiinga til ICAs etikkreglar.

Fagetikkens begrensingar

Eit anna eksempel som illustrerer begrensingane ved dei fagetiske retningslinene er saka til Brigitte Laîné, som i Frankrike ved tusenårsskiftet. Kort fortalt var bakgrunnen for saka slik:

I februar 1999 gjekk Maurice Papon, som då nettopp var dømt for krigsforbrytelsar under den tyske okkupasjonen, til rettsleg søksmål mot journalisten Jean-Luc Einaudi. Einaudi hadde publisert artiklar som skulda Papon for å ha gitt ordre om å skyte mot ein demonstrasjon for Algeries sjølvstendigheit i Paris i 1961, medan han var politisjef i byen. Som følgje av skytinga vart rundt 200 menneske drepne. Einaudi hadde tidlegare blitt nekta tilgang til arkivmateriale om denne skytinga i kommunearkivet i Paris, men fordi andre har fått tilgang til materialet har han klaga til kulturministeren. Ministeren lova då at dokumenta snart skulle bli gjort tilgjengelege for alle. Ein kollega av Einaudi oppsøkte difor kommunearkivet, og den ansvarlege arkivaren, Philippe Grand, gav han tilgang til arkivlistene – men ikkje til sjølve arkivdokumenta. Listene viste at det aktuelle arkivet inneheldt meir enn hundre personmapper.

Philip Grand og hans kollega Brigitte Laîné vart kalla inn som vitne i rettsaka mellom Papon og Einaudi. Her gjekk Brigitte Laîné god for framstillinga til journalisten, og gav uttrykk for at ho meinte at Paris kommune sitt avslag på forespørselen om tilgang til arkivet var skadeleg og fagleg demoraliserande.

Som ei følgje av vitneprova starta det franske kulturdepartementet og Paris kommune etterforsking av Grand og Laîné, for å avgjere om dei hadde handla i strid med lovverket. Laîné vart også skulda for å ha opptrådd fagleg uforstandig. Ho forsvarte seg med at ho ikkje har avslørt nokon hemmelegheit, men i staden forhindra eit forsøk hemmeleghald av ein brotsverk. Ho hevda at ho handla i samsvar med sitt faglege samvit. Men den franske arkivarforeininga støtta ikkje Laîné. Dei skulda henne for tenesteforsømming og viste til pkt 7 i ICAs arkivetiske reglar: «Arkivarer bør respektere så vel retten til adgang som personvernet, og arbeide innenfor rammene av relevant lovgivning.» I ei pressemelding gjorde dei det klart at det ikkje kan vere ei sak for den enkelte å avgjere om noko kan offentleggjerast. Det franske arkivdirektoratet gav uttrykk for liknande synspunkt.

Dette fekk Eric Ketelaar, som blir rekna som ein av dei fremste internasjonale ekspertane på arkivetikk, til å reagere. I eit innlegg på den franske arkivarforeininga si mailingliste støtta han Laîné. Han skreiv at ho ikkje hadde offentleggjort noko hemmeleg dokument, men berre sitert frå eit rettsleg register som etter fransk lov skulle vere offentleg. Ketelaar viste i denne samanheng til pkt. 8 i ICAs etikkreglar, som seier at «arkivarer bør forvalte den tillit som de er gitt til beste for samfunnet, og ikke utnytte sin stilling til fordel for seg selv eller andre.» Han konkluderte med at ho hadde handla både fagetisk forsvarleg og innanfor ramma av lovverket (Thomassen 1999).

I denne saka ser vi at ICAs etikkreglar brukt til å rettferdiggjere to stikk motsette vurderingar av Brigitte Laînés handlingar. Og som vi har sett, så opplevde Verne Harris at dei etikkreglane han relaterte seg til også gav motstridande råd. Det er difor kanskje ikkje så merkeleg at han i 2007 skreiv dette:

«Før i verda var det ofte at eg konsulterte og siterte relevante fagetiske retningsliner; eg var faktisk ein av dei som utarbeida forslag til retningsliner for den sørafrikanske arkivarforeininga. Men i løpet av det siste tiåret har eg meir og meir unngått slike retningsliner – for å seie det rett ut, (og for å få med nyansane siterer eg vidare på originalspråket) in the hurly-burly of the archive at work, I have found them – and I am choosing my words carefully – to be entirely useless» (Harris 2007b).

Kva er «varsling»?

Dei to eksempela eg har gjennomgått viser at det finst handlingar som ligg utanfor grensene til det landskapet som kan ble definert eller styrt av fagetiske normer og retningsliner; når vi kryssar desse grensene rører vi oss i eit terreng som både er framandt og skremmande fordi vi ofte vil vere der åleine. Varslaren opererer i dette ukjende terrenget.

For det første fordi sjølve begrepet varslar er uklart og flytande. Som ein artikkelforfattar på Wikipedia skriv: «Det finnes ingen entydig definisjon på hva som er varsling, i forhold til det man kan kalle ordinær problemrapportering».

Vidare fordi lovverket om varsling er utydeleg og omstridt. Frå 1. januar 2007 vart det tatt inn nye bestemmelsar om varsling i arbeidsmiljølova. Her blir det slått fast at arbeidstakarar har rett til å varsle om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen. Samtidig blir det sagt at arbeidstakarens framgangsmåte skal vere forsvarleg, men at ho har rett til å varsle i samsvar med «varslingsplikt eller virksomhetens rutiner for varsling». Det er m.a. desse begrensingane i varslingsretten som var grunnlaget for kritikken som er reist mot forarbeida til lovverket, m.a. frå jusprofessor Henning Jakhelln. Kva ligg t.d. i begrepet «forsvarleg» framgangsmåte? Og kva inneber avgrensingane med omsyn til varslingsplikt og verksemdas varslingsrutinar?

Varsling skal i utgangspunktet skje internt i ein organisasjon eller ei verksemd. Varsling skal skje «i linja», til overordna, på linje med anna rapportering. Når eg t.d. les varslingsreglane for Hordaland fylkeskommune, der eg arbeider for tida, ser eg at mine eventuelle varsel skal gå til leiinga i fylkeskommunen. Og det er greitt nok, dersom det dreier seg om ordinær problemrapportering. Men eg oppfattar begrepet varsling som noko meir enn intern problemrapportering. Varsling er det ein grip til når alle andre muligheiter er uaktuelle.
Så vidare i denne artikkelen skal eg konsentrere meg om den eksterne eller offentlege varslinga. Det er denne som kan stille oss overfor fundamentale etiske dilemma. Det er denne som fører oss inn i det ukjende terrenget, der vi står overfor val som vi ikkje har gjort før, som vi kanskje må ta på eiga hand, som kan få store konsekvensar for oss sjølve, for våre næraste, for våre arbeidskollegaer og vår arbeidsgivar. Korleis kan vi takle slike val?

Kva kan eigentleg arkivarane varsle om?

Men la meg først ta ein omveg. Då eg skulle skrive foredraget denne artikkelen byggjer på, hadde eg fått oppgitt denne tittelen: «Arkivaren som varslar. Kan det tenkjast at arkivpersonalet har større kunnskap enn andre?» Dersom spørsmålet i tittelen skal gi meining, må det kontekstualiserast, setjast inn i ein relevant samanheng. Og det er rimeleg å tru at den som formulerte spørsmålet har tenkt på arkivarens kunnskap om kva som skjer i den verksemda der ho jobbar (dersom det er tale om ein forvaltningsarkivar), eller i dei verksemdene ho har tilsyn med (dersom det er tale om ein depotarkivar). Og det kan nok vere rett at ein arkivar kan ha god oversikt over kva som skjer i ei verksemd, men eg trur likevel at denne kunnskapen i dei aller fleste tilfelle er begrensa. For arkivaren si jobb er å ivareta arkivsystemet, ikkje nødvendigvis å kjenne innhaldet i alle dokumenta. Så eg vil stille spørsmålet på ein annan måte: Er det noko ved arkivaranes roller, og då særleg ved dei samfunnsmessige rollene vi har, som aktualiserer spørsmålet om varsling?

Det som er felles for oss arkivarar, og då snakkar og både om forvaltnings- og depotarkivarar, er at vi har sentrale roller i forhold til dei ulike samfunnsfunksjonane til arkivet: Arkivet som grunnlag for innsyn og demokratisk kontroll av makthavarane, som grunnlag for individuell og kollektiv rettstryggleik, som grunnlag for kritisk og kontrollerbar kunnskap om fortida, som grunnlag for kulturell og historisk identitet, osb. Arkivet er ikkje berre ein administrativ ressurs for arkivskaparen; det «store arkivet», summen av dei eksisterande og tilgjengelege arkiva, utgjer ein grunnleggjande samfunnsmessig ressurs. Jacques Derrida har oppsummert dette på denne måten: «Graden av demokrati kan målast etter eit grunnleggande kriterium: Tilgangen til arkivet, til skapinga av det og til eller tolkinga av det» (Derrida 1995:4).

I dette perspektivet blir arkivaranes roller å sikre at alle har tilgang til både skapinga og tolkinga av arkivet. Dette dreier som ei lang rekkje forhold der vi som arkivarar står sentralt, og som eg kunne ha brukt fleire foredrag til å utdjupe. Men la meg nøye meg med tre, som kanskje er særleg aktuelle for forvaltningsarkivaren: spørsmålet om offentlegheit, spørsmålet om partsinnsyn, og spørsmålet om kassasjon kontra bevaring.
Spørsmålet om offentlegheit sto sentralt i eksempelet frå Bergens Tidende, som eg behandla innleiingsvis. I dette konkrete tilfellet vart varsling unødvendig, fordi pressa avdekka lovbrotet. Men kva om pressa ikkje hadde avslørt dette? Ville det ikkje vere ei etisk plikt for arkivarar i Barne- og likestillingsdepartementet å varsle om at dokumenta i saka om tilsetjing av nytt barneombod ikkje var journalført?

Så til spørsmålet om partsinnsyn: Dette er ein rett som vi alle har, men som svært få av oss brukar aktivt. Sjølv om lovverket gir pålegg om at t.d. personopplysningar skal vere fullstendige og relevante for det konkrete saka, og at den personen ei sak gjeld skal varslast om behandling av personopplysningar, så veit vi at ord er ein ting, og handling stundom noko heilt anna. Så kva skal arkivarane gjere i slike tilfelle, når opplysningar om personar blir innhenta eller behandla på ulovleg vis – er det ikkje arkivarens etiske plikt å varsle om slikt?

Så til kassasjon; eksempelet Verne Harris dreia jo seg om ulovleg kassasjon. Vi kjenner til ein del liknande tilfelle her i landet også, men desse gjeld stort sett kassasjonar som har blitt oppdaga i ettertid, når arkiva skulle overførast til depot. Formålet med slike handlingar kan ha vore å skjule spor, men det kan også vere andre årsaker: økonomiske innsparingar, misforstått personvern, eller rein uforstand. Men når slike ulovlege kassasjonar har blitt gjennomført, var det nokon som gjorde jobben. Om ikkje arkivarane sjølv deltok, må dei ha visst om kva som skjedde. Og vil ikkje arkivarar har ei etisk plikt til å varsle om uloveleg kassasjonar?

Som arkivarar har vi blitt plassert mellom barken og veden. Dei av oss som jobbar i offentleg sektor står mellom offentlegheita og arkivet, mellom borgaren og makthavarane. Vi er – på den eine sida – tilsett for å ivareta dei store eller små makthavaranes arkiv. Dette inneber at vi er utsett for eit strukturelt press for å tene forvaltningas interesser og reprodusere eksisterande maktforhold. På den andre sida er både makthavarane og vi underlagt lovbestemmelsar som skal sikre størst muleg transparens og demokratisk kontroll. Vanlegvis går dette greitt i hop, men av og til blir desse omsyna motstridande og vi kjem i press mellom barken og veden.

Når dette skjer, skal vi sjølvsagt i første omgang seie frå internt, i samsvar med lov og regelverket for verksemda. Men kva gjer vi dersom dette ikkje fører fram? Når skal vi blåse i fløyta slik at alle høyrer det?

Det ukjende terrenget

Det er i slike tilfelle, når det interne rapporteringa ikkje fører fram, at vi må ta steget ut i det ukjende terrenget. Eg har aldri vore der personleg. Så difor vender eg meg igjen til Verne Harris, som har vore i dette terrenget og funne ein veg ut. I 1999 oppsummerte han sine erfaringar frå varslinga i 1993 på denne måten:

«Då eg tok avgjerda [om å offentleggjere rundskrivet om ulovleg kassasjon] var eg tvungen til å sjå lenger enn til dei oppfatningane av rett og galt som var fastsett i lova og yrkesetikken. Eg måtte granske mi eiga haldning til kva som var rett og galt, på bakgrunn av mi forståing av menneskerettane, min identifikasjon med bestemte samfunnsverdiar, og ei vurdering av den faren eg utsette meg sjølv og mi familie for. Til slutt, då eg tok avgjerda, var den berre mi eiga. Ei sak mellom meg og mitt samvit. Og det er akkurat her, vil eg hevde, at vi møter oss sjølve etter at alle muligheiter for undersøking, analyse og diskusjon er uttømte. Vi kan ikkje vite kva som er rett utan å stå til rette for vår personlege moral. For kvar og ein av oss har ein rett, og ei plikt, til å vere tru mot oss sjølve» (Harris 2007:211).

Samtidig understrekar Verne at denne retten og plikta til å vere tru mot oss sjølve ikkje kan gjennomførast i eit vakuum. Dersom tar slike avgjerder åleine, kan vil velje feil. For, som han skriv: «Ingen av oss er upartiske. Vi kan korkje stå utanfor prosessane eller la vere å ta med oss inn i prosessane oppfatningar som byggjer på våre eigne personlege erfaringar. Det meste vi kan gjere er å sikre at vanskelege avgjerder blir tatt på ein forsvarleg måte» (op.cit.).

Han foreslår difor at vi må gjennomføre ein prosess i fire steg. I alle slike saker vil det finnast ei rekkje involverte partar som har mostridande interesser og formelle rettar, og det første steget handlar om å få oversyn over desse. Når vi har skaffa oss eit slikt oversyn, kan vi gå vidare til steg nummer to, som dreier seg om å vege desse motstridane interessene mot kvarandre. Vi må altså gjere ein analyse av dei lovbestemte, etiske, moralske og politiske krava og omsyna vi er stilt overfor. Det tredje steget inneber å teste våre synspunkt og kjensler hos vennar og kollegaer. Men til sist må lytte til vårt eige samvit.

Verne Harris meiner at alle fire stega i denne prosessen er nødvendige: Dersom vi stoppar etter dei tre første og byggjer avgjerda på analyse og fornuft åleine, betyr dette at vi ignorerer samvitet og fornektar vi vår menneskelegdom. Men dersom vi lar samvitet åleine bestemme, utan å gå igjennom dei tre første stega, så forsømmer vi å vere etterprøvelege og risikerer å tillegge oss sjølve guddommeleg makt.

Representerer så desse fire stega ei oppskrift, eit alternativ til ICAs etikkreglar? Eg trur neppe at Verne Harris har meint det slik. Poenget hans er vel heller å vise at vi – som arkivarar og medmenneske – må stå ansvarleg både overfor samfunnet og vårt eige samvit når vi blir tvungne til å ta avgjerder i ekstreme situasjonar. Og då kan hans framgangsmåte hjelpe oss til å gjennomføre ein prosess som tar vare på begge desse omsyna.

Litteratur

Derrida, J (1995): Archive Fever. Univeristy of Chicago Press.
Harris, V (2007): Archives and Justice. Society of American Archivists.
Harris, V (2007b): Ethics and The Archive: «An Incessant Movement of Recontextualisation.» Foredrag ved University of Wisconsin, Milwaukee. Upublisert manuscript.
Thomassen, T (1999): Archivists between Knowledge and Power. Foredrag ved konferanse I Tampere. Lokalisert på Internett 12.02.2007 på http://www.archiefschool.nl/docs/thomarch.pdf

One Response to “Etikk, varsling og arkivarens rolle”


  1. […] i større grad ha varslet, men tier i en slags lojalitet? (Bloggen Depotdrengen skriver om “Etikk, varsling og arkivarens rolle“  for de som vil vite mer om […]


Kommenter innlegget