Home

I grenselandet mellom offentleg og privat arkivskaping

            I

Dersom vi skal sjå på hendingar dei siste åra som har sett tydelege spor i det norske samfunnet, kjem vi neppe utanom den som vart kjent som «asylkrisa» hausten 2015. Mest synleg var den i Finnmark, der det i løpet av ca. tre månader etter midten av august kom 5.327 asylsøkjarar over grensestasjonen på Storskog. Til samanlikning hadde det berre kome 112 tidlegare dette året. Eg skal ikkje gå inn på dei samfunnsmessige følgjene av denne «krisa», anna enn å konstatere at vi har fått eit strengare lov- og regelverk – og ein statsråd – som har gjort det mykje vanskelegare å få opphald i Noreg for ein flyktning, og at vilkåra for den offentlege samtalen om desse spørsmåla har blitt endra. Eg skal avgrense meg til å stille nokre spørsmål ved korleis hendingane kan ha blitt dokumentert og korleis denne dokumentasjonen kan eller bør bli bevart.

Og det er her syklane kjem inn. Fordi russisk lovgiving ikkje tillet grensepassering til fots, kom dei aller fleste asylsøkjarane på sykkel, gjennom det audslege landskapet mellom Nikkel og grensa, og bilete av syklande og trillande menneske på veg mot eit anna liv har festa seg, som eit symbol på hendingane denne merkelege hausten. Og etter at grensa var passert, og ein ikkje lenger hadde bruk for dei eller høve til å ta dei med seg, vart syklane sett igjen ved grensestasjonen. Og på grunn av norsk regelverk om korleis syklar skal vere utstyrt, med bremser både framme og bak, måtte dei aller, aller fleste av desse syklane destruerast – i følgje politifolk som vart intervjua i media minst 80% . Den 13. november –  eit par veker før grensa i praksis vart stengt – melder NRK at 42 tonn, ca. 3.500 syklar, hadde blitt sendt til gjenvinning. Og så – etter at vi hadde feira jul og nyttår og det var blitt 2016 –, har regjeringa bestemt seg for å sende asylsøkjarane tilbake den vegen dei kom, på sykkel, og Politidirektoratet må be politidistrikta om å samle inn hittesyklar og sende dei til Storskog. (No vart det ikkje noko av dette, men det er ei anna historie).

Mine spørsmål er 1) om desse syklane har sett arkivale spor (i kva grad, og korleis, dokumenterte politiet – som offentleg aktør – og renovasjonsselskapet – som privat aktør – handteringa av syklane, dvs. innsamling, overlevering og destruksjon), og 2) om i det minste den offentlege dokumentasjonen av dette vil bli bevart (eg reknar med at destruksjon av etterletne syklar er ein type transaksjonar som vanlegvis ikkje vert tillagt bevaringsverdi, men som i dette spesielle tilfellet dokumenterer eit verkeleg unikt fenomen – har Arkivverket prosedyrar som kan sikre bevaring av normalt kassabel dokumentasjon i slike spesielle situasjonar?).

Viktigare enn syklane er sjølvsagt menneska. Dei 5327 som kom over Storskog, vart saman med dei rundt 17000 andre asylsøkjarane som kom til Noreg desse haustmånadene 2015, registrert av politiet og tatt hand om av UDI for helsekontroll, innkvartering og etter kvart saksbehandling av asylsøknadene. Og her vart innkvarteringa eit problem; UDI måtte få på plass avtalar med private aktørar som kunne huse og fø flyktningane, og nokre av desse aktørane var kanskje meir opptekne av botnlina enn av menneska – i alle fall dukka omgrepet «mottaksbaron» opp på denne tida. Og mens eg reknar med at politiet, UDI og andre offentlege aktørar har dokumentert sine handlingar på ein tilfredsstillande måte, spør eg meg om det vart skapt og bevart dokumentasjon i mottaka, både dei mellombelse transittmottaka og i dei permanente.

Eg kjenner meg ikkje trygg på det; UDI har ein omfattande regelverksportefølje for asylmottak, men det einaste eg finn om arkiv er tre punkt i dokumentet Krav til databehandling og taushetsplikt i statlige mottak, som også gjeld for private mottak som blir drivne på oppdrag frå UDI, der det heiter at mottaka skal

i) sørge for at journalføring/registrering av dokumenter som inneholder personopplysninger blir anonymisert, slik at de ikke kan koples til en enkelt person
j) sørge for at dokumenter som inneholder personopplysninger vedrørende tidligere beboere ikke oppbevares, med unntak av personopplysninger som fremkommer i regnskapsdokumenter, dersom driftsoperatør omfattes av regnskapsloven, jfr § 1: alle papirdokumenter som ikke skal oversendes UDI makuleres
k) ha rutiner for regelmessig gjennomgang av elektroniske registre, og slette informasjon om tidligere beboere (UDI 2008)

Eg skal ikkje kommentere innhaldet i desse punkta; eg veit for lite om bakgrunnen til å kome med fagleg grunngjevne synspunkt, men det ser ut som om UDI har lagt opp til at alle persondokumentasjon skal bevarast sentralt og det kan vere fornuftig. Uansett, det synest klart er at ingen dokumentasjon som inneheld personopplysningar blir bevart i dei enkelte mottaka.

Er dette eigentleg så viktig? Vil ikkje UDI sine arkiv innehalde ein tilstrekkeleg samfunnsmessig dokumentasjon av dette? Neppe. UDIs innhenting og saksbehandling av opplysningar om den enkelte søkjar, med konklusjonen du kan bli/du må dra, dokumenterer ikkje syklane på Storskog, og heller ikkje samfunnsengasjementet kring denne saka. Organisasjonar som Refugees Welcome to the Arctic (eller Norway, Østfold, etc, osb) målbar mykje av kritikken mot regjeringas handtering av flyktningkrisa, særleg via Facebook, ein arena der også motstandarar av innvandring markerte seg. Denne dokumentasjonen finst framleis, men kor lenge vil forretningsverksemda Facebook ta kostnadene ved å bevare slike profilar – fem år, ti år, 20 år? Er dette samfunnsmessig dokumentasjon som det er verd å bevare, og kven tar i så fall ansvar for at den blir bevart?

Og for ikkje å gløyme hovudaktørane i dette dramaet, flyktningane, er det nokon som samlar og bevarer deira eigne historier om kvifor dei kom, og korleis dei opplevde å kome hit? Kva med dei unge afghanske gutane som no  har rømt frå mottaka fordi dei fryktar å bli sende tilbake – skal vi bry oss med deira historier?

            II

Arkiv blir som oftast skapt som følgje av samhandling mellom aktørar i eit samfunn. Vi kan grovt skilje mellom fire typar aktørar: enkeltmenneske, organisasjonar, private forretningsdrivande verksemder og offentlege organ, som samhandlar innbyrdes i ulike samanhengar og på ulike måtar. Aktørane kan dokumentere samhandlinga i arkiv, men i mange samanhengar er det slik at den eine parten er pålagt arkivplikt; dette gjeld t.d. når vi som enkeltmenneske er kundar, tilsette, skatteytarar, eller pasientar, då veit vi at den andre parten dokumenterer samhandlinga med heimel i rekneskapslova, personopplysningslova, arkivlova, eller helseregisterlova. Men vi veit også – i alle fall vi som er til stades på denne konferansen – at slike arkiv ikkje nødvendigvis blir bevart for ettertida. Arkiv-Noreg er slik innretta at det i utgangspunktet berre er offentlege arkiv som skal bevarast for den sekulære evigheita; for at private arkiv skal kunne bevarast må 1) nokon ta initiativ til bevaring, og 2) ha tilgang til ein institusjonell infrastruktur som har faglege og økonomiske ressursar til å ta i mot, ordne og beskrive, og bevare arkivet for nettopp den sekulære evigheita.

Og her er det at akkumulasjonens økonomi slår inn:

… the limitation of the archive – the fact that the power, and often the social and political power of the archive, which consists in selecting the traces in memory, in marginalising, censoring, destroying, such and such traces through precisely a selection, a filter, and which, of course, is made possible by, let’s say, the finitude, the limitation, let’s say of human power, of space, the place where to accumulate the archive and so on. And we have a number of such problems today of the economy of accumulation (Derrida 2002, s. 44)

Det er her ideelle, t.d. eit ønske om å bevare all relevant dokumentasjon om flyktningkrisa i 2015, møter det moglege, som er gitt av ressursane i arkivinstitusjonane, og som i praksis fører til at det som blir bevart truleg er arkiv frå politiet, UDI, og dei kommunane der transitt- og permanente mottak vart lokalisert, etter føreskriven B/K-behandling. Og som Derrida-sitatet peiker på, inneber dette at nokre aktørar uunngåeleg blir marginalisert; det er det offentlege blikket, den offentlege relevansforståinga, som avgjer kva som i første omgang blir nedteikna og arkivert og seinare kva som blir bevart.

«Erfarenheten säger också att det är i tystnaderna, särskilt de kollektiva, som de interessanta berättelsarna står att finna», skriv den svenske forfattaren Ola Larsmo (2007, s. 11), med utgangspunkt i hendingar som viser svenske haldningar til jødiske flyktningar før og under 2. verdskrigen. Den hendinga eg skal nemne, har bakgrunn i eit vedtak i den svenske regjeringa i 1939 om å ta i mot ei gruppe jødiske legar, noko som møtte sterk motstand blant svenske intellektuelle. Motstanden kulminerte med eit møte i studentsamfunnet i Uppsala, der motstandarane av «judeimport» vinn fleirtalet av dei 1500 frammøtte. Mange av desse vert seinare «landshövdingar, chefsredaktörer, riksdagsmän och professorer», og nokre av desse nemner i følgje Larsmo dette møtet i sine memoarar: «många tycks ha varit där, ingen ville någon något illa. Om någon känsla dominerer skildringarna så är det en sorts tankespridd sorg over flydda ungdomsdagars oskuld. Vi visste ju ingenting».

På universitetsbiblioteket i Uppsala finn Larsmo ein «stor foliant med blå rygg», som inneheld omfattande dokumentasjon av både møtet og førebuingane til det. «Någon har på ett mycket tidigt stadium bestämt sig för detta inte skal glömmast bort», og desse «någon» er truleg leiarane i studentsamfunnet som «i nederlagets stund» har samla dokumentasjonen og sørga for at den vart bevart (ibid, s. 11-12). Og difor kunne Larsmo 65 år seinare bryte den kollektive tystnaden og fortelje denne historia, om lag på same måte som dei bevarte arkiva gjorde det mogleg for Bjørn Westlie å skrive den fortrengde historia om NSBs bruk av russiske slavearbeidarar under bygginga av Nordlandsbanen under okkupasjonen.

Og i dagens «postfaktasamfunn» er dette viktigare enn nokosinne tidlegare, ikkje berre på grunn av moglege «kollektive tystnader», men også på grunn av moglege kollektive løgner. Kampen om historia har flytta seg til ein ny arena, der tilsynelatande truverdig dokumentasjon kan hentast opp ved eit Google-søk, bli referert og formidla vidare. Og i denne samanhengen er arkiva viktige, fordi dei inneheld dokumentasjon som er autentisk, nedteikna av aktørar som opplevde eller gjennomlevde hendingar og dermed framstår som tidsvitne til noko som verkeleg skjedde. Slike tidsvitne er ikkje nødvendigvis sanningsvitne; dei fortel sjeldan den fulle og heile sanninga, og av og til lyg dei, men når arkiv er bevart og dokumenta finst i sin opphavlege kontekst, kan informasjonen etterprøvast og samanhaldast med annan dokumentasjon, frå andre arkiv og andre kjelder, slik at ein kan kome fram til noko som kan nærme seg sanninga om ei hending.

Korleis kan arkivinstitusjonane bidra til dette? For det første, med å bevare ein arkivbestand som kan innehalde forskjellige aktørar sine versjonar, for ulike, og kanskje til dels ukjende, bruksmåtar i framtida. «We still don’t know if we want a representative record, a comprehensive record, or a consciously shaped record» skreiv David Bearman i 1994. Hans ærend var å kritiske den metodiske tilnærminga til «appraisal», altså bevaringsvurdering, blant arkivarar i USA. Når eg refererer han her, og gjer hans ord til mine, er det med tanke på den «samla samfunnsdokumentasjonen» som arkivinstitusjonane i dag i følgje offisiell statleg politikk skal samarbeide om å skape.

Kva skal denne samfunnsdokumentasjonen innehalde? Korleis skal t.d. balansen vere mellom offentlege og private arkiv? Samdok har laga ei utredning om dette, eit fagleg solid og gjennomarbeida dokument, som eg går ut frå at forsamlinga kjenner til, og har lese. Eg siterer frå kapitlet om Anbefalinger, som blir avslutta slik:

Utfordringene som er beskrevet i rapporten viser at privatarkiv og arkivfeltet må løftes fram som et felt det må satses på, slik at samfunnet får en mer helhetlig og mangfoldig samfunnsdokumentasjon. Arkivinstitusjoner er viktige samfunnsinstitusjoner som bestemmer hvilket kildemateriale framtida vil få. Arkivinstitusjoner kan oppfylle demokratiske rettigheter om dokumentasjon og innsyn, de kan bidra til samfunns- og identitetsforståelse, og de kan tilføre en dimensjon til vanlige folks liv ved å øke deres mulighet for utforskning av og forståelse for fortida (Samdok 2014, s. 99).

Etter dette kjem ei liste med tiltak, i 11 hovudpunkt, som tar for seg lovrelaterte, politiske, organisatoriske, økonomiske og faglege forhold. Eg skal nemne pkt 6, for foreslår at «(f)elles metodikk for bestandsanalyse, samfunnsanalyse og bevaringsplaner tas i bruk fylkesvis og for enkelte sektorer i samspill med regionale institusjoner» (ibid, s. 102). Og her er vi ved kjernepunktet, nemleg å etablere ein tydeleg metodikk som skal gi fagleg grunngjevne vurderingar av kva som bør høyre til det som vel må vere ein «consciously shaped record». Sjølvsagt vil desse vurderingane støyte på akkumulasjonens økonomi, og sjølvsagt vil bevaringsverdige arkiv måtte gå tapt, men dette må skje i opne prosessar der offentlegheita har innsyn og dei som tar avgjerder må stå ansvarleg for og forsvare sine val. Denne konstruksjonen av samfunnsminne, som omfattar offentlege arkiv som har overlevd B/K, og private arkiv ein har funne bevaringsverdige, og fått pengar til å bevare, er ei sak som er for alvorleg til at den kan handterast av arkivarane åleine. Både dei fagleg-metodiske prinsippa som ligg til grunn, og dei konkrete grunngjevingane som blir gitt for eller mot bevaring, må vere opne og tilgjengelege for den som vil sjå dei. Det er kanskje ikkje så mange, men omfattar m.a. slike som meg, som ikkje berre er arkivlærarar, men også arkivforskarar, som frå ein uavhengig posisjon skal sjå kritisk på det som skjer i arkivinstitusjonane.

            III

Dette kritiske blikket skal eg no kjapt vende vestover, til det landet som har fått ny president, og der arkivarane diskuterer kva dei no skal gjere. To innlegg, henta frå Twitter, kan illustrere det som etter tusenårsskiftet har vakse fram som eit fagleg skilje, særleg internasjonalt, og som Rachel Mattson uttrykkjer i sin tweet: skal vi arkivere «signs from marches», eller jobbe med «transparency and accountabiblity»?

https://twitter.com/Whahappenedhere/status/823828626831450112

No vil nok dei fleste svare «begge delar»; dette er ikkje eit spørsmål om anten-eller, men om uunngåelege prioriteringar i ein travel kvardag: Skal vi leggje hovudvekta på arkiva sine primære funksjonar, som forvaltningsdokumentasjon og grunnlag for demokratisk innsyn og kontroll, eller dei sekundære, historiske funksjonane?

Dei fleste arkivinstitusjonar har i dag oppgåver i høve til «sine» forvaltningsorgan si arkivskaping, som tilsynsførar eller som rettleiar. Dette er ikkje tema for mitt foredrag; eg nemner berre at oppgåva med å bidra til god arkivdanning hos arkivskaparane er eit vilkår for at arkivinstitusjonane kan gjennomføre det som er deira primæroppgåve, å bevare og gjere tilgjengeleg arkiv for den sekulære evigheita.

Ein del av dette arbeidet inneber å ta kontroll over eit grenseland mellom offentlege og private arkiv framstår i dag som eit terra inkognita – eit herrelaust land som korkje er kartlagt eller lovregulert. Dette gjeld arkiv som blir skapt i private verksemder som utfører offentlege oppgåver, på vegne av og etter avtale med offentlege organ. Dette spørsmålet vart  som kjent drøfta i arkivmeldinga, som viste til ei undersøking som vart gjennomført av Riksrevisjonen under utarbeidinga av rapporten om bevaring og tilgjengeleggjering av kommunale arkiv. Her gjekk det fram at av 150 kommunar som hadde konkurranseutsett tenester, hadde om lag 80% «i liten eller svært liten grad» stilt krav om at dei private aktørane skulle følgje regelverket for offentlege arkiv. Departementet meinte at dette var «urovekkjande, fordi verken oppdragsgivaren, overordna kontrollorgan eller brukarane av tenestene vil få tilgang til dokumentasjon på arbeidet frå den private tenesteytaren … [som] kan gjelde … helse, sosialomsorg og utdanning» (Arkivmeldinga, s. 84). Departementet varsla difor at det i samband med revisjon av arkivlova ville leggje fram «endringar som gjer at verksemder som utfører oppgåver på vegner av det offentlege, skal ha pålegg om å følgje regelverket for offentlege arkiv» (ibid).

Dette spørsmålet var ikkje nytt; det har vore tema i mange arkiv faglege samanhengar det siste tiåret. Mange hadde nok forventa at departementet ville ta med ein bestemmelse om dette i framlegget til ny arkivforskrift, noko som ikkje skjedde. Ein grunn til dette er kanskje at dagens arkivlov kanskje ikkje gir heimel for eit generelt påbod om arkivplikt for private som utfører offentlege oppgåver.

Eit anna spørsmål, som ikkje blir nemnt i Arkivmeldinga, gjeld det kvalitetsmessige innhaldet i dei arkiva som blir skapt hos private aktørar: kor godt, kor omfattande dokumenterer dei dei hendingane, handlingane eller transaksjonane dei skal dokumentere? Private aktørar innanfor helse- og omsorgssektoren er neppe noko problem her; helsepersonell kjenner til og praktiserer regelverket i pasientjournalforskrifta. I denne sektoren vil bevaringa av arkiva vere hovudutfordringa.

I andre sektorarar kan arkivinnhaldet vere ei like stor utfordring. I offentleg verksemd er regelverket i forvaltningslova rimeleg godt kjend, og innarbeida i saksbehandlingspraksis: relevante opplysningar blir samla inn og nedteikna i arkivet. Det er ikkje gitt at private aktørar kjenner til og følgjer nedteikningsplikta, og dette er kanskje vel så viktig som at dei følgjer arkivforskrifta. Det er nødvendig å få på plass eit arkivregime som både omfattar nedteikning, systematisering og bevaring, og kan sikre at det både blir skapt og bevart relevant og påliteleg dokumentasjon for dei som i dag t.d. er elevar eller klientar i private skolar eller institusjonar.

Dei offentlege arkivinstitusjonane i vår kulturkrins vart oppretta for bevare forvaltingas arkiv for forvaltningas eigne formål. I løpet av dei siste par hundre åra har formålet blitt endra; i dag vender arkivinstitusjonane seg mot eit breitt publikum og har utvikla ei rekkje nye publikumstenester og -tilbod. Men dei bevarer framleis i all hovudsak arkiv frå sine forvaltningsorgan, fordi arkivlova med sine definisjonar av arkiv fungerer som eit effektivt hinder for bevaringa av ein samla samfunnsdokumentasjon.

Arkivinstitusjonane sin evne – eg trur ikkje det står på vilja – til å dokumentere heile samfunnet si utvikling kan bli ein føresetnad dersom vi skal kunne bidra til å stogge utviklinga mot eit postfaktasamfunn. Arkivinstitusjonane må vise at dei først og fremst er til for dei menneska som lever i dagens samfunn, det vere seg elevar og klientar med rett til å få sine tilhøve dokumentert på skikkeleg vis, deltakarar i organisasjonar og foreiningar som ønskjer at den verksemda dei har drive ikkje skal bli gløymd men få ein plass i arkivet, og sjølvsagt dei som vil ha tilgang til aktuell eller historisk arkivdokumentasjon for ulike formål.

Arkivinstitusjonane må vise at dei tar ansvar for heile samfunnets arkiv, slik at våre etterkomarar kan ha tilgang til dokumentasjon om t.d. det som hende hausten 2015, om asylsøkjarane som kom, korleis dei vart mottatt, samfunnsengasjementet for og mot, og om syklane på Storskog. Den viktigaste føresetnaden for at dette kan skje, er ein statleg arkivpolitikk som endrar vilkåra for akkumulasjons økonomi og set arkivinstitusjonane i stand til å gjennomføre sine samfunnsoppdrag på ein god måte.

Referansar

Bearman, D (1994). Archival Strategies, American Archivist vol. 58, Society of American Archivists, Chicago

Derrida, J (2002). Archive Fever in South Africa. I Hamilton, Harris, Taylor,  Pickover, Reid og Saleh (red): Refiguring the Archive. Kluwer Academic Publishers

Kulturdepartementet (2012). Meld. St. 7 (2012-2013) Arkiv, Oslo

Larsmo, O (2007). Djävulsonaten. Ut det svenska hatets historia. Stockholm: Albert Bonniers Förlag

Samdok (2014). En helhetlig samfunnshukommelse, Riksarkivaren, Oslo

UDI (2008). Krav til databehandling og taushetsplikt i statlige mottak. Lese 30.01.2017 på https://www.udiregelverk.no/no/re