Home

Leve statsarkiva!

mars 2, 2016

Pressemeldinga frå kulturministeren om omorganiseringa av Arkivverket (https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/arkivverket-blir-styrkt-og-vidareutvikla/id2477544/) var om lag som forventa. Den uttrykkjer regjeringa si støtte til omorganiseringa; sjølvsagt, noko anna hadde mildt sagt vore oppsiktsvekkjande (og i praksis uttrykk for mistillit til riksarkivaren). Ministeren seier at Arkivverket må strammast opp organisatorisk og få på plass klarare styringsliner for å takle dei digitale utfordringane. Og for min del er dette greitt, og det ikkje berre med tanke på dei digitale oppgåvene. Arkivverket har ikkje alltid vore gode på samhandling; eit døme på dette er statsarkiva sitt arbeid med å etablere interkommunale arkivordningar. Det tok 30 år frå det første IKAet vart etablert i Rogaland til dei (førebels?) siste kom på plass i Hedmark/Oppland og Follo.

Og det mest interessante i pressemeldinga er det som blir sagt om statsarkiva si framtid. Omorganiseringa «… inneber ei styrking av statsarkiva, og ikkje ei nedlegging slik nokre har hevda. Det har aldri vore foreslått», seier kulturministeren.

Vel, eg kan lese, og i strategidokumentet AV2020 går det klart fram at det regionale leiarenivået skulle fjernast i den nye organisasjonsstrukturen. Samstundes skulle tradisjonelle statsarkivoppgåver som tilsyn hos arkivskaparane og regionalt privatarkivarbeid sentraliserast. Omgrepa «statsarkiv» og «statsarkivar» er ikkje nemnt i strategidokumentet.

Difor er det svært interessant at pressemeldinga seier at «[s]tatsarkiva og statsarkivarane skal behalde breidde, namn og funksjonar. Statsarkiva skal i tillegg bli spesialisert ved å få overført nasjonale oppgåver frå Riksarkivet».

Men desse setningane kan lesast på fleire måtar.

Ei lesing er at riksarkivaren her får ein aldri så liten oppstrammar, og eit presisert mandat for omorganiseringa: Statsarkiva skal halde fram med sine tradisjonelle oppgåver («breidde» og «funksjonar»), og at statsarkivarane framleis skal vere leiarar for statsarkiva (noko som faktisk er hovudfunksjonen til ein ein statsarkivar).

Men anna lesing er også nærliggjande: omgrepa «breidde» og «funksjonar» er upresise; det blir t.d. ikkje sagt i klartekst at statsarkiva og statsarkivarane skal behalde alle sine noverande funksjonar. I så fall er desse setningane lite meir enn eit typisk politisk knep for å roe ned kritikarane og gi forvaltninga arbeidsro.

Min hovudkritikk av AV2020 har vore at statsarkiva trengst som regionale aktørar med eit visst handlingsrom. Det er berre ei regional forankring som kan gi arkivarane den gode lokalkunnskapen som er nødvendig for t.d. å føre gode tilsyn i den komande kommunereforma, bevare representative privatarkiv, osb.

Pressemeldinga frå kulturministeren gir ikkje noko klart svar om statsarkiva si framtid. Det betyr at kampen for statsarkiva må halde fram. Dei leve!

Kommenter innlegget