Okkupasjonshistoria og arkiva
desember 31, 2008
Filmen om Max Manus og bøkene om Jens Chr. Hauge Gunnar Sønsteby har utløyst nok ein debatt om norsk krigshistorieskriving. Debatten er nødvendig, det er ingen tvil om det. Norsk okkupasjonshistorie har blitt skrive i svart og kvitt, som historikaren Tore Pryser uttrykte det i Klassekampen 23. desember: Anten som svartmaling av dei som gjekk inn i NS, eller som glorifisering av heltane i Milorg og Kompani Linge. Andre historier har i stor grad blitt neglisjert: det økonomiske samarbeidet med okkupasjonsmakta, kommunistane sin motstandskamp, dei russiske krigsfangane sin situasjon, den norske krigsinnsatsen på tysk side på Austfronten, den norske deltakinga i holocaust, osb, osv.
Hovudårsaka til dette er at historieskrivinga har vore dominert av eit fagmiljø med nær tilknyting til Milorg-leiinga og Forsvaret. Dette har langt på veg bestemt formål og fokus for okkupasjonshistoria: å skrive ei nasjonsbyggjande historie som framheva innsatsen til dei som kom i maktposisjonar etter frigjeringa. Dessutan har dette miljøet, som historikaren Lars Borgersrud viser i ein større artikkel i Klassekampen 30.12., hatt eksklusiv tilgang til ressursar og kjelder: «Både FKA [Forsvarets krigshistoriske avdeling] og Hjemmefrontmuseet ble organisert rundt arkivmateriale etter krigen som de fikk overlevert av E-staben. Det var kilder som var hemmeligholdt i svært mange år og som først i de senere år delvis har blitt gjort tilgjengelig for andre forskere. Denne eksklusive kildetilgangen, bruken av hemmeligstempling og ressurstilgang uten om det sivile samfunnets kanaler og innsyn har utvilsomt vært bestemmende for debatten om krigen. [—] Fortsatt har Norges Hjemmefrontmuseum beholdt viktige arkiver som Riksarkivaren rett og slett er påtvunget å avfinne seg med. Det er en klar linje fra den gang avtroppende forsvarsminister Jens Chr. Hauge tok med seg sine embetsdokumenter hjem, fordi han mente de kunne komme i feil hender – og han beholdt dem til han delte dem ut til sin utvalgte biograf -, til Norges Hjemmefrontsmuseum og IFS, som om arkivlov, offentlighetslov, forvaltningslov og Riksarkiv ikke eksisterte.»
Borgersrud har openbart eit poeng; den som har makt over arkiva har også makt over historieskrivinga. Denne maktutøvinga er særleg tydeleg når arkiva berre blir gjort tilgjengelege for handplukka forskarar. Men den er også til stades i praktiseringa av kravet om forskarkompetanse for å få tilgang til opplysningar som er unntatt offentlegheit med heimel i lov; det synest openbart at dei same kreftene som har dominert okkupasjonshistoria også har påverka Riksarkivets tilgangspolitikk (sjå Bjørn Westlie og Lars Borgersrud i heftet «Arkiv, demokrati rettferd» (http://www.abm-utvikling.no/publisert/abm-skrift/arkiv_demokrati.pdf).
Samtidig er det viktig å vere klar over at dei fleste kjeldene til okkupasjonshistoria ikkje lenger er, og delvis aldri har vore, unntatt offentlegheit. Kjelder til historia om den daglege tilpassinga og praktiske samarbeidet med okkupasjonsmakta finst m.a. i dei kommunale arkiva landet rundt. Då eg skreiv hovudoppgåve i historie om det politiske og økonomiske samarbeidet med okkupasjonsmakta i Bergen i 1940, brukte eg berre opne kjelder, hovudsakleg frå kommunale arkiv. Desse arkiva dokumenterte at leiinga i Bergen kommune sitt hovudmål heilt frå 10. april – mens det framleis sto norske styrkar nokre få mil frå byen – var å «halde hjula i gang» og tilpasse seg dei nye makthavarane. Det same skjedde elles i landet, men samarbeidet og tilpassinga har vore eit av dei forsømte emna i okkupasjonshistoria fordi den ikkje passa inn i det offisielle historieforteljinga.
Kjeldene til ei meir kritisk og nyansert okkupasjonshistorie finst, i statsarkiv, byarkiv og interkommunale arkiv landet rundt. Dei finst i lensmanns- og politiarkiva, i domstolsarkiva, og ikkje minst i dei kommunale arkiva etter formannskap, rådmenn, tekniske etatar, skolevesen, forsyningsnemnder og likningskontora. Spørsmålet er om arkivinstitusjonane vil gjere noko aktivt for å formidle at denne dokumentasjonen finst og leggje den til rette for bruk, og dermed bidra til nyskriving av okkupasjonshistoria.
januar 6, 2009 at 01:43
Den som har makt over arkivene har makt over historieskrivingen… En god grunn for oss arkivarer å ta inn over oss hvilket ansvar vi sitter med – og til at Norsk Arkivråd har yrkesetikk som en del av grunnopplæringa for arkivarer. ICAs yrkesetiske regler er i hvert fall et skritt på riktig vei, selv om det merkes at de er et kompromiss mellom ulike land/kulturers holdninger til hvem som har «rett til» arkivene. Jeg er særlig glad i punkt 6:
Arkivarer bør søke å fremme størst mulig tilgjengelighet til alt arkivmateriale og yte upartisk hjelp til alle brukere.
Som eksempel kan nevnes det at Nord-Norge sloss til juni 1940 var noe det ikke sto om i de historiebøkene jeg fikk på skolen på 1970-tallet.
mars 2, 2009 at 13:49
Den som vinn, tek seg oftast og retten til å skrive historia. Andre skildringar enn den «rette» fyrstehandsskildringa får dermed ikkje plass i historien. Eg trur at alle har ein historie å fortelje, men ikkje nødvendigvis den rette i nasjonens auger.
desember 9, 2010 at 16:45
[…] Mer hos: Depotdrengen: Okkupasjonshistoria og arkiva. […]